Israel gjekk til åtak på det store gassfeltet South Pars i Iran onsdag, skriv VG. Det førte til at Iran truga med å gå til åtak på gass- og oljefelt i dei andre golfstatane, og skaut missil mot Qatar og Saudi-Arabia.
Amerikanske styresmakter seier dei ikkje var klar over at Israel planlagde åtaket. Som svar på åtaka frå Iran, truga president Donald Trump med å sprengje heile South Pars-feltet, uavhengig av Israel.
Dei tre vekene med krig har hatt enorm påverknad på prisane på olje og gass. Varetilgangen til forskjellige land blir også påverka, fordi skip hopar seg opp i Persiabukta, sidan Iran skal ha lagt miner i Hormuzsundet.
Ein del av gassfeltet South Pars i Iran i 2014, eitt av dei største i landet. | Illustrasjonsfoto: AP Photo/Vahid Salemi, File
Kronprinsessa snakkar ut om Epstein
I eit intervju med NRK fortel kronprinsesse Mette-Marit at ho skulle ønskje ho aldri hadde møtt Jeffrey Epstein.
Prinsessa seier til NRK at ho blei manipulert og lurt, men at ho burde sjekka bakgrunnen hans nøyare.
I ei e-postutveksling mellom kronprinsessa og Epstein skreiv ho at ho hadde googla han, og at det ikkje såg bra ut. Ho seier ho ikkje hugsar detaljane bak søket, men at ho ikkje visste at han var ein seksualforbrytar.
Svaret på dette og andre spørsmål har fått kritikk, mellom anna av Aftenpostens kommentator Harald Stanghelle. Kritikarane meiner ho ikkje svarar direkte nok på dei viktigaste spørsmåla.
Kronprinsessa seier det har tatt tid å snakke om saka fordi ho har vore i ein krevjande familiesituasjon, og at ho treng mykje kvile på grunn av helsa.
Også kronprins Haakon var til stades under intervjuet, der kronprinsessa beklagar kontakten med Epstein. | Foto: Torbjørn Brovold / NRK / NTB
Over 10 millionar menneske utan straum på Cuba
Etter 29 timar utan straum fekk Cuba kopla på straumnettet att tysdag ettermiddag, ifølgje al-Jazeera. Landet har vore i ei energikrise etter USA gjekk inn i Venezuela og stansa oljeeksporten til Cuba i januar.
Dette er det første store straumbrotet etter at eksporten vart stansa, men styresmaktene seier det kan bli fleire brot, sidan det største oljekraftverket deira ikkje produserer nok straum.
Samstundes med straumstansen sa den amerikanske presidenten Donald Trump at han vil «ha æra av å ta Cuba».
– Altså, om eg skal frigjere øya, ta ho … Eg trur eg kan gjere kva eg vil med ho, om eg skal vere ærleg. Veldig svekt nasjon akkurat no, sa han til pressa ifølgje Forsvarets Forum.
Den cubanske presidenten Miguel Díaz-Canel kritiserer USA for det han kallar daglege trugslar mot landet hans.
Cubanske styresmakter skal vere i dialog med amerikanske styresmakter, men innhaldet i samtalene er førebels ikkje kjent.
Ein suvernirbutikk har fått på eit lys medan straumen er borte på Cuba. Med ein avgrensa energiproduksjon kan det bli fleire av desse framover på øya. | Foto: AP Photo/Ramon Espinosa
Russland skal slutte å bruke kenyanarar i krigen mot Ukraina
Kenyanarar skal ikkje lenger bli rekrutterte som soldatar av Russland, seier den kenyanske utanriksministeren Musalia Mudavadi, ifølgje BBC.
Mudavadi hadde nyleg eit møte med russiske styresmakter i Moskva, der dei vart samde om dette.
Ifølgje ein rapport frå styresmaktene i Kenya skal over 1000 kenyanarar ha blitt rekrutterte av Russland. Fleire har skulda Russland for å lokke dei med godt betalte sivile jobbar, før dei vart sende ut i krigen.
Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov avviser desse skuldingane og seier at alle framandkrigarar har blitt ein del av det russiske forsvaret frivillig, «i tråd med russisk lov».
Mudavadi er også i Russland for å forsøke å få kenyanske statsborgarar som ønsker å forlate landet, heim til Kenya.
Ifølgje ukrainske styresmakter har 1700 personar frå 36 land i Afrika blitt rekrutterte til å kjempe for Russland i krigen.
Den kenyanske utanriksministeren Musalia Mudavadi møtte den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov for å diskutere kenyanarane som har blitt rekruttert inn i det russiske forsvaret. | Foto: Tatyana Makeyeva/Pool Photo via AP
Brann i Ålesund
Torsdag fekk dei 300 personane som var evakuerte i Ålesund etter lyngbrannen som braut ut tysdag, lov til å flytte heim, skriv NRK. Brannen var i terrenget ved Sukkertoppen, som ligg på den vestre øya Hessa, der folk vart evakuerte frå.
20. mars er FN sin internasjonale dag for lykke, der dei fokuserer på at lykke og velvære er eit mål for alle menneske på jorda.
Nabolanda våre er også i toppen, med Finland som det lykkelegaste landet i verda. Etter det kjem Island og Danmark på andre- og tredjeplass. Costa Rica i Mellom-Amerika er på fjerdeplass, og Sverige er på femteplass.
Årets rapport ser særleg på korleis sosiale medium kan påverke livskvaliteten til unge, og merkar seg at lykka blant unge under 25 år har gått noko ned i vestlege land.
Noreg klatrar på lykkerangeringa. | Foto: Austin Schmid via Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.