Tyngre for innvandrarungdom enn for andre å få lærlingplass
Ungdom med innvandrarbakgrunn slit meir enn andre ungdommar med å skaffa seg lærlingplass, viser ein ny analyse.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tendensen kjem fram etter at Utdanningsdirektoratet har sett nærmare på korleis det gjekk med dei som søkte lærlingplass i 2016 og 2017.
Analysen viser at 57,9 prosent av ungdom som har innvandra til Noreg fekk lærlingplass. Blant norskfødde ungdommar med utanlandske foreldre var prosenten 58,3 prosent. Til samanlikning var det heile 75 prosent av ungdom elles som fekk lærlingplass.
Les også: Kven er dei unge arbeidsledige som ikkje går på skule?
Nøkkelen til arbeidslivet
Denne ubalansen ønskjer kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner å retta på.
– Det er alvorleg at innvandrarungdom har større problem med å få lærlingplass. Eg merkar meg òg at ungdom fødd i Noreg slit like mykje som dei som har innvandra, seiar Sannar i ein kommentar på nettsidene til Kunnskapsdepartementet.
Han ønskjer at fleire skal få høve til å fullføra med fagbrev, fordi han meiner det er nøkkelen til arbeidslivet og til å bli godt integrert.
Les også: Fleire yrkesfagelevar får lærlingkontrakt
Vanskelegare for gutar
Utdanningsdirektoratet vil no sjå nærmare på kva som er grunnen til at innvandrarungdom slit meir med å få lærlingplass. Tala viser til dømes at det er særleg gutar med innvandrarbakgrunn som slit med å få lærlingplass, og at problemet ikkje er like stort for jenter med same bakgrunn.
Analysen viser vidare at svake karakterar og høgt fråvær reduserer sjansen til å få lærlingplass, medan utdanningsbakgrunnen til foreldra har lite å seia for om elevane får lærekontrakt eller ikkje.