Politikk og samfunn

Bensin og diesel er ikkje luksus

«Me må kunne bruke alle typar bilar utan at drivstoff blir gjort til ein luksus berre dei rikaste har råd til. For mange er bilen heilt nødvendig for å kome seg på jobb, skule og fritidsaktivitetar,» skriv Trym Nybø (16).

Trym Nybø (16)
Styremedlem i Sogn og Fjordane FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg er 16 år og har nett byrja med lærekøyring. Difor fekk eg eit skikkeleg sjokk første gongen eg stod ved bensinpumpa og såg kva det faktisk kostar å fylle tanken. For mange familiar er dette ikkje eit lite irritasjonsmoment, det er eit reelt økonomisk problem.

Må få velje sjølve

Ja, bensin og dieselbilar slepper kanskje ut meir enn elbilar. Men realiteten er at ikkje alle har råd til å kjøpe ny elbil. Mange køyrer bilar dei alt eig, og som kan brukast trygt i mange år til. Å vrake fullt brukbare bilar er heller ikkje miljøvenleg, det er sløsing med ressursar.

I tillegg fungerer ikkje elbil alltid optimalt i norsk vinter, med lange avstandar og varierande tilgang på ladestasjonar. For oss unge som snart skal ut på vegen, handlar dette ikkje berre om klima, men om økonomi og kvardagsliv.

Folk må få velje sjølve kva bil dei vil køyre, også i framtida. Me må kunne bruke alle typar bilar utan at drivstoff blir gjort til ein luksus berre dei rikaste har råd til. For mange er bilen heilt nødvendig for å kome seg på jobb, skule og fritidsaktivitetar.

Likevel fører politikken i dag til at staten pressar folk over på dyrare løysingar dei ikkje har råd til. Høgare avgifter og drivstoffprisar pressar økonomien til vanlege folk til brestepunktet.

Billigare, ikkje dyrare

Frå 2028 kan drivstoffprisane stige kraftig på grunn av EUs klimakvotesystem. Det kan bety fleire kroner ekstra per liter. Slike prisaukar rammer både bilistar, varetransport og særleg distrikta, der alternativa ofte ikkje finst. Resultatet blir dyrare varer og tøffare tider for folk flest.

Løysinga må vere å gjere det billegare å bruke bilen, ikkje dyrare. Avgifter på bensin og diesel må ned, slik at vanlege folk framleis har råd til å kome seg dit dei skal enten dei køyrer elbil, bensin eller diesel.

Politikken må ikkje gløyme dei som ikkje har råd til ny bil. Å kome seg frå A til B skal ikkje vere eit luksusproblem. Det skal vere ein heilt vanleg del av kvardagen.