Mange kommunar vil satse på klimatiltak
Bunken av søknadar om støtte til kommunale klimatiltak hos Miljødirektoratet har vakse med 64 prosent sidan i fjor. 190 kommunar og fylkeskommunar har søkt om til saman over ein halv milliard kroner til i alt 574 klimaprosjekt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I statsbudsjettet for 2019 er det sett av 200 millionar kroner til Klimasats-ordninga, som skal gi reduserte klimagassutslepp og omstilling til eit lågutsleppssamfunn.
– Den enorme auken i talet på søknader og beløp er både gledeleg og viktig. Kommunane må sjølve finansiere ein vesentleg del i prosjekta dei får støtte til, så dette betyr at kommunane trappar opp innsatsen for å redusere klimagassutsleppa, seier direktør Ellen Hamro i Miljødirektoratet.
Direktoratet har også denne gongen fått søknader frå kommunar i alle fylke, og rundt 47 av kommunane i bunken har ikkje søkt om støtte tidlegare.
Her kan du sjekke kva klimatiltak din kommune har søkt støtte til.
Flest klimatiltak i transportsektoren
I alt 212 av prosjekta dreier seg om gjennomføring av tiltak innanfor transportsektoren, 127 om gjennomføring av tiltak i andre sektorar. 136 av søknader gjeld støtte til forprosjekt, mens 71 handlar om klimavennleg areal- og transportplanlegging.
28 søknader er knytt til etablering av klimanettverk mellom kommunane og omfattar rundt 300 kommunar.
Ei evaluering Miljødirektoratet har gjort av Klimasats-ordninga dei to første åra, viser at over 90 prosent av prosjekta blir gjennomførte som planlagt. Støtta ser elles ut til å utløyse klimaprosjekt som det elles ikkje hadde vorte noko av. Dei fleste kommunane som har vore med, meiner dessutan at ordninga fører til at det kjem i stand andre klimarelevante tiltak, at dei får heva kompetansen og hausta erfaringar.
Les også: Klimakalkulator skal gjere bonden klimasmart
Lærer av kvarandre
Miljødirektøren trur den store søknadsbunken i år òg tyder på at kommunane er flinke til å dele erfaringane frå klimaprosjekta sine seg imellom.
– Før måtte kommunane dra utanlands for å lære. No kan dei besøkje nabokommunane. I alle fylka våre er det gjennomført gode, realiserbare lokale klimatiltak. Ingen treng å finne opp hjulet sjølv, og det er hjelp å få for kommunar som har ambisjonar, men manglar ressursar, seier Ellen Hambro.