Studentar døydde under demonstrasjonar i Bangladesh

Alle offentlege og private universitet i Bangladesh vert stengde på ubestemt tid, etter at studentdemonstrasjonar har vorte valdelege.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Studentane har protestert i fleire veker i det sørasiatiske landet. Demonstrasjonane dreier seg rundt ein regel som seier at 30 prosent av jobbar i offentleg sektor er reserverte for familiemedlem av fridomskjemparane i uavhengigheitskrigen mot Pakistan i 1971.

Dette er særleg upopulært blant studentar, mykje grunna stor arbeidsløyse blant unge i landet. Nærmare 32 millionar unge bangladesharar står utanfor arbeidslivet eller utdanning.

Seks drepne og mange skadde

Demonstrantane har vorte stempla av statsminister Sheikh Hasina som «Razakar», ei gruppe som samarbeidde med Pakistan og arbeidde mot fridomskjemparane i den nemnde krigen.

Sidan har demonstrasjonane eskalert. Studentfløya til det regjerande Awami League-partiet har teke til motdemonstrasjon, noko som har ført til høgt konfliktnivå. Demonstrantar og motdemonstrantar har angripe kvarandre med steinar og metallstenger, og politiet har teke til gummikuler og tåregass for å løyse opp demonstrasjonane.

Over hundre studentar har vorte skada. Tysdag vart seks personar, inkludert minst tre studentar, drepne under opptøyane, ifølge politiet.

Stenger campusane

No har styresmaktene beordra alle universiteta i landet til å stenge ned, og studentar må forlate universitetsområda. Politi og grensevakt er sendt ut for å halde oppsyn på campusane.

Onsdag skal studentane halde prosesjonar med kister i solidaritet med dei som har mista livet, opplyser Nahid Islam, koordinatoren for anti-kvote-demonstrasjonane.

– Mange har forlate studentheimane i frykt for angrep frå motdemonstrantar, men mange studentar blir verande. Dei av oss som blir verande, kjem ikkje til å dra lett, seier ein anonym kvinneleg student ved Dhaka universitet til Reuters.


Demonstrantar i Nairobi 25. juni.