Nybø snur: ANSA får pengestøtte til å hjelpe utanlandsstudentar som slit

Etter å ha fått avslag på søknaden i 2018 får organisasjonen no pengar til å utvide sitt nettbaserte psykologtilbod.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det store fleirtal av dei som studerer i utlandet er veldig fornøgde, men det viktig at dei som har det vanskeleg kan få hjelp, seier Iselin Nybø. Foto: Marte Garmann

Studentenes helse- og trivselsundersøkelse viste at ein del norske studentar i utlandet har psykiske vanskar. No gjev vi ANSA mogelegheita til å hjelpe fleire studentar, seier forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Etter å først ha fått avslag på søknaden i 2018, får ANSA no 760 000 kroner for å vidareutvikle si satsing på nettbasert psykologhjelp.

Les også kva psykologspesialist Yasmin Sofia Iqbal seier om ulike typar angst, og korleis ein handterer den. 

Ikkje-eksisterande helsetilbod

Nybø seier i pressemeldinga at studentar i utlandet til no har falle utanfor hjelpeapparatet som er på plass i Noreg, der studentsamskipnadane gjer ein viktig innsats for å hjelpe studentar med å få tilgong til psykisk helsehjelp.

I desember skreiv NRK mellom andre om «Sofie», ein av kring 3200 nordmenn som studerer medisin i Aust-Europa. Legestudenten fortalte om korleis presset tæra på psyken og angsten utvikla seg, og at ho ikkje var åleine om å ha det tungt.

– Mange slit med angst, eteforstyrring eller depresjon. Det er umogeleg å kome ut av dette utan å kjenne det på kroppen, sa «Sofie» til NRK den gong.

ANSA kritiserte då helsetilbodet for studentar i utlandet, og president Hanna Flood sa det nesten var ikkje-eksisterande.

Les også saka om positiv psykologi: – Eg saknar meir openheit i kvardagen

Nettbasert psykologhjelp

President i ANSA, Hanna Flood, rår studentar som vil til USA med idrettsstipend om å starta prosessen så tidleg som mogleg. Pressebilete: ANSA

President i ANSA, Hanna Flood, gler seg over å kunne tilby meir støtte til studentar som har det vanskeleg. Pressebilete: ANSA

ANSA har allereie eit nettbasert psykologtilbod for studentar i utlandet som ikkje har tilgong til norsk psykolog, samt nettbaserte seminar knytt til meistring av angst, depresjon og stress.

No får organisasjonen finansiering til å utvide dette ytterlegare.

– Vi er utruleg glade regjeringa har lytta til våre innspel. Midla vi no får vil bety mykje for mange norske studentar i utlandet som no vil få eit betre psykisk helsetilbod, seier Hanna Flood, president i ANSA i ei pressemeldinga.

Les reportasjen om odelsguten Steffen Fjellstad og unge bønder si psykiske helse: Vegen frå himmelen til helvete er kort.