Palestinske Tala og israelske Michelle brevveksla for å forstå den andre sida betre

Israelske Michelle Amzalak oppmodar fleire israelarar til å lytte til palestinske perspektiv. – Det tillèt deg å sjå det store biletet, sjølv når det er ukomfortabelt og går imot det du vaks opp med å tru, skriv ho til Framtida.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.

«Jeg hadde aldri forestilt meg at jeg en dag skulle henvende meg til en israeler. Og enda mindre bli kjent med deg mens det pågår en krig mot folket mitt.»

Slik opnar palestinske Tala Albanna det første brevet ho sender til israelske Michelle Amzalak.

Dei to unge kvinnene har mykje til felles – dei er i starten av 20-åra, studerer juss og likar å lese bøker. Forfedrane deira er frå same stad, og dei bur ikkje mange kilometer frå kvarandre. Men ei grense og ei tilsynelatande evigvarande konflikt held dei likevel skilde.

Via journalist Dimitri Krier byrjar dei å skrive brev til kvarandre, for å forstå kvarandre betre. Dette er premissen for sakprosa-boka Vi er oppdratt til å hate hverandre.

Barriere av hat

– Eg var tvilande og stressa over å gå inn i denne korrespondansen, skriv Albanna på e-post til Framtida.

– Men etter å ha tenkt meg lenge om, kjente eg på motet, sidan eg ønskte å høyre det andre narrativet. Eg ville lære meir om tankane og historiene hennar, og dele mine med henne. Eg ville sjå ting annleis ved å bryte barrieren av hat som tida har skapt, fortel ho.

Tala Albanna vart fødd og vaks opp i Gaza by. Ho måtte flykte frå heimen sin etter at Israel gjengjelde Hamas-angrepet 7. oktober, og budde lenge i Deir al-Balah lenger sør i Gaza.

No skriv Albanna til Framtida frå Irland, der ho har starta på ein grad innanfor menneskerettar og juss ved universitetet i Galway.

– Orda kunne bli brukte mot meg

Israelske Michelle Amzalak skriv til Framtida frå Paris, der ho og Albanna har vorte inviterte til å snakke på eit arrangement. Om nokre dagar skal dei møtast igjen for andre gong, og Amzalak skriv at ho gler seg veldig.

– Det er rart og vedunderleg å tenke på at det å møte henne har vorte noko normalt eg kan gle meg til, noko som ville vore utenkeleg før denne korrespondansen.

Også Amzalak nølte før ho takka ja til å starte brevvekslinga med Albanna. Sjølv etter at ho godtok førespurnaden, heldt ho det privat, for ho var redd for at det kunne ha konsekvensar for livet hennar.

– Eg var redd for korleis det kunne bli oppfatta, om orda mine kunne bli brukte mot meg, om eg ville få profesjonelle eller personlege følger for kva eg skreiv, skriv ho.

– Til slutt var eg med på å gi ut denne korrespondansen fordi eg trur på det, og eg føler at på eit punkt er du nøydd til å vere villig til å akseptere konsekvensane av det du trur på. Eg er heldig nok til å ha eit støttesystem med folk som trur på denne boka slik eg gjer, skriv ho til Framtida.

Motstridande narrativ

Journalist Dimitri Krier, som sette i gang prosjektet, skriv at han etter 7. oktober 2023 opplevde at Israel stengde alle journalistar ute frå Gazastripa, noko som vart ei stor utfordring for pressa. Det vart naudsynt å finne andre måtar å fortelje om kva som skjedde der, på.

Han byrja å kontakte fleire unge israelarar og palestinarar og fekk dei til å skrive tekstar til magasinet Le Nouvel Obs. Han erfarte at nesten ingen av skribentane nemnde den andre sida, og nesten ingen var i stand til å forstå kva som skjedde over grensa. Det var då idéen om brevvekslinga kom til han.

Krier slår fast at ulike, motstridande narrativ kan eksistere på same tid, og at nokre gonger kan det vere den einaste freden ein kan sjå for seg.

