Greta Thunbergs kamp blir dokumentar
Til neste år kjem dokumentarfilmen om den 16-årige klimaaktivisten Greta Thunberg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er svenske Expressen som bringar nyheita om dokumentarfilmplanane.
Bak prosjektet står B-Reel Films og dokumentarskaparen Nathan Grossman, som har følgt Thunberg sidan august i fjor.
– Vi forstod jo at ho hadde ei kraft
Greta Thunberg har sidan ho starta opp med skulestreik for klimaet fått internasjonal merksemd. Ho har snakka til EU-parlamentet, bedt politikarar få klimapanikk – og ho har treft nokon av Europas mektigaste leiarar.
– At det skulle bli som dette, hadde vi aldri drøymt om, men vi forstod jo at ho hadde ei kraft – så vi ville følgje henne, seier sjefen i B-Reel Films, Fredrik Heinig, til Expressen.
Filmen skal ifølgje planen få premiere neste år og vil bli tilgjengeleg for svenske tv-sjåarar på statskanalen SVT.
- Les også: Greta Thunberg fekk tysk tv- og filmpris
Tidlegare i år fekk Greta Thunberg Fritt Ord-prisen saman med Natur og Ungdom.
– Mi utfordring til norske politikarar er at vi må handle no, elles kan det bli for seint. Land som Sverige og Noreg har så store moglegheiter til å gå føre. Vi må ta ansvar, sa Thunberg då ho fekk prisen i 8. mai.
Les også om Game of Thrones-skodespelar Bella Ramsey som hyllar Greta Thunberg