Grøn Ungdom vil strama inn på hyttebygging
Ungdomspartiet vil slik hindra tap av urørt natur og biologisk mangfald, men møter motbør frå Framstegspartiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er betre at folk drar på hytta i Noreg enn å dra på sydenturar. Men vi vil ha stans i bygging av dei store, nye hyttefelta som øydelegg naturen vi er avhengig av, og heller heie på den type hytteliv som er berekraftig og tek vare på hyttene vi allereie har.
Det seier talsperson i Grøn Ungdom, Teodor Bruu, til NRK.no.
Vil sikra artsmangfaldet
Ungdomspartiet, som nyleg foreslo ei kvote på to flyturar årleg per nordmann, foreslår no å stoppe all bygging i urørt natur.
Målet er å verna om naturen og hindra tap av artar og biologisk mangfald.
Grøn Ungdom er opne for å byggja fleire hytter på tomter som folk allereie har, men vil avgrensa dei store hyttefelta.
- Les også: Grøn Ungdom splitta om vindkraft
Foreslår hyttedeling
Talet på hytter og fritidsbustadar har ifølgje SSB auka med 10,3 prosent dei siste ti åra. I dag er det registrert 434.809 hytter og fritidsbustadar i Noreg.
Ungdomspartiet vil heller satsa på organisert hyttedeling enn å byggja meir.
Frp-politikar Jon Helgheim meiner politikarane ikkje kan påleggje folk å dele hyttene med folk dei ikkje kjenner.
– Me har mykje urørt natur og skal framleis ha det, men i eit land som Noreg er det fullt mogleg å kombinere ei regulert og avgrensa hytteutbygging og å bevare urørt natur, seier Helgheim til NRK.no.
To flyreiser i året
Førre helg gjekk også landsstyre i Grøn Ungdom inn for å avgrense den norske flytrafikken ved hjelp av flykvotar. Målet er å redusere flytrafikken med 75 prosent innan 2030.
– Vi ser for oss eit system der vi set eit tak på tal flyreiser i løpet av eitt år, og fordeler det rettferdig på befolkninga. Så kan ein selge og kjøpe flyreiser, sa talsperson Hulda Holdtvedt på Dagsnytt 18.
Grøn Ungdom meiner kvota bør vere på to reiser – det vil seie at ein på ei tur-retur-reise har brukt opp det årlege talet flyreiser.
Både FpU og AUF stilte seg i etterkant kritiske til eit slikt forslag.
FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud sa då i ein kommentar til NTB at forslaget «så til dei grader avgrensa folk sin personlege fridom». I Dagsnytt 18 lufta AUF-leiar Ina Alvilde Rangønes Libak frykta for at eit kvotesystem ville skape forskjellar mellom folk, og særleg mellom by og land.