Bygdepride får internasjonal merksemd
Kortfilmen «Bygdehomo» om då verdas første Bygdepride vart arrangert i Volda er publisert hjå amerikanske The Atlantic.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det hadde vore enkelt å berre fortelje historia om konflikten mellom Bygdepride-organisatorane og dei religiøse anti-Pride protestantane, seier Julia Dahr til det amerikanske tidsskriftet The Atlantic.
Saman med kollega Julie Lunde Lillesæter i produksjonsselskapet Differ Media har ho regissert kortdokumentaren Då Pride kom til bygda.
Har du Pride-kunnskapane på plass? Test deg i vår quiz!
Religiøs motstand og støtte
Den religiøse motstanden i forkant av arrangementet fekk nasjonal merksemd, men Dahr og Lillesæter var opptatt av å vise korleis mange kristne også støtta og deltok i paraden.
Motstanden får ein del av æra for at det dukka opp fleire tusen deltakarar i Pride-paraden i den vesle bygda Volda.
Her kan du sjå filmen:
Filmskaparane har følgt Bjørn-Tore Berge, som i 2018 deltok på verdas første Bygdepride i heimbygda Volda. I tillegg har dei intervjua både initiativtakarar og motstandarar av arrangementet.
Filmen vart vist under årets Bygdepride og vann også prisen for beste kortdokumentar under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda.
Filmen vart også vist for eit amerikansk publikum under årets Atlanta Film Festival.
Les også om Stonewall – opprøret som starta Pride-rørsla!

Baren Stonewall Inn i Christopher Street i området Greenwich Village i New York har vorte eit viktig symbol I homokampen. Foto: Travis Wise, Flickr (CC BY 2.0)