Regjeringa foreslår fleire studieplassar i distrikta
Regjeringa vil i budsjettet for 2020 bruke 4,6 millionar kroner på å opprette 100 nye studieplassar i distrikta – òg der det ikkje er campus.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Studieplassane skal kunne rullere mellom ulike utdanningsinstitusjonar. Det er snakk om ei ny ordning der universiteta og høgskulane kan søke om å få bruke studieplassane til fleksible og desentraliserte studietilbod, for å dekke skiftande kompetansebehov i distrikta.
– Regjeringa ønsker at folk skal kunne ta utdanning nært der dei bur. Dette tiltaket gir oss moglegheiter til å opprette studietilbod òg der det ikkje er campus, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) og held fram:
– Det er viktig for å gjere høgare utdanning meir tilgjengeleg i distrikta. Særleg vaksne studentar med familie og andre forpliktingar kan finne det vanskeleg å reise til ein universitetsby for å få formell kompetanse gjennom høgare utdanning.
– Avgjerande å få på plass desentralisert utdanning
Tidlegare i år sette regjeringa av 30 millionar kroner til at universitet og høgskular kan søke om støtte til å utvikle og drifte denne typen fleksible utdanningstilbod. I statsbudsjettet for 2020 blir det foreslått altså at satsinga òg omfattar studieplassar.
– Når eg har reist landet rundt for å få innspel til ny distriktspolitikk, snakkar alle bedrifter om viktigheita av å få tak i riktig kompetanse, seier kommunal- og regionalminister Monica Mæland (H) og held fram:
– For at distrikta skal halde fram å hevde seg i åra som kjem, er det heilt avgjerande å få på plass desentralisert utdanning, slik at bedrifter og kommunar får den kompetansen dei treng.
- Les også student-leiaren sitt råd til kommunane: – Trivst studentane så er det større sjanse for at dei vert buande der i eit langtidsperspektiv