Odette (17) og familien selde alt dei eigde – så vart reisa til USA avlyst
Saman med familien skulle Odette (17) flytte frå ein flyktningleir i Malawi til USA. Etter å ha selt alt dei eigde endra innvandringspolitikken i USA seg og reisa vart avlyst.
– I 2023 sa UNHCR at me skulle dra til USA. Eg var så glad, fordi eg var utmatta av å bu i leiren og av å måtte jobbe etter skulen, fortel Odette William (17).
Saman med 60 000 andre flyktningar bur ho i Dzaleka, den største flyktningleiren i Malawi. 75 prosent av befolkninga i Malawi lever under fattigdomsgrensa på 3 dollar om dagen, ifølge Verdsbanken, noko som gjer landet til eitt av dei fattigaste i verda.
Framtida.no møtte Odette i flyktningleiren i 2025. I etterkant har Framtida.no sett dokumentasjon på at Odette og familien var valde ut som kvoteflyktningar til USA.
Selde alt
– Det var dette vi hadde venta på, fortel ho på telefon til Framtida.no i februar 2026.
Familien brukte heile 2024 på å førebu seg på reisa.
– Fordi vi skulle starte eit nytt liv der selde vi alle tinga våre, huset, madrassane, alt, seier ho.
Odette fortel at det var avgrensa kva dei kunne ta med til USA.
– Eg fekk lov å ta med to antrekk. Eitt på kroppen og eitt ekstra skift, seier Odette.
Resten av kleda gav ho bort eller selde.
– Favorittantrekket mitt var ein lang, svart kjole eg hadde hatt i fem år, men som eg var nøydd å gi bort, fortel ho.
Trump endrar planane
På same tid som familien førebur seg på reisa blir Donald Trump vald til president. Han kuttar bistandsbudsjettet til USA, noko som gjer at UNHCR (FNs høgkommissær for flyktningar) er nøydd å kutte stønaden sin til flyktningar i Malawi med 90 prosent. Men han endrar også innvandringspolitikken i USA.
– To veker før vi skulle dra kom stefaren min heim og sa at vi ikkje skulle reise like vel. Det var eit sjokk, fortel Odette.
Ho fortel at heile familien gret. Dei hadde selt og gitt bort nesten alle tinga sine.
– Etterpå vaska mora mi og eg kleda til andre for å tene pengar til å kjøpe nye ting, seier Odette.
Stefaren deira stal pengane frå huset dei selde då dei førebudde seg til USA-reisa. Odette, mora og dei tre syskena brukar alle pengane dei får av Verdas matvareprogram (WFP) på husleige.
Vanskelegare situasjon
– Eg veit det er ein draum, men om eg kunne, ville eg bede USA opne grensa igjen, seier Odette.
Situasjonen til familien var no vanskelegare enn før dei fekk beskjed av UNHCR at dei fekk reise til USA som kvoteflyktningar.
– Første januar i år regna det masse. Fordi taket på huset ikkje var tett, kom det inn så mykje vatn at veggane i huset raste saman, fortel Odette.
Familien bur framleis i huset, i det rommet som er minst øydelagt.
– Vi har eit telt over tinga våre, så dei ikkje skal bli stole når vi ikkje er heime, seier Odette.
Ho er bekymra for korleis februar vil bli, fordi det er vanleg at det regnar mykje den månaden.
– I juli har eg dei endelege eksamenane på vidaregåande, men det er altfor mykje anna å tenkje på, fortel ho.
For at syskena skal ete, hender det ho må jobbe i staden for å gå på skulen. For eksempel vaskar ho for andre.
– Det er vanskeleg å tene pengar. Nokon gonger er det einaste vi et litt graut på kvelden, eller så et vi ikkje den dagen, forklarar ho.
Nokon gonger må ho vere heime for å fjerne vatn som kjem inn når det regnar eller passe syskena medan mora jobbar.
7000 får ikkje lenger dra til USA
– Overføring av flyktningar til USA er sett på hald på ubestemt tid, fortel Precious Nkoka på telefon til Framtida.no. Han har jobba for FNs høgkommissær for flyktningar, UNHCR, sidan 2022. Kutt i finansiering i 2025 reduserte staben frå 41 til 3.
Nkoka fortel at flyktningar har tre mogelegheiter. Det fyrste er å dra tilbake til heimlandet sitt, dersom det er trygt.
– I fjor drog over 100 burundiarar tilbake til Burundi. Men det er berre mogeleg om situasjonen er blitt betre, fortel han.
Nkoka fortel at det andre alternativet er å bli integrert i landet dei bur i.
– Men Malawi har reservert seg mot den delen av flyktningkonvensjonen som gir flyktningar rett til å arbeide, seier Nkoka.
Fordi flyktningane i Malawi ikkje får lov å jobbe er dei avhengig av tenestene til UNHCR og WFP. Begge FN-organisasjonane er ramma av kutt. I avisa Times Malawi kallar WFP sin landsrepresentant i Malawi, Hyun Joon, situasjonen katastrofal, fordi WFP ikkje har pengar å gi flyktningane stønad lenger etter juni 2026.
– Nokon har budd i leiren sidan 1994, men er framleis avhengig av matassistanse. Det er mykje betre om dei får lov å arbeide og sørge for seg sjølv, understrekar Nkoka.
Når heimlanda til mange flyktningar framleis ikkje er trygge, og politikken i Malawi er som han er, meiner Nkoka at det einaste alternativet for mange flyktningar er å bli overført til eit anna land.
– Frå Dzaleka har 2500 flyktningar blitt overført til eit nytt land kvart år. Majoriteten av desse drog til USA, seier Nkoka.
Han fortel at UNHCR hadde 7000 flyktningar i Malawi i prosess med å bli overført til USA då USA endra innvandringspolitikken.
Ikkje ein stad å vere barn
På grunn av mindre internasjonal finansiering til flyktningar er situasjonen i Dzaleka blitt vanskelegare.
– Myndigheitene har ansvaret for utdanning og helsetenester. Tidlegare støtta UNHCR diverse organisasjonar i leiren og lønna helsearbeidarar og lærarar, men stønaden frå UNHCR er redusert kraftig, seier han.
På grunn av mindre internasjonal finansiering til flyktningar er situasjonen i Dzaleka blitt vanskelegare.
– Det er ikkje nok plass og ressursar i leiren til at utdanninga blir god. Borna lærer i overfylte klasserom og har ikkje godt nok utstyr, seier han.
Nkoka fortel at den manglande støtta skapar risiko for borna.
– Mange born tek dårlege val på grunn av dette, som å gifte seg altfor tidleg, eller reise til andre land for å jobbe, noko som set dei i fare for menneskehandlarar, fortel han.
Nkoka meiner folk i Dzaleka vil bli desperate om ikkje anten den internasjonale finansieringa av flyktningar eller politikken i Malawi endrar seg.










