Nestleiar i Raud Ungdom går av etter kontroversiell video frå leiaren

Leiar i Raud Ungdom Amrit Kaur vitsa om drapet på Charlie Kirk. Nestleiar Ahmed Al-Saedi går av i protest.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

– For meg markerer nattas utspel frå Raud Ungdom sin leiar, slutten på mitt verv som nestleiar i Raud Ungdom, seier Ahmed Al-Saedi til Dagbladet. 

Leiar Amrit Kaur la natt til 11. september ut ein video på TikTok der ho vitsar om drapet på den amerikanske MAGA-kjendisen Charlie Kirk:

«Å folkens! Charlie Kirk døydde, folkens! Eg synest det er så kjipt. Kva skjedde med demokratiet? Å nei», seier ho i ein sarkastisk tone.

Høgreaktivist Charlie Kirk vart skoten og drepen under eit arrangement i Utah onsdag kveld.

Nestleiar Al-Saedi til Dagbladet at han ikkje er samd med utsegna til Kaur og tek avstand frå det som vart sagt. Han trer av som nestleiar med det same.

– Eg er på ingen måte tilhengar av Charlie Kirk, men politisk vald er aldri svaret på usemje, verken i USA eller i Noreg, seier han til Dagbladet.

Angrar

Videoen er no sletta. Til Dagbladet seier Kaur natt til torsdag at ho angrar.

– Eg sletta videoen fordi han kan oppfattast som at eg støttar drap av politiske motstandarar. Det gjer eg ikkje. Politisk motiverte drap er skummelt, og det skapar eit farleg og polarisert klima.

Framtida.no har forsøkt å kome i kontakt med leiar Amrit Kaur, avtroppande nestleiar Ahmed Al-Saedi, og generalsekretær Syver Kleve Kolstad utan hell.

Nestleiar Halvor Bergkvist fortel på telefon til Framtida.no at han ikkje har høve til å svare på spørsmål rundt saka no.

Riven med av «memes»

Torsdag har også Kaur publisert ein ny TikTok-video der ho tydeleggjer at verken ho, Raud ungdom eller Raudt støttar drap av politiske motstandarar, men forklarer at ho syntest det var ironisk grunna tidlegare utsegn frå Kirk.

Ho fortel Dagbladet at ho vart riven med av «memes» om Kirk sine tidlegare utsegn om folk døyr som konsekvens av våpenreglane i USA.

– Og hans støtte til folkemordet mot Palestina, seier Kaur.

– Skulle aldri Kaur ha gjort

Også leiar i moderpartiet Raudt kritiserer videoen.

– Raudt tek den sterkaste avstand frå alle former for vald og drap. Det høyrer ingen stader heime å vitse med dette. Dette skulle aldri Kaur ha gjort, skriv leiar Marie Sneve Martinussen i ei melding til Dagbladet.

I sosiale medium får Kaur sterke reaksjonar, mellom anna frå Simen Velle, partileiar i FpU.

– Eg synest det er litt spanande å sjå at høgresida lenge har kritisert venstresida for å ikkje takle dryg humor, men no er det plutseleg høgresida som ikkje toler det, seier ho til Dagbladet, før ho legger til at ho angrar, at det var drygt, kom for tidleg og var teit.

Kontroversar

Dette er ikkje første gongen Kaur får kritikk frå eigne partifellar. Då ho tok til i vervet som ny leiar i Raud Ungdom i 2024, var det etter å først ha blitt suspendert frå ungdomspartiet.

Starten av leiarperioden hennar var prega av intern konflikt og Kaur måtte beklage etter å ha kalla Jonas Gahr Støre (Ap), Jens Stoltenberg (Ap) og oljefondssjef Nicolai Tangen «terroristar».

I etterkant sletta Kaur videoen, og beklaga til Støre.