– Eg kom over desse to ekstraordinære unge kvinnene, som føretrekker ord over våpen, som hadde nysgjerrigheita og motet til å opne ein dialog, utan å ta parti, men med ønske om å forstå. Dei prøver ikkje å sameine folka sine, eller å samanlikne lidingane sine. Dei berre deler historiene sine, sanninga si, skriv han til Framtida.

Tru på at okkupasjonen vil ta slutt

Palestinske Albanna fortel at ho starta brevvekslinga med Amzalak med stor skepsis.

– Eg hata alltid okkupantane som stal landområda, sjelene og draumane til palestinarar, skriv ho.

Ho vart fødd i Gaza by i det okkuperte territoriet og har knapt hatt høve til å reise og oppleve andre kulturar eller språk. Ho har aldri har besøkt andre plassar i Palestina. Det har forma måten ho har sett på israelarar på.

– Eg respekterer Michelle og alle andre jødiske personar som prøver å snakke ut eller støtte Palestina på kvar ein måte. Og eg har framleis lyst til å tru på at denne okkupasjonen vil ta slutt, skriv ho til Framtida.

– Har inntrykket ditt av naboane på den andre sida av grensa endra seg etter denne opplevinga?

– Eg ville verkeleg elske om alle kunne leve fredfullt saman utan diskriminering, konflikt eller vald. Eg skulle ønske det ikkje var noko okkupasjon som var bygd på Palestina. Sidan eg og Michelle begge har opphav i Jaffa, har eg vorte meir overtydd om ei éinstatsløysing som omfamnar alle religionar, skriv ho.

– Kva er din bodskap overfor andre palestinarar etter å ha blitt kjent med Michelle og hennar synspunkt?

– Eg forstår tapet og sorga dykkar. Det finst folk som Michelle som vil tene menneskeslekta ved å ta i bruk internasjonal lov for å avvise valden og diskrimineringa som går imot menneskerettar, og nekte å ta del i noko som valdar skade eller tap til palestinarar.

Ekstrem atmosfære

Amzalak på si side vaks opp i Jerusalem, der ho gjekk på ein skule med både israelske og palestinske elevar – den einaste blandingsskulen i Israel. Ho hadde palestinske vener frå Øst-Jerusalem som hadde opphaldsløyve, men ikkje statsborgarskap.

– Eg hugsar gonger dei gjekk glipp av skulen fordi styresmaktene hadde stengt ned nabolaga deira, skriv ho.

Etter 7. oktober fortel ho at atmosfæren i Israel vart ekstrem. Det kjendest som om ingen såg eller snakka om folket på Gaza som menneske, og ingen snakka om perspektivet og opplevingane deira offentleg. Då Krier kontakta Amzalak om dette prosjektet, såg ho det som ein genuin måte å få ei kommunikasjonsline og sjå ting slik dei var.

– Gjennom korrespondansen med Tala fekk eg høvet til å verkeleg sjå for meg livet hennar og forstå perspektivet hennar på ein meir personleg måte. Dei fleste israelarane har ikkje ei verkeleg, menneskeleg forbinding med nokon på den andre sida, og kan ikkje eigentleg forstå dei, skriv ho.

Ho legg vekt på tydinga av denne menneskelege og opne forståinga, og oppmodar andre israelarar om å lytte utan å vere defensive.

– Å gå i kontakt med palestinske perspektiv sviktar ikkje di eiga smerte eller ditt eige folk. Det tillèt deg å sjå det store biletet, sjølv når det er ukomfortabelt og går imot det du vaks opp med å tru, skriv ho.

Vil stille dei ansvarlege for retten

Albanna håpar framleis at det finst ein effektiv mekanisme som kan stoppe det ho kallar den sionistiske overmakta og undertrykkinga av palestinarar. Ho ønsker at dei ansvarlege kriminelle skal bli stilte for retten i straffedomstolar, og meiner det er naudsynt for å hindre vidare og framtidige grusomme hendingar i verda.

