Ny nestleiar i Noregs Mållag

Peder Lofsnes Hauge tek over etter Jens Kihl.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Peder Lofnes Hauge er vald til ny nestleiar av styret i Noregs Mållag. Jens Kihl går av som nestleiar fordi han har vorte tilsett som politisk kommentator i Bergens Tidende.

– Dette er ei veldig spennande utfordring. Mållaget har styrkt seg dei siste åra og er ein organisasjon i vekst. Vi vinn små og store sigrar kvar dag, og eg opplever at nynorsken har vind i segla, seier Peder Lofnes Hauge, påtroppande nestleiar i Noregs Mållag.

Peder Lofnes Hauge arbeider som politisk rådgjevar for sosialbyråd Erlend Horn (V) i Bergen kommune. Han er 29 år og kjem frå Gloppen i Sogn og Fjordane.

Les også: Siger til nynorsken i skulen

Vil halde styresmaktene i øyra

– Noregs Mållag er fagforeininga til nynorsken. Eg gler meg til å vere nestleiar i ein organisasjon som arbeider for at alle fritt skal kunne bruke dialekta si og skrive nynorsk. Vi skal fremje nynorsk på alle område i samfunnet, og i åra som kjem vil vi særleg prioritere skule, språkteknologi og kommune- og regionreforma, seier Peder Lofnes Hauge.

– Vi skal halde fram med å halde både lokale og nasjonale styresmakter i øyra, men også hjelpe dei til å styrkje nynorsken og vareta nynorskbrukarane sine rettar, slår Peder Lofnes Hauge fast.

Regjeringserklæringa gjev ikkje rom for å svekkje nynorsken, men tvert om styrkje han. For Noregs Mållag vert det viktig å halde fram arbeidet inn mot regjeringa. Det er fleire saker som peikar seg ut, som til dømes ny språklov og arbeidet med nye læreplanar i norskfaget.

Les også: Mållaget går inn for bøter til universitet og høgskular

Nytt prinsipprogram i 2020

– Jens Kihl har vore ein stor kapasitet for oss med djup politisk og taktisk innsikt. Heldigvis får Noregs Mållag ein ny nestleiar med mange av dei same eigenskapane, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

I styremøtet gjorde styret vedtak om prosessen som skal føre til nytt prinsipprogram for Noregs Mållag. Det er over tjue år sidan det vart endra sist, og det er styremedlem Inger Johanne Sæterbakk som skal leie arbeidet i nemnda. Nytt framlegg til prinsipprogram vert lagt fram for landsmøtet våren 2020.

Les også: Bruk pengar på sidemålsforsøk som fungerer