Italienske Andrea (32) skreiv masteroppgåve på nynorsk

Andrea Aletti sat i Italia og såg på NRK for å lære norsk. No er han sjølv å sjå på rikskringkastaren.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg har faktisk ein boksarshorts som det står Ivar Aasen på. Eg fekk han av ein kjærast frå Ørsta, fortel Andrea Aletti på telefon til Framtida.

Italienaren er i desse dagar å sjå i Bakemesterskapet på NRK.

Aletti kom først til Noreg då han var på utveksling ved Universitetet i Bergen i 2017. Han studerte nordisk i Milano, og då bachelorgraden var ferdig, reiste han tilbake til Bergen for å byrje på ein mastergrad.

– Berre kjekt

Når ein studerer nordisk på universitetet, kan ein bli trekt ut til eksamen i både nynorsk og bokmål – og Aletti vart snart trekt ut til eksamen på nynorsk. Då var det berre å lære.

– Eg var eigentleg berre spent. Eg har alltid likt å lære om språk, og hadde litt lyst til å komme inn i nynorsk også. Eg tok kontakt med ein professor som gav meg nokre øvingar. Når ein har lært teorien bak bokmål, kan ein finne samanhengar til nynorsk med grammatikken. Då gjeld det berre å vere konsekvent. Det som var vanskelegare for meg, var ordval. Det må ein lære ved å lese mykje nynorsk og snakke med folk med nynorsk-nære dialekter, seier Aletti.

– Eg fekk til eit slags bokmål-nært nynorsk. Eg syntest berre det var kjekt å byrje å lære nynorsk også, seier han.

Og då han skulle byrje på mastergraden, vart han også trekt ut til å skrive på nynorsk.

– Eg kunne kanskje ha fått fritak frå nynorsk, men eg gjorde det ikkje. Så eg skreiv mastergrad på nynorsk. Eg veit ikkje kor bra det vart, men eg kom i mål, seier han.

Menneskelege gudar

Det var norrøn mytologi som førte Aletti inn på nordisk-sporet. Han har vore interessert i mytologi lenge, og har alltid likt fantasy – både filmar, bøker, og spel.

– Fantasy tar mykje inspirasjon frå mytologi. Ringenes herre, til dømes, hentar mykje inspirasjon frå mytologi. Eg har alltid vore interessert i sånne historier, fortel han.

På skulen i Italia var gresk og romersk mytologi noko av det han likte best å lære om.

Av dei nordiske mytane er det historia om Balders død som er favoritten hans. Balder var likt av alle, men den sjalu Loke planla å kvitte seg med han. Til slutt fekk han Balder drepen med ein misteltein.

– I motsetnad til religion, gir mytologi eit bilete av gudane som er ganske menneskeleg. Eg likar også Medusa-myten, der Medusa vert gjort om til eit monster fordi Athene er sjalu og tar hemn. Eg likar desse kontrastane, seier han.

Dialekter og natur

Etter at han ein sommar las mykje om norrøn mytologi, vart han så interessert at han byrja å sjå etter studium som kunne gi han høve til å dukke djupare inn i interessa. Det næraste han fann, var nordiske studium ved Universitetet i Milano. Der var noko av den norrøne litteraturen på pensumlista.

– Då eg skulle velje språk, tenkte eg at Noreg er meir kjent for vakker natur enn Sverige og Danmark, seier Aletti.

Han oppdaga også at Noreg har eit stort dialektmangfald, noko han syntest var veldig interessant. Det enda han seinare opp med å spesialisere seg innanfor.

– I Italia har vi også dialekter, men dei er så svekte. Folk snakkar meir standardisert dei fleste stader, seier han.

Full circle

Aletti fortel at det var lettare å lære norsk enn han hadde venta. Det var nok mykje takk vere ei stor interesse. Han gjekk inn for å lære kvar dag, både på skulen og heime. Han såg mykje på NRK, og sjølv om han ikkje forstod så mykje, med det første, vart han van med lydane i språket.

– Det er litt sånn ein gjer med ein baby. Snakkar med dei så dei lærer lydane, seier han.

No er Aletti altså sjølv på NRK, der han kjempar om å bli Noregs beste hobbybakar.

– Det er ei runding av sirkelen. Frå å lytte til å delta.

Ein ting han har merka seg etter at han flytta til Noreg, er at nordmenn er meir forsiktige i uttrykksmåten, medan det er meir normalt og kulturelt i Italia å bruke engasjert og kraftig språk.

– Dei første åra eg budde i Noreg, kunne eg vere så sterk i språkbruken at folk reagerte, fortel han.

Bakemesterskapet har det også kome nokre italienske kraftgloser når ting ikkje har gått som det skulle.

– Har du noko favoritt-bannord på norsk?

– Eg bannar sjeldan på norsk. Eg føler ikkje at eg får tilfredsstilt behovet for å banne på norsk. Eg må få det ut på italiensk, seier han og ler.

Små delar i heilskap

Aletti har overlevd fem veker i Bakemesterskapet. Draumen er at han skal kunne gjere karriere av det som til no har vore ein hobby. Han fortel til Framtida at han håpar å få seg jobb i eit konditori.

– Kva har språk og baking til felles?

– Språk er bygd opp med ulike byggesteinar. Både på lydnivå, ord og orddelar. Orda er bygde opp av ulike element – akkurat som ei kake. Greia med språk og baking, er at du skal finne det som passar saman for å bygge opp eit korrekt ord eller ei setning, som med ei korrekt kake – det er bestemte delar som gir meining og passar saman. Og både i språk og baking er det uskrivne reglar, seier Aletti.