Berlin-terrorist vedkjende tilknyting til IS
Tysk politi har oppdaga ein video på mobilen til terroristen bak åtaket på pride-markeringa i Berlin, kor han vedkjenner seg Den islamske staten (IS).
Terroristen bak åtaket på pride-markeringa i Berlin førre helg vedkjenner seg Den islamske staten (IS) i ein video etterforskarar har funne på mobilen hans. Det melder Tagesschau.
Personen i videoen er maskert, men innanriksminister Alexander Dobrindt seier at dei reknar med at videoen viser den mistenkte terroristen.
Mannen, som er namngjeve Abdul B., køyrde laurdag kveld ein bil inn i ei folkemengde i Tiergarten i Berlin. Ein person mista livet og fleire blei skada.
Etter åtaket jakta politiet på gjerningspersonen. Kvelden 26. juli blei Abdul B. skoten og drepen av tysk politi.
Ifylgje Al Jazeera, har Abdul B. tidlegare blitt straffedømd i Libanon for å ha vore tilknytt IS.
Vil innskrenka bevegelsesfridomen
– Det var ikkje berre eit åtak på det skeive miljøet, det var eit åtak på fridomen vår, sa Tysklands kanslar, Friedrich Merz, etter terroråtaket ifylgje avisa Süddeutsche Zeitung.
Regjeringa hans har annonsert at dei no ynskjer å innføra fleire tiltak for å minska risikoen for terror. Mellom anna ynskjer dei å kunna innskrenka bevegelsesfridomen til trugselpersonar.
Organisasjonen bak pride-markeringa i Berlin, Berliner CSD-Verein, har kritisert Merz og regjeringa for tomme ord og dårleg politikk mot skeive.
Berliner CSD-Verein har i etterkant av åtaket også åtvara mot islamofobi.






