Australske forskarar har utvikla «Sans Forgetica» for å hjelpe hjernen til å hugse betre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slit du med at det du les litt for ofte er gløymd kort tid etter? Du er ikkje den einaste. Forsking tyder på at vi hugsar svært lite av det vi les. Men, nå finst det råd. Ei gruppe ved RMIT-universitetet i Australia vil komme elevar og studentar til unnsetning.
Til grunn ligg psykologisk teori om at ein lærer betre når ein må overvinne ei utfordring. På same måte som ein hugsar betre av å nytte «flash cards» enn å pugge notat, hugsar ein betre ein font som er utfordrande å lese.
I takt med digitaliseringa har fontar blitt stadig meir symmetriske, finpussa og lesevenlege. Problemet er at det nå er alt for enkelt å lese.
Les også: Boksalet held fram å falle.
Store mellomrom
Derfor er Sans Forgetica laga for å vere litt meir vrien å oppfatte. Slik blir hjernen tvinga til å fokusere på lesinga. Ei undersøking viste at studentar kunne hugse 57 prosent av det dei las i Sans Forgetica, mot 50 prosent i Arial.
Fonten heller bevisst åtte grader mot venstre, og har betydelege hol i bokstavane. Tanken er at når hjernen møter på bokstavar den ikkje kjenner att, vil den forsøke å fylle inn mellomromma.
Lesinga går derfor seinare, og hjernen har meir tid til å prosessere kvart ord, som igjen aukar delen informasjon som blir att der oppe.
Normale fontar er hjernen så godt kjend med at det knapt blir verken prosessert eller lagra, hevdar folka som står bak.
Les også: Kvifor døyr språk ut?
Ikkje laga for langlesing
Er fonten derimot for vanskeleg, maktar ikkje hjernen å prosessere informasjonen i det heile tatt, altså blir det ein balansegang mellom å vere lesevennleg og umogeleg.
I eit forsøk med 400 studentar var det Sans Forgetica som viste høgast auke i minnelagring, utan å vere uleseleg. Som bildet over viser, gjekk ein til slutt for hol i bokstavane og helling bakover, medan asymmetri visst blei for mykje for hjernen.
Det er nok likevel ikkje å anbefale å lese heile bøker i Sans Forgetica. I staden er fonten laga for å hugse ting som stikkord, korte notat eller hugselister.
Vil du prøve ut fonten, så ligg den ope tilgjengeleg her.
Les også: Forfattarane sine beste boktips.