Amrit Kaur er ny leiar i Raud Ungdom – var suspendert frå partiet

Den nye leiaren vil byggje opp att tilliten etter det interne bråket i ungdomspartiet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg stilte jo, og håpa på det, og er glad landsmøtet viser tillit til meg, seier Amrit Kaur (20) på telefon til Framtida.no.

Under helgas landsmøte vart Kaur vald til ny leiar av Raud Ungdom. Ho er ein av dei fem medlemmane som i februar vart suspendert frå ungdomspartiet.

Ifølgje VG var bakgrunnen for utestenginga at dei fem ungdomspolitikarane vart skulda for å vere medlemmar i den politiske plattforma Kommunistisk Enhet, noko dåverande leiar Liv Müller Smith-Sivertsen meinte skada ungdomspartiet. Ho sa til Klassekampen i forkant av landsmøtet at ungdomspartiet var utsett for eit kuppforsøk.

Smith-Sivertsen var innstilt til attval som leiar.

Kommunistisk Enhet

  • Kommunistisk Enhet skildrar seg som ei samanslutning av kommunistar.
  • Dei kallar seg ikkje for eit parti, men ei plattform for utvikling av politikk og strategi. Dei organiserer seg i eksisterande parti, fagforeiningar og protestrørsler, og fremjer meiningane sine der.
  • Kommunistisk Enhet ønskjer ei areidarrørsle som er bygd på radikaldemokrati og eit marxistisk program.
  •  Liv Smith-Sivertsen seier til VG at eit medlemskap i Kommunistisk Enhet ikkje er foreinleg med medlemskap i Raud Ungdom.

Kjelde: kommunistiskenhet.org

 

Gjekk i protest

Suspensjonen vart oppheva under Raud Ungdoms landsmøte med 45 mot 15 stemmer, og Kaur vart søndag stemd fram som ny leiar.

Då valde eit tjuetals medlemmar, inkludert tidlegare leiar Smith-Sivertsen, å gå frå møtet i protest.

– Det gjorde vi fordi vi ikkje kan stå inne for dette prosjektet lenger, fortel ho til VG.

Avviser kupp

Nyvalde Kaur avviser å vere ein del av Kommunistisk Enhet.

Ung kvinne smiler til kamera. I bakgrunnen er det plakat med «Fritt Palestina».

Amrit Kaur tar over som leiar av Raud Ungdom. Foto: Privat

Til Framtida.no forklarar Kaur at bakgrunnen for at ho blei suspendert ikkje handla om medlemskap i organisasjonen, men at ho var medlem av ein Discord-server, som var open for alle medlemmar.

– Eg anerkjenner ikkje at det er eit kupp. Eg blei vald med fleirtal og suspensjonen blei oppheva med tre firedels fleirtal, seier ho.

Ifølgje Kaur var det to tredjedelar av landsmøtet som stemde ho fram som leiar. Den nye ungdomspartileiinga består i tillegg av nestleiarane Halvor Bergkvist og Ahmed Al-Saedi.

Splitting

Under Instagram-posten der Raud Ungdom presenterer det nye sentralstyret, har Haugalandet Raud Ungdom, Troms Raud Ungdom og Østfold Raud Ungdom kommentert #ikkevåresorganisasjon.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Rød Ungdom (@rod_ungdom)

– Korleis skal du skape ro og vere ein samlande leiar for partiet?

– Eg har tenkt å fokusere mykje på å jobbe med å vinne att tillit, fokusere på openheit, gjennomsiktigheit, demokratisk praksis og raustleik, svarar Kaur.

Ho seier det ikkje er to fraksjonar i ungdomspartiet, men erkjenner at det har vore splitting. På spørsmål om det er rom til også dei som gjekk frå landsmøtet og den andre sida av konflikten under hennar leiing, svarar Kaur at det er rom for alle i ungdomspartiet.

– Politisk usemje synest eg berre er bra, og eg håpar folk vil ytre meiningane sine opent.

Palestina og antirasisme

Kaur trekker fram frigjering av Palestina og anerkjenning av Palestina som eigen stat som viktige saker for ungdomspartiet framover. Antirasisme er òg ei hjartesak for politikaren, som kjem frå Drammen. Byen har i det siste vore i søkjelyset etter at kommunestyret gjekk inn for å berre ta imot ukrainske flyktningar.

Ho synest spesielt Arbeidarpartiet har vore skuffande stille når det kjem til antirasisme.

– Vi håpar òg å engasjere ungdom med innvandrarbakgrunn.