Raudt-leiaren ber Amrit Kaur gå av
– Ho har gjentekne gonger vist sviktande dømmekraft og manglande evne til å overhalde avklaringar, uttalar Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen.

Saka blir oppdatert.
– Over lengre tid har me prøvd å vise forståing, særleg med tanke på Kaurs unge alder, men ein stad må grensa gå, skriv Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen på Facebook.
Massiv kritikk
Etter at leiaren i Raud Ungdom, Amrit Kaur (21), la ut ein kontroversiell video på TikTok der ho harselerer med drapet på MAGA-aktivist Charlie Kirk, har ungdomspartileiaren hausta massiv kritikk.
Nestleiar i Raud Ungdom Ahmed Al-Saedi trekte seg på dagen, og i eit meiningsinnlegg i VG skriv KRF-politikar Joel Ystebø at han meiner Raudt bør bryte med eige ungdomsparti.
Raudt: – Ikkje eigna
Framtida.no har forsøkt å få ein kommentar frå Raudt-leiaren via pressekontakten, og spurt kva dei meiner Kaur må gjere no.
Nokre minutt seinare publiserte Martinussen eit Facebook-innlegg, der ho ber Kaur gå av som leiar for ungdomspartiet.
– Etter uttalane frå Kaur, har partileiinga i Raudt formidla til Raud Ungdom at me meiner Kaur ikkje er eigna som leiar av Raud Ungdom, og at me forventar at ho går av, skriv ho.
Det var Dagbladet som først omtala oppmodinga frå Raudt-leiaren.
Les heile Facebook-statusen her:
«Raudt tek den sterkaste avstand frå alle former for vald og drap. Det høyrer ingen stader heime å vitse med dette. Dette skulle aldri Kaur ha gjort.
Over lengre tid har me prøvd å vise forståing, særleg med tanke på Kaur sin unge alder, men ein stad må grensa gå. Kaur er ein politisk leiar som må ta ansvar for sine politiske utsegner. Ho har gjentekne gonger vist sviktande dømekraft og manglande evne til å overhalde avklaringar med Raudt.
Det er viktig at leiarar på alle sider av det politiske spekteret tek tydeleg avstand frå politisk motivert vald. For Raudt sin del må me ta eit særleg ansvar for å ha nulltoleranse mot relativisering av politisk motivert vald på vår side av politikken.
Etter uttalane frå Kaur, har partileiinga i Raudt formidla til Raud Ungdom at me meiner Kaur ikkje er eigna som leiar av Raud Ungdom og at me forventar at ho går av.»
Amrit Kaur har sletta videoen. Framtida.no har forsøkt å få ein kommentar frå Kaur, men har ikkje fått kontakt.
Til Dagbladet seier Kaur at ho angrar.
– Eg sletta videoen fordi han kan oppfattast som at eg støttar drap av politiske motstandarar. Det gjer eg ikkje. Politisk motiverte drap er skummelt, og det skapar eit farleg og polarisert klima.
Raud Ungdom tek avstand
På Facebook skriv Raud Ungdom:
– Raud Ungdom tek sterk avstand frå innhaldet Amrit Kaur delte på TikTok i går kveld. Det finst inga unnskyldning for å drepe politiske motstandarar – uavhengig av kor ueinige ein måtte vere. Raud Ungdoms sentralstyre beklagar fullt ut. Me skal evaluere situasjonen internt og sørge for at liknande feil ikkje vert gjort igjen.
Moxnes: – Unnskyld
Tidlegare leiar og no stortingsrepresentant for Raudt, Bjørnar Moxnes, skriv på Facebook at rasande veljarar har teke kontakt og at medlem har meldt seg ut. Han understrekar at det er nulltoleranse for politisk motivert vald i Raudt, og at utsegna til Kaur ikkje uttrykker Raudt sine meiningar og verdiar.
– Og til dykk som sjølv har opplevd politisk motivert vald, som sjølv har sett korleis offer for den valden har blitt ledd av og latterleggjort frå ytre høgre, og som i dag har kontakta meg og er både lei dykk og sinte, vil eg berre sei: UNNSKYLD, skriv han vidare.
Pressekontakt i Raudt Anna Blix stadfestar til Framtida.no at dei har fått 16 utmeldingar i dag, der sju av dei konkret har oppgitt videoen til Kaur som årsak til utmeldinga.
Hardarde offentleg samtale
FpU-leiar Simen Velle, AUF-leiar Gaute Skjervø, Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci og stortingsrepresentant for Raudt Mímir Kristjánsson er blant politikarane som har vore ute og kritisert videoen frå Kaur.
Skjervø, som sjølv overlevde terroren på Utøya i 2011, seier til NRK at han kontakta Kaur etter at han såg videoen på sosiale medium, og skal ha bede henne slette videoen og legge seg flat.
Han meiner den offentlege samtalen har blitt hardare enn før, og håpar på eit felles krafttak for å unngå at Noreg går meir i retning av USA. Velle la ut på Instagram at han ikkje er samd med Charlie Kirk i alt han meinte, men at han blir skremt av å sjå reaksjonane til enkelte av hans politiske motstandarar.
– Håpar Raudt tek avstand frå ungdomspartiet sitt snart, skriv han etter å ha delt videoen til Kaur.