– Økonomiske og politiske straffar kan også bli lagde på styresmakter for å hindre brot på menneskerettane, skriv ho.

Ho kritiserer prosessane i Tryggingsrådet til FN, der medlemslanda har stemt for å krevje permanent våpenkvile i Gaza, men USA har lagt ned veto. Med det har Israel vorte immune mot reaksjonar, skriv ho.

Michelle Amzalak ber det internasjonale samfunnet om å halde alle partar ansvarlege, ikkje selektivt basert på kva som passar dei politisk.

– Det internasjonale rettssystemet er i ei krise der leiarar handlar utan risiko for konsekvensar. Det kan ikkje halde fram, skriv ho.

Ho rosar unge over heile verda som ettergår kva styresmaktene eller organisasjonane dei er ein del av, bidreg til på ein global skala, og talar ut imot det.

– Eg håpar fleire styresmakter og organisasjonar vil lytte, skriv ho.

– Mektig, men vanskeleg

– Kva meiner du er det mektigaste ved dette prosjektet?

– Å vere open, autentisk og medmenneskeleg var så mektig, men også vanskeleg, sidan temaet er politisk og sosialt sensitivt i miljøa våre og blant lesarane, svarar Albanna.

Ho håpar lesarane kan få mot til å halde seg opplyste, stå opp for dei rette verdiane, som menneskelegheit og fridom. Vidare håpar ho dei vil boikotte selskap som støttar forferdelege handlingar mot noko menneske.

– Det siste er å vere open og nysgjerrig, å alltid stille spørsmål og anerkjenne kor sårbare vi er utan kjærleik og venleik i denne verda.

Amzalak meiner boka synleggjer korleis det å skjerme eit folk mot eksponering for andre grupper menneske, skapar tilhøve der hat kan vekse ut av manglande kunnskap.

– Når folk kjem saman og snakkar direkte med kvarandre, blir det vanskelegare å kontrollere dei, vanskelegare å halde oppe narrativa som held oss adskilde. Denne korrespondansen demonstrerer behovet for å kommunisere på tvers av liner vi vert fortalde at vi ikkje skal krysse.

Ho håpar lesarane av boka lærer å høyre på stemmer som er annleise enn deira eigne. Særleg unge lesarar som ikkje er låste inn i eit fastsett tankemønster endå.

– Eg vil at dei skal stille spørsmål ved sine eigne antakingar, og ha motet til å utfordre kva dei har vorte lærte opp til til å tru, viss det ikkje går overeins med sanninga deira, og å ha mot i sine eigne overtydingar.

– Eit historisk dokument

Journalisten Dimitri Krier meiner det mektigaste med prosjektet er at skribentane tar lesaren med seg inn i liva sine. Han slår fast at rommet dei to skribentane har skapt saman, er eineståande.

– Dette er eit genuint historisk dokument som kan lesast om 50 år.

Han poengterer at israelaren i stor grad gjer dei innrømmingane som er naudsynt for ein dialog. Ho anerkjenner lidingane som regjeringa hennar har forårsaka og snakkar om folkemord og eit apartheid-regime.

Tala, på si side, held seg på line med idéen om palestinsk motstand, medan du kan lese mellom linene kor djupt uening ho er med metodane til Hamas.

Krier viser til at dei to kvinnene er del av ein ung generasjon som ikkje har levd gjennom Seksdagarskrigen, jom kippur-krigen, Oslo-avtalen eller intifadaene. Men dei har opplevd blokaden av Gaza, Hamas si maktovertaking og etablering av eit autoritært regime, så vel som ei styrking av ytre høgre i Israel og deira ekspansjonistiske agenda. Og sjølvsagt den noverande krigen.

– Kanskje er dette styrken og det nyskapande i kva Tala og Michelle gjer i denne boka. Det viser at møtepunktet – staden der forhandlingar og dialog er mogleg – har flytta seg. Som i denne korrespondansen, krevst det truleg fleire steg for israelarar i retning palestinarar enn før, skriv han.