Jonas (23) pendlar 500 kilometer til kommunestyremøte
Jonas Aleksander Foldnes (SV) og Ina Christine Odden Granheim (H) prioriterer å vere kommunepolitikar i studietida.
– Dei fleste studentar må jo ha ein deltidsjobb ved sida av studia for å overleve, og eg har den kulaste deltidsjobben, slår Jonas Aleksander Foldnes (23) fast.
Når Framtida sin journalist slår på tråden til SV-politikaren, er han i Oslo, men i morgon må han rekke eit møte i heimkommunen Øygarden, like utanfor Bergen. Der sit Foldnes som den yngste representanten i kommunestyret, og er medlem av formannskapet og plan- og miljøutvalet.
Han pendlar frå studia i Oslo annakvar veke, oftast med Bergensbanen, men også somme gonger med fly.
– Det blir vel fort to veker med direktereise i løpet av eit år, fortel han.
Eit ekstra ansvar
Medan Foldnes blir godt kjent med Bergensbanen, kan Ina Christine Odden Granheim (20) ruta på R12-toget mellom Oslo og Kongsberg utanåt.
Ho vart valt inn for Høgre i kommunestyret til Kongsberg like etter ho starta tredje året på vidaregåande, og no pendlar ho heim rundt tre gongar i månaden.
– Eg endar alltid opp med å få strekningsrabatt på Vy kvar einaste månad, seier ho.
Framtida møter Granheim i Nydalen etter ho er ferdig med ei førelesing på BI.
Det er ikkje alltid enkelt å halde tritt med studia når ein er folkevald, og Granheim fortel at ho ikkje kan vere like fleksibel som andre studentar på førsteåret.
Dei folkevalde verva i kommunestyret, utvalet for helse og omsorg, og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne må kome først.
– Eg prioriterer det over alt anna, understrekar Granheim.
Ho stilte på 17. plass på Høgre si liste, men fekk så mange slengarar at ho rykka opp ti plassar, og dei personlege stemmene gjer at ho kjenner på eit ekstra ansvar.
Aldersgruppa minst representert
Foldnes og Granheim er eit mindretal i norske kommunestyre. I 2023 vart det valt inn 787 representantar mellom 18 og 29 år, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er under ni prosent av alle kommunestyrerepresentantar, og den lågaste andelen sidan 2007.
Dei fleste lokale representantar er enten i 50-åra eller over 60 år, med rundt 30 og 25 prosent av alle plassane.
Samstundes er det nye Stortinget historisk ungt, med ein snittalder under 45 år, og 17 av 169 representantar er under 30 år.
Folkevalde under 30 i norske kommunar
- 2023: 787 av totalt 9115 representantar (8,6 prosent)
- 2019: 999 av totalt 9344 representantar (10,7 prosent)
- 2015: 987 av totalt 10 624 representantar (9,8 prosent)
- 2011: 998 av totalt 10 785 representantar (9,3 prosent)
- 2007: 800 av totalt 10 952 representantar (7,3 prosent)
- 2003: 929 av totalt 11 138 representantar (8,3 prosent)
– Det er jo veldig viktig at vi har eit representativt demokrati. Det betyr at vi også treng unge folkevalde som kanskje lettare kan sjå perspektiva og synspunkta til dei unge i samfunnet.
Det seier Jakob Øvensen Anderaa, leiaren i Landsrådet for Norgeg barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), på telefon til Framtida.
Han viser til at det vart valt fleire unge representantar i kommunar der 16- og 17-åringar fekk lov å stemme i 2011 og 2015.
Valdeltakinga var historisk høg blant unge i stortingsvalet, og Anderaa er spent på om vi vil sjå det same engasjementet ved lokalvalet i 2027. Sjølv om mange unge engasjerer seg mykje i nasjonale og internasjonale tema, meiner han det også er mange saker på lokalt nivå der ein kan få gjennomslag.
– Dei tinga som kanskje er viktigast i kvardagen, er jo nettopp det som skjer i kommunen, med utdanningstilbod, fritidsaktivitetar og mykje av helsetilbodet.
Bestemte over vinmonopolet som 17-åring
I Kongsberg og Øygarden er Granheim og Foldnes dei einaste representantane fødde etter 2000.
Granheim meiner ho bidreg med verdifull erfaring. Sjølv om ungdomsrådet gjer ein god jobb, meiner ho det er noko heilt anna å faktisk bestemme kommunen sin politikk.
Ho poengterer at kommunen ofte ønsker å få dei unge studentane som reiser vekk, til å flytte tilbake til Kongsberg.
– Eg er akkurat den personen.
Granheim har fått erfare at dei nære sakene får meir plass i lokalpolitikken. Engasjementet hennar starta av at ho irriterte seg over ei rundkøyring som var blitt til eit lyskryss.
Ei av dei første sakene Høgre-representanten var med på å behandle, var om Vinmonopolet skulle flyttast, dagar før ho vart 18 år.
Korleis ein skal bruke pengar best i skulen og å ha eit godt fritidstilbod er nokre av sakene ho brenn for i dag.
– Eg er jo den i kommunestyret som er nærast i alder dei som går på ungdomsskulen, som ein også er med på å styre, seier ho.
Alt (utanom Palestina) blir bestemt lokalt
Foldnes frå Øygarden er glad han ikkje berre er eit ungdomsalibi, men også får rom til å løfte det han personleg bryr seg om.
I heimkommunen handlar det om å få bilen ut av sentrumsområde, så det blir betre for unge og eldre å kome seg fram.
– Dei vala vi tek dei neste ti åra, er dødsviktige for om vi kjem til å halde fram med å vere asfaltørken, eller om vi får grøne lunger der ein kan sitje og slikke sol.
Han meiner styrken i lokaldemokratiet er at ein kan ha direkte innverknad på den faktiske politikken, og at du personleg har meir å seie.
– Det er der det skjer. Palestina-spørsmålet blir ikkje avgjort i Øygarden, men nesten alt anna blir det.
SV-politikaren har diskutert alt frå skulenedlegging og om ein har råd til å halde bassenget opent, til etableringa av eit karbonfangstanlegg i kommunen.
– Mot Stortinget kan ein jobbe med påverknadsarbeid, sende e-post, stille i demonstrasjon, men i kommunestyret er det du som må ta kampen mot andre parti og overtyde dei.
Som representant for eit opposisjonsparti har han fått mange høve til dette. Foldnes planlegg å engasjere seg i politikken i framtida også, men trur han etter kvart skal få meir jobberfaring, før han vender tilbake.
Oppmodar fleire ugne til å engasjere seg
Granheim meiner ho har fått mykje kunnskap og utvikla seg på ein måte ho ikkje hadde gjort utan å vere kommunestyrerepresentant i Kongsberg.
– Skal du flytte tilbake til Kongsberg etter studia?
– Eg veit ikkje. Eg er jo veldig glad i Kongsberg, og synest Kongsberg er verdas beste by, så det blir jo sikkert fort det.
Det er eit høgdepunkt når ho får spørsmål frå andre unge på sosiale medium om politikk og kvardagen sin.
Sjølv om det er mykje jobb, som nokre gonger går ut over studia, oppmodar både Granheim og Foldnes unge folk til å stille til val neste år.
Foldnes synest det er bra at moderpartiet torde å plassere han øvst på vallista si.
– Partia må ikkje vere redde for ungdomspartia sine. Ein merkar kven som har vore i ungdomspolitikken og fått intensiv og god skulering.











