Desse er nominerte til Tarjei Vesaas’ debutantpris
Forfattaren av ungdomsromanen Ruby baby er blant dei nominerte til den gjeve prisen.
Kvart år deler Den norske Forfatterforening ut Tarjei Vesaas’ debutantpris til årets beste skjønnlitterære debutant.
Årets nominerte er:
- April Alexandersdottir
- Anne-Lise Frøland
- Simen Holm
- Ane Sivertsen Landfall
- Nikolai Torgersen
Vinnaren blir offentleggjort fredag 6. mars 2026, og prisen blir delt ut på årsmøtet til Den norske Forfatterforening på Hotel Bristol i Oslo laurdag 7. mars.
Tarjei Vesaas’ debutantpris
- Prisen blei oppretta i 1964 av Tarjei Vesaas med pengane han fekk då han blei tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Is-slottet.
- Vinnaren får 60 000 kroner og eit diplom.
- Juryen er Den norske Forfatterforenings litterære råd.
Kjelde: Den norske Forfatterforening
April Alexandersdottir

Bokomslag: Forlaget Oktober
April Alexandersdottir (f. 2004) er nominert for Ruby, baby, som handlar om 19 år gamle Ruby som nyleg har flytta saman med kjærasten. Framtida.no sin meldar trilla ein femmar på terningen, og kalla boka «ein enormt sterk debut».
– Denne skrivarkunsten og forteljargleda er så uvurderleg at ho må sjåast av heile verda, meinte meldar Herman August Søberg om debutromanen hennar.
Vesaas-juryen meiner Alexandersdottir «skriv med eit imponerande driv, originalt og leikent, presist og poetisk».
Nikolai Torgersen

Bokomslag: Aschehoug
Nikolai Torgersen (f 1990) debuterte i 2025 med Gater jeg har levd. I boka skildrar han ein oppvekst i fattigdom, med rusmisbruk og omsorgssvikt. Romanen er laust bygd kring gater i Oslo der Torgersen har budd.
Språket er lett, elegant og musikalsk, samstundes som det som blir skildra er konkret, brutalt og vondt, skriv juryen.
Simen Holm

Bokomslag: Gyldendal
Simen Holm (f.1991) er nominert for novellesamlinga Fabrikkinnstillinger.
I novellene møter lesaren menneske i randsona til samfunnet, både rusavhengige, klimaaktivistar, einsame single og engstelege foreldre.
Juryen meiner Holms debut er ei ambisiøs og mangfaldig samling, og at han er ein moden forfattar.
Anne-Lise Frøland
Bokomslag: Samlaget
Anne-Lise Frøland (f. 1993) debuterte i 2025 med romanen Tynne rivner av lys. Det er ei forteljing om Vegard og Solveig, eit ungt par som flyttar til Vegard si heimbygd for å overta garden han kjem frå.
Juryen meiner Frøland leverer skrivekunst på høgt nivå, med eit presist og poetisk språk.
Ane Sivertsen Landfalds

Design: Marte Meling Enoksen, H//O//F
Ane Sivertsen Landfald (f.1988) si bok, Jordoppgang, skil seg ut frå dei andre debutantane. Boka har ikkje dikt eller forteljingar, men har tekstar som kan skildrast som sakleg-poetisk og detaljrik kortprosa.
Tekstane behandlar konsept og idear i ei form ein sjeldan ser i norsk skjønnlitteratur, skriv juryen.
Tidlegare vinnarar:
1964 Sigmund Jakobsen, Gjennom brend by
1965 Jan Erik Vold, Mellom speil og speil
1966 Tor Obrestad, Kollisjon/Vind 1
967 Johan Fr. Grøgaard, Dyvekes grav
1968 Rolf Sagen, Dørklinker
1969 Hans Sande, Strime
1970 Joachim Aremk, Tapetdører
1971 Eivind Reinertsen, Lukk opp dørene, krigen er over
1972 Erling Pedersen, Rottenes konge
1973 Steinar Lem, Signaler
1974 Karin Mathisen, Kanskje i morgen
1975 Ingvar Moe, Løktastolpefrø
1976 Lars Saabye Christensen, Historien om Gly
1977 Bjarne Rønning, Bjarne Huldasons sjøreise
1978 Sissel S. Bjugn, Den første avisa på Lofotveggen
1979 Hans Herbjørnsrud, Vitner
1980 Jo Eggen, Ting og tings skygger
1981 Frank A. Jenssen, Saltbingen
1982 Roy Jacobsen, Fangeliv
1983 Kjell Gjerseth, Chakoo
1984 Anne Bøe, Silkestrå
1985 Morten Harry Olsen, For alt hva vi er verd
1986 Sissel Lie, Tigersmil
1987 Aagot Vinterbo-Hohr, Palimpsest
1988 Torun Lian, Tre skuespill
1989 Anne Grete Hollup, Maria og knivmakeren
1990 Stein Versto, Ho blei borte i trappene
1991 Sylvelin Vatle, Alle kjenner vel presten
1992 Thure Erik Lund, Tanger
1993 Bertrand Besigye, Og du dør så langsomt at du tror du lever
1994 Cathrine Grøndahl Riv ruskende rytmer
1995 Harald Rosenløw Eeg, Glasskår og Tore Renberg, Sovende floke
1996 Steinar Opstad, Tavler og bud
1997 Lars Ramslie, Biopsi
1998 Trude Marstein, Sterk sult, plutselig kvalme
1999 Gunnar Wærness, Kongesplint
2000 Mirjam Kristensen, Dagene er gjennomsiktige
2001 Carl Frode Tiller, Skråninga
2002 Heidi Marie Kriznik, Applaus
2003 Sigmund Løvåsen, Nyryddinga
2004 Ole Asbjørn Ness, Det er natt
2005 Mette Karlsvik, Vindauga i matsalen vender mot fjorden
2006 Thomas Marco Blatt, Slik vil jeg måle opp verden
2007 Nils Henrik Smith, Manhattan skyline
2008 Lars Petter Sveen, Køyre frå Fræna
2009 Eivind Hofstad Evjemo, Vekk meg hvis jeg sovner og Kjersti A. Skomsvold, Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg
2010 Helga Flatland Bli hvis du kan. Reis hvis du må.
2011 Lina Undrum Mariussen, Finne deg der inne og hente deg ut
2012 Peter Franziscus Strassegger, Stasia
2013 Gine Cornelia Pedersen, Null
2014 Amalie Kasin Lerstang, Europa
2015 Kenneth Moe, Rastløs
2016 Jan Kristoffer Dale, Arbeidsnever
2017 Zeshan Shakar, Tante Ulrikkes vei
2018 Lars Svisdal, Seg til inkjes
2019 Hanna Stoltenberg, Nada
2020 Karoline Brændjord, Jeg vil våkne til verden
2021 Kristin Vego, Se en siste gang på alt vakkert
2022 M. Seppola Simonsen, Hjerteskog // Syđänmettä
2023 Monica Goksøyr, Slemme jenter
2024 Anna With, Eplet, nesten






