Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette gjev verkeleg energi til å gå i gang med planlegginga av neste års festival, seier festivalsjef Roald Kaldestad i ei pressemelding.

Falturiltu er også svært nøgde med, for første gong, å ha gjennomført arrangement i heile ti kommunar, alle dei sju sunnhordlandskommunane, pluss Austevoll, Os og Haugesund.

Bokbada av elevar

– Av høgdepunkt vil me trekka fram bokbada på barne-, og ungdomsskulane, og kanskje spesielt intervjuet med Frode Grytten på Stord vidaregåande, med musikalske innslag frå musikklina, var magisk, seier Kaldestad.

Utstillinga i Stord kulturhus var i år med rundt 130 originalbilete frå superstjerne-illustratør Gry Moursund, og opplesingar ved Frode Grytten, Hans Sande og Helga Gunerius Eriksen.

Festivalforfattar sjarmerte

– Elles var dokketeateret om Himmelspringaren både morosamt og vakker, og klassikartimen på Høgskulen på Vestlandet på Stord, der Marit Kaldhol og Wenche Øyen diskuterte bildeboka Farvel, Rune saman med festivalforfattar Kari Stai.

– Stai hadde oppdrag i alle sunnhordlandskommunane, og ho sjarmerte alle med sin lune og fine formidlingsstil. For dei litt eldre blei nok meistermøtet mellom Come Shine, Jan Erik Vold og Einar Økland eit minne for livet, avsluttar festivalsjef Roald Kaldestad.

Festivalforfattar Kari Stai i kunsthallen på Stord kulturhus. Foto: Vindblikk