Aschehoug brukar KI til å omsette Heated Rivalry-bøkene: – Blir dårlegare
Aschehoug vil gje ut hockeysuksessen «Heated Rivalry» i rekordfart ved hjelp av KI. Norsk Oversetterforening reagerer kraftig på metoden.
Suksesserien «Heated Rivalry» har teke det norske folk med storm, og det er ein av grunnane til at Aschehoug ønskjer å få omsett boka raskt.
– Den norske utgåva kan framleis kallast ei omsetjing, sjølv om prosessen er ein annan enn den tradisjonelle. Vi har kvalitetssikra omsetjinga gjennom våre redaksjonelle prosessar og står fullt ut inne for den norske teksten, seier forlagssjef i Aschehoug, Nora Campbell, til NRK.
Leiar i Norsk Oversetterforening, Hilde Lyng, meiner Aschehoug burde merke bøkene betre.
– Det er forbrukarinformasjon at teksten er omarbeidd av eit menneske, men generert av KI. Det er heller ikkje god nok grunn at det må gå fort før boka kjem ut, seier ho.
Norsk Oversetterforening er i det heile negative til bruken av KI.
– Ein kunstig intelligens har ikkje kulturforståing slik menneske har; han er basert på matematikk. Omsetjinga blir dårlegare, og det tek arbeid frå omsetjarane, seier Lyng.







