Identitet

«Dette handlar ikkje om ein kamp mellom kjønna»

Å hevda at feminisme ikkje er politisk motivert, blir nesten som å omtale skattepolitikk som «ein prat om pengar», skriv Karen Kaabbel i Østfold Sosialistisk Ungdom.

Karen Kaabbel (24)
Økonomiansvarlig Østfold Sosialistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Feminisme har aldri vore upolitisk. Kampen for kvinner sine rettar har handla om røysterett, rett til utdanning, prevensjon, abort, barnehage og foreldrepermisjon — altså politiske reformer. 

Når venstresida sin feminisme blir avfeia som «kjønnskamp», tyder det difor på ei misforståing av kva denne tradisjonen faktisk inneber. 

 Marielle Granberg Korsbrekke, medlem i Unge Høgre, hevdar at ein skal kunne kalle seg feminist utan å vere sosialist. Der er me grunnleggjande einige, men eg er ueinig i Korsbrekkes kritikk av venstresidas feministiske forståing. Ein kritikk av venstresidas forståing av feminisme krev i det minste at ein har sett seg inn i kva venstresida faktisk ønskjer. 

Ikkje berre formelle rettar

 Store delar av venstresida sin feministiske tradisjon har vore inspirert av radikal feministisk teori. Ein sentral figur i denne tradisjonen er Simone de Beauvoir, som argumenterte for at mange av forskjellane mellom kvinner og menn er sosialt skapa gjennom kjønnsroller og forventingar. Samtidig peika de Beauvoir på at kjønna ikkje er heilt like, og at dette må takast høgd for. Difor frontar venstresidas feministar saker som kjønnskvotering, 6-timars arbeidsdag, barnehage, likelønnstiltak og foreldrepermisjon. 

Ein meir liberal feministisk tradisjon, representert av Mary Wollstonecraft, har vore oppteken av formell likskap og like rettar. Ho argumenterte for at kvinner og menn har den same rasjonelle naturen, og difor bør ha dei same rettane og moglegheitane i samfunnet. 

I forlenging av denne tradisjonen har radikal og interseksjonell feminisme vore oppteken av å sjå bak dei formelle rettane og spørje kven som faktisk har moglegheit til å bruke dei. Kvinner, minoritetskvinner og personar med funksjonsvariasjonar møter ofte andre former for diskriminering enn majoritetsmenn.

Dette handlar ikkje om ein kamp mellom kjønna, men om å leggje til rette slik at menneske med ulike føresetnader faktisk får like moglegheiter. 

Ein prat om kjønn?

Å hevda at feminisme ikkje er politisk motivert, blir nesten som å omtale skattepolitikk som «ein prat om pengar». Feminismen har alltid hatt politiske røter fordi mykje av det kvinner opp gjennom åra har kjempa for, har vore røysterett, rett til utdanning, råderett over eigen kropp (prevensjon og abort) og dessutan tilrettelegging av barnehage og foreldrepermisjon. Mange av kampane har venstresida og høgresida kjempa saman. 

Kanskje er det difor feminismen historisk oftare har vore knytt til venstresida; fordi mange av tiltaka som fremjar likestilling, krev politiske reformer.