Politikk og samfunn

«Russetida: Ein brutal eksamen i ekskludering»

– Her må russen skjerpe seg: Set grenser for dykk sjølve og kvarandre, skriv Sofie Kongsvik.

Sofie Kongsvik (17)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget vart først publisert hos Sunnhordland. Sofie Kongsvik er 2. nestleiar i Sunnhordland Unge Høgre, men skriv innlegget som privatperson.

Russetida, som skulle vere ei feiring av avslutta vidaregåande opplæring, har i staden utvikla seg til noko stygt: Ein sosialt akseptert mobbearena der målet ikkje lenger er å inkludere, men å sortere. Tradisjonell feiring er kasta på bålet til fordel for pengar, status og alkohol.

Frå fest til tvangs­trøye

Som VG2-elev ser eg eit system der spelet startar allereie i fyrsteklasse på vidaregåande. Grupper konkurrerer ikkje om å ha det kjekt; dei konkurrerer om å vere mest synlege, mest ekskluderande og mest krevjande.

Når elevar blir straffa med «bot» for å prioritere skulearbeid over russemøte, har feiringa slutta å vere ein fest – det har vorte ei tvangstrøye.

Venskap på anbod

For å få innpass i varmen må du «auditionere». Du må bevise at du er kul nok, pen nok eller dritings nok til å fortene ein plass på bussen. Venskap er ikkje lenger noko ein byggjer, det er noko ein kvalifiserer seg til gjennom festing og grense­overskridande åtferd.

Fleirtalet sit med makta til å dømme kven som er «inne» og kven som er «ute». Flaska veg tyngre enn fellesskapet, og foreldra sin passive aksept fungerer som bensin på bålet. Vi har normalisert eit miljø der grenser ikkje skal respekterast, men brytast.

Foreldra må kome på banen og stille krav – nok er nok!

Glede kan ikkje kjøpast – men rulle­plass kan

Bussar, klede og konsept til titusenvis av kroner handlar ikkje om feiring, men om å markere revir. Dei som ikkje har råd til full deltaking, blir ståande att som tilskodarar til si eiga skuleavslutning.

Russetida har vorte ein merkevare­fest for dei få – og dei mange betaler prisen.

Kva sit vi att med?

Kven har bestemt at tre år med utdanning skal kronast med ein sju vekers lang seanse i sosial rangering? Alkohol, pengar og popularitet har teke overhand, og feiringa er borte.

Her må russen skjerpe seg: Set grenser for dykk sjølve og kvarandre. Foreldra må ta ansvar.

Skal denne avslutninga verkeleg vere smaken av ekskludering, promille og prestasjons­press, eller kan vi gjere ho til ei feiring verdt namnet?