Boksalet held fram å falle

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nedgangen på fire prosent inkluderer sakprosa, skjønnlitteratur, underhaldningsbøker, billigbøker, verk og seriar per 30. november, viser statistikk frå Den norske Forleggerforening, skriv Dagsavisen.

Les også: Forfattarane sine beste julegåvetips

Mindre skjønnlitteratur og omsett litteratur

Skjønnlitteratur for vaksne går ned med rundt ti prosent, og nedgangen er på 20 prosent for omsett litteratur for same målgruppe, ifølgje foreininga.

Den omsette litteraturen for barn fall med 12 prosent i år, mens norsk skjønnlitteratur for barn er den einaste kategorien med vekst. Sidan i fjor har salet auka med nesten 14 prosent.

Ikkje noko jubelår

Redaktør Vebjørn Rogne i Bok365 seier til avisa at nedgangen har vart i tre-fire år. Han seier at boksalet halvveges i 2018 fall med åtte prosent samanlikna med same tid i fjor. Det låg an til å bli det dårlegaste bokåret sidan 2005, men no ligg salet meir på 2006-nivå, som heller ikkje var eit jubelår.