SAIH reagerer på bistandskutt: – Pinleg

SAIH reagerer på det dei meiner er uforståelege kutt i utdanningsbistanden. Utviklingsministeren kallar budsjettet ansvarleg.

Einar Nygaard
Publisert

– Dette er kunnskapslaust og usolidarisk.

Det seier Henriette Reierson Johnstone, leiar i SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond), i ei pressemelding.

Henriette Reierson Johnstone i SAIH meiner kutta er unødvendige. | Foto: Privat

Ho reagerer på endringar i det reviderte nasjonalbudsjettet, som regjeringa la fram denne veka. Der foreslår regjeringa å omprioritere 655 millionar kroner frå bistandsbudsjettet for å hjelpe ukrainske flyktningar.

Mellom anna betyr dette ein reduksjon på 80 millionar kroner til utdanningsbistand. Utdanningsbistand er pengar som mellom anna går til fleire lærarar og skuleplassar i andre land.

– Vi ser ein nedgåande trend kor utdanning gong på gong taper i budsjettkampen, seier Johnstone.

Harde prioriteringar

– I eit ansvarleg budsjett har vi omprioritert omtrent 1 av 100 bistandskroner til menneske som søker tryggleik i Noreg.

Det skriv utviklingsminister Åsmund Aukrust i ein e-post til Framtida, via ein kommunikasjonsansvarleg.

Noreg er framleis ein sterk støttespelar for retten til utdanning globalt, hevdar han vidare.

– Som følge av trongare rammer på bistandsbudsjettet må vi prioritere hardare, også innanfor den støtta vi gir til utdanning. Dette inneber at vi må engasjere oss på færre innsatsområde innan utdanning, enn det vi gjer i dag, skriv utviklingsministeren.

SAIH  kallar endringa uforståeleg.

– Det er særleg alvorleg i ei tid kor verda er prega av uro, og kor demokratiske verdiar og frie samfunn er under press. Då burde Noreg satse meir på utdanning, ikkje mindre, meiner Johnstone.

Økonomisk handlingsrom

Utviklingsminister Åsmund Aukrust. | Foto: Torgeir Haugaard / Forsvaret

Sidan 2021 har det vore ein nedgang i utdanningsbistand. I 2021 var talet 1,9 milliardar kroner, og i år er forslaget på 566,8 millionar. Det er ein nedgang på 70 prosent.

– Sjølv om vi omprioriterer støtta over utdanningsposten, skjermar vi støtta til utdanning i krise og konflikt. Dette er viktig og rett i ei tid prega av konflikt og alvorlege humanitære krisar. Utdanning i krisar gir vern og bidreg til å redde liv, skriv utviklingsminister Aukrust.

SAIH meiner på si side at det er økonomisk handlingsrom for å halde støtta slik ho var.

– Mellom anna gjennom auka oljeinntekter som følgje av krig og uro. Likevel vel regjeringa å gjere «ostehøvelkutt» i viktige satsingar. Det har dei ingen god grunn til, meiner Johnstone i SAIH.

Pinleg kutt

Johnstone seier Noreg, gjennom sin posisjon i UNESCO, har ei unik moglegheit til å styrke arbeidet for utdanning globalt.

– Likevel vel dei å kutte i støtta. Dette er pinleg, og sender eit svært uheldig signal.

Aukrust på si side seier han er stolt over at Noreg framleis er heilt i verdstoppen som ein solidarisk bistandsgivar.

Vi er det einaste landet som nådde éin prosent av BNI i fjor, og vi gjer ein livsviktig skilnad for folk med norske pengar kvar einaste dag, seier Aukrust.