31-åring innstilt som ny leiar i Noregs Mållag
Nestleiar Peder Lofnes Hauge kan ta over vervet etter landsmøtet i april.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi må leggje til rette for at alle møter meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar. Bokmål er fint i dikt, men nynorsk passar til alt overalt, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding frå Noregs Mållag.
31-åringen frå Gloppen i Nordfjord har det siste halvanna året sitte som nestleiar i Noregs Mållag. Han er utdanna lærar, men jobbar som politisk rådgjevar for finansbyråd Erlend Horn (V) i byrådet i Bergen.
Før landsmøtet 24.-26. april er Lofnes Hauge innstilt som ny leiar. Ifølgje Kirsti Lunde, som er leiar i valnemnda, er det mange i organisasjonen som har peika på nestleiaren som sitjande leiar Magne Aasbrenn sin etterfølgjar.
– Han kjenner organisasjonen godt, har det politiske handverket i fingrane og har klåre ambisjonar for Noregs Mållag i åra framover. Me er overtydde om at han er ein god leiarkandidat, seier Lunde i pressemeldinga.
Tilbake til Vestland
Om landsmøtet følgjer innstillinga frå valnemnda kjem leiarvervet attende til Vestlandet. Her har Lofnes Hauge profilert seg med språkkritikk av det nye storfylket Vestland.
– Språkleg fell ein jo på rumpa rett ut av startgropa, sa Lofnes Hauge då han høyrte at Vestland fylkeskommune leverte ut eit undervisningsmateriell utelukkande på bokmål, trass i at nynorsk er administrasjonsspråket.
– Uavhengig av kven som sit i regjering, skal mållaget passe på at dei ikkje køddar med nynorsken. Ei regjering utan omsorg for heile det norske språket kan ikkje vere ei regjering for heile Noreg, avsluttar han i pressemeldinga.