Vil løfta gutane med utforskande skuleår, fleksibel start og heildagsskule

Nær 70 prosent av dei som får spesialundervisning i grunnskulen er gutar, og det er stor skilnad i karakterane mellom jenter og gutar. Stoltenberg-utvalet føreslår ei rekkje tiltak for å løfta gutane. Sjå lista under!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle elevar skal oppleva meistring og læring. Det bekymrar meg at mange gutar heng etter i skulen. Gutane oppnår lågare karakterar og fell frå i større grad enn jentene. Det er ikkje eit problem at jenter gjer det bra, men skulen må verta betre til å løfta gutane. Bakgrunnen til elevane og kjønn skal ikkje avgjera om elevane lukkast i skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

– Me må ha ein skule som løftar alle, uavhengig av kjønn og bakgrunn, seier Kunnskapsminister Jan Tore Sanner.

Han ser fram til å lesa og vurdera forslaga frå Stoltenberg-utvalet, som kom med rapporten sin måndag.

Den viser tydelege skilnader mellom gutar og jenter:

  • Jenter har betre språkforståing allereie før dei byrjar på skulen.
  • Etter 10.klasse får jentene betre karakterar enn gutane i alle fag bortsett frå kroppsøving.
  • Kjønnsskilnaden i grunnskulepoeng ligg mellom 4 og 5 poeng i snitt, og varierer lite frå år til år.
  • Jentene gjer det betre enn gutane i vidaregåande skule.
  • Fem år etter påbyrja vidaregåande opplæring er det rundt 30 prosent av gutane og 20 prosent av jentene som ikkje har fullført vidaregåande opplæring.

LES OGSÅ: Nynorskgutane vert dårlegare i norsk

Noreg blant landa med størst skilnader

Camilla Stoltenberg la fram forslaga til korleis gutar kan løftast i skulen på Eiksmarka skole i Bærum måndag.

– Konklusjonen til utvalet er at kjønnsskilnadene i skuleprestasjonar og utdanningsløp er ei samfunnsutfordring som krev tiltak. Utvalet har hatt som grunnleggjande prinsipp for tiltaka vi foreslår at dei skal bidra til å løfta gutane utan å redusera jentene si læring, at dei skal rettast mot heile elevgruppa, og at dei ikkje skal auka skilnader i skuleprestasjonar etter sosial bakgrunn, seier utvalsleiar Camilla Stoltenberg.

– Vi har utvikla tiltak for å gjera det enklare å få kunnskap om korleis det går med barn og unge i utdanningssystemet, tiltak for å gje alle barn ein like god start på skulen, tiltak for å gjera skulen meir rettferdig og interessant for både gutar og jenter, seier Stoltenberg.

Utvalet dokumenterer at jentene har gjort det betre i grunnskulen heilt sidan 1914. Gutar har dårlegare skuleprestasjonar i alle OECD-land, men Noreg er blant landa der skilnadene i dag er størst.

Her er nokre av forslaga til Stoltenberg-utvalet:

  • Gratis førskuletilbod med minimum fem timar leikbasert læring i veka for alle femåringar
  • Eit mindretal av utvalet går for inn utprøving av fleire former for fleksibel skulestart.
  • Obligatorisk heildagsskule for alle elevar på 1.-4. trinn
  • Vekting av karakterar i grunnskulen etter timetal i faget
  • Tilbod om eit utforskande skuleår etter grunnskulen
  • Innføra nasjonale prøver i lesing og rekning på 3. trinn og skriving på 8. trinn
  • Innføra krav om at skulane må tilby minst fem valfag, og systematisk prøve ut ulike modellar for å auka timetalet i valfag på ungdomsskulen
  • Inntak til vidaregåande opplæring basert på karakterprogresjon
  • Inntil to ekstrapoeng til det underrepresenterte kjønnet i opptak til utdanningsprogram på vidaregåande
  • Nedre karaktergrense for opptak til studiespesialisering
  • Rett til læreplass med krav om at fylkeskommunane må inngå opsjonskontraktar med lærebedrifter
  • Forenkla overgangar mellom yrkesfaglege løp og høgare utdanning

Les om fleire tiltak på Pirion.no!

Sjå video frå pressekonferansen måndag føremiddag: