Økokrim har sikta Thorbjørn Jagland for grov korrupsjon. Dei undersøker om gåver, feriar og lån omtalte i dei såkalla Epstein-filene kan vere bestikkingar, skriv VG.
Europarådet oppheva tidlegare i veka immuniteten til den tidlegare toppolitikaren. Jagland har vore generalsekretær i Europarådet, i tillegg til norsk statsminister, utanriksminister og leiar av Nobelkomiteen. At immuniteten er oppheva betyr at Jagland mistar beskyttelsen mot etterforsking og straff.
Thorbjørn Jagland saman med advokaten Anders Brosveet utanfor bustaden sin på Frogner torsdag. Økokrim har ransaka fleire eigedommar tilknytt Jagland. | Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Over 50 migrantar døydde i båtkantring i Middelhavet
To overlevande skal ha fått medisinsk hjelp av IOM. Dei har fortalt at båten drog frå Zawia i nordvest-Libya, og at han velta etter om lag seks timar. Det var flyktningar og migrantar frå afrikanske land om bord i båten.
Med dette er det rapporterte talet på døde og sakna migrantar 484 på ruta som kryssar det sentrale Middelhavet så langt i 2026. IOM reknar med at det er mørketal på fleire hundre. I fjor vart det registrert over 1300 døde og sakna migrantar på ruta.
Båtflyktningar fotograferte på ein stappfull gummibåt i Middelhavet utanfor Libya i 2021. | Illustrasjonsfoto: AP Photo/Bruno Thevenin
Demokratisk val i Bangladesh
Nasjonalistpartiet i Bangladesh (BNP) har erklært siger etter valet til ny nasjonalforsamling på torsdag, skriv VG. USA og India gratulerer partiet med sigeren fredag morgon.
Førebels ser det ut som partiet får 212 representantar i forsamlinga. Dei må ha 150 for å få fleirtal. Det islamistiske opposisjonspartiet Jamaat-e-Islami får 56 representantar i opposisjon, og har anerkjent at dei har tapt.
Hennar eige parti, Awami-ligaen, fekk ikkje lov til å stille til val i år.
Røyster frå valet i Bangladesh blir talt opp i hovudstaden Dhaka | Foto: AP Photo/Mahmud Hossain Opu
Åtte drepne i masseskyting i Canada
Åtte personar er døde og minst 25 såra i ei masseskyting i Canada tysdag, skriv AP News.
Skytinga fann stad på ein skule og i ein bustad i Tumbler Ridge i British Columbia. Ifølgje NTB er ein lærar på 39 år og fem elevar på 12 og 13 år drepne, i tillegg til mora og stebroren til den mistenkte.
Skuleskytinga er den første masseskytinga i Canada sidan 2016, og ei av dei dødelegaste i landets historie.
Den mistenkte gjerningspersonen er ei 18 år gamal kvinne, som vart funnen død på åstaden. Ifølgje politiet skal gjerningspersonen ha tatt sitt eige liv. Motivet for angrepet er ikkje kjent. Den mistenkte hadde ifølgje politiet ei historie med psykiske helseplager. Politiet opplyser om at kvinna var fødd biologisk mann, men starta kjønnsstadfestande behandling for seks år sidan og identifiserte seg som kvinne.
Politisperreband i Tumbler Ridge i Canada. | Foto: Christinne Muschi/The Canadian Press via AP
Minst 35 døde etter syklon på Madagaskar
Minst 35 personar er døde etter at den kraftige syklonen Gezani trefte Madagaskar tysdag, skriv BBC. 250 000 menneske er råka eller fordrivne av det kraftige uvêret, ifølgje miljøminister Max Fontaine Andonirina.
Syklonen trefte øya sin austlege kyst med ein vindstyrke på opptil 70 meter per sekund. Toamasina, Madagaskars nest største by, blei spesielt hardt råka, skriv NTB. Ifølgje president Michael Randrianirina blei nesten 75 prosent av Toamasina øydelagt.
Presidenten ber om internasjonal hjelp til å handtere situasjonen.
Syklonen førte med seg store øydeleggingar i Toamasina på Madagaskar. | Foto: AP Photo/Hery Nirina Rabary
I 2024 opplevde Europa ein stor auke i tilfelle av den smittsame sjukdommen. I WHOs Europa-region vart det i 2025 meld 34 000 tilfelle av meslingar, mot 127 000 i 2024. Tala inkluderer òg Russland og delar av Sentral-Asia, skriv NTB.
WHO trekker fram smitteverngrep som ei årsak til den store nedgangen. I tillegg har fleire i befolkninga blitt immune, då viruset har spreidd seg blant uvaksinerte.
Trass nedgangen er WHO bekymra for nye utbrot.
WHO har eit mål om at 95 prosent skal vere vaksinerte for å hindre utbrot og oppnå flokkimmunitet. | Illustrasjonsfoto av meslingvaksine: AP Photo/Juan Karita
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.