Det blir digital Bygdepride i Ørsta og Volda

Abid Raja skal halda tale under verdas første digitale Bygdepride 7. - 9. mai i år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bygdepridehar fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt, men på grunn av koronakrisa kan heller ikkje dette arrangerast som normalt i år. No blir arrangementet digitalt.

Den digitale feiringa går føre seg torsdag 7. mai og laurdag 9. mai. På torsdagen blir det minikonsert og helsing frå soknepresten i Ørsta.

Laurdagen blir det appellar frå blant andre ordførarane i Ørsta og Volda og kulturminister Abid Raja.

Anbjørn Steinholm Frislid, leiar i styret for Bygdepride Ørsta/Volda. Foto: Ørsta/Volda Pride

Aksepterande på bygda

Anbjørn Steinholm Frislid, leiar i styret for Bygdepride Ørsta/Volda skriv i ei pressemelding at bygdepride vart skipa for å fremje skeive sine rettigheiter på bygda.

– Vi ville vise at bygdene våre er tolerante og aksepterande. Dette er viktig, ikkje berre for skeive, men for alle som kjenner seg litt annleis. Ørsta/ Volda, Søre Sunnmøre og Nordfjord, skal vere samfunn der det er heilt greitt å vere den du er.

Kyrkja er med

Eitt av hovudarrangementa som skulle ha vore under Bygdepride i år, var regnbogemessa i Ørsta kyrkje.

– Difor er vi veldig glade for at sokneprest Arne Moltubak tek del. At kyrkja viser eit ekte engasjement, har veldig mykje å seie for skeive i samfunnet vårt, seier Frislid.

I 2019 vart Taiwan den første regionen i Asia som opna for likekjønna ekteskap. Til no har 30 av verdas land og regionar opna for at personar kan gifte seg med ein person av same kjønn. Foto: AP Photo/Wally Santana, File