Aukar straumstøtta

I revidert nasjonalbudsjett set regjeringa av totalt 21,5 milliardar kroner til generell straumstøtte.

NPK-NTB
Publisert

I utgangspunktet hadde regjeringa sett av 9,1 milliardar kroner til straumstøtteordningane, inkludert noregspris, men hadde varsla at dette ville bli justert opp i revidert nasjonalbudsjett.

I det reviderte budsjettet som vart lagt fram tysdag, foreslår regjeringa å bruke 4,9 milliardar kroner mindre frå oljefondet samanlikna med det som vart vedteke før jul.

Til VG seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap) at dei aukar løyvingane til noregspris, slik at samla generell straumstøtte blir auka med ti milliardar kroner, opp til 21,5 milliardar.