Verdas første muslimske Pride blir arrangert i London
Verdas første muslimske Pride går av stabelen i London 11. april – 20 år etter at arrangør-organisasjonen vart starta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hausten 2019 vart det kjend at organisasjonen Imaan ville samle inn pengar for å arrangera verdas første muslimske Pride-feiring i London.
No er datoen sett og frå 26. februar har det vore mogleg å kjøpe billettar.
Imaan Fest vil bli halden laurdag 11. april – litt over 20 år etter organisasjonen vart starta i november 1999.
???? SHARE SHARE SHARE! It’s happening! We’ve set the date for the first EVER Muslim Pride event. Tickets go on sale in two weeks! #LGBTHM20 pic.twitter.com/3Qo5U9vOPF
— Imaan LGBTQI (@ImaanLGBTQ) February 11, 2020
Homofobi og islamofobi
– Me som er LHBTIQ+muslimar føler oss ofte isolerte, utan eit fellesskap samstundes som me ofte møter homofibi, biofobisk, transfobisk OG islamofobisk hets, uttalte organisasjonen i folkefinansieringa.
Programmet så langt inkluderer irakisk-britiske Amrou Al Kadhi som er forfattar, filmskapar og drag-queen, Blair Imani, forfattar og historiar, og transaktivist Asifa Lahore – ein av dei første muslimske drag queen-ane.
- Les også: Bygdepride får internasjonal merksemd
Kulturkrig
Al Kadhi skal ha sagt i ei pressemelding at media for lenge har styrt narrativet om skeive islamske identitetar for lenge.
– Der dei ofe stupar inn i ein fæl kulturkrig, som om islam var den dødelege fienden av skeiv identitet. Imaan Fest er det perfekte motsvaret, som avslører gledene ved skeive muslimske identitetar og som gir oss høve til å skapa vårt eige rom, skriv DailyTimes.
Arrangørane lovar foredrag, paneldebattar, historie, workshops, kunst, mat og underhaldning.