Medlemsvekst i Grøn Ungdom etter klimaaksjon

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 06.10.2019 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det auka klimamedvitet blant dei unge kan ha fått utslag for Grøn Ungdom. I løpet av den siste veka har dei fått 400 nye medlemmer.

Ungdomsopprør inn i partia

– Vi er no rekordmange medlemmer i Grøn Ungdom. Det er fantastisk motiverande å sjå at ungdomsopprøret går inn i dei politiske partia, og at så mange unge ser på Grøn Ungdom som eit naturleg val, seier talspersonen til ungdomspartiet Hulda Holtvedt.

I Oslo og på over 70 andre stader i landet vart det fredag gjennomført klimastreik. Ei oppteljing viste at minst 36.000 skuleelevar hadde trassa åtvaringar om ugyldig fråvær og møtt opp, men då var aksjonane frå over 50 stader ikkje talt med.

Grøn Ungdom har engasjert seg sterkt i streiken. På dagen delte dei dette Facebook-innlegget:

– Medlemsveksten vi har opplevd den siste veka er historisk. Dette viser at klimaopprøret ikkje stoppar her. Når klimastreikarane får røysterett, blir dei politiske partia nøydt til å levere i klimapolitikken, seier Holtvedt.

Godt AUF-år

Ungdomspartiet er ikkje åleine om å oppleve vekst. I januar i år feira AUF over 1200 nye medlemmar, noko som betyr at Noregs største ungdomsparti er enno større enn rekordåret 2015.

I samband med klimastreiken utfordra Framtida.no Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord, samt AUF-nestleiar Astrid Hoem og leiaren i Oslo Unge Høgre, Håkon Andreas Flydal til ein liten quiz.

Sjå korleis det gjekk med ungdomspolitikarane og prøv deg på barneskulekvissen her:

Var det for lett for deg? Her er ein klimakviss for dei vidarekomne!