Kva skjedde eigentleg i Raud Ungdom?

Kuppskuldingar, terrorist-utspel, protest-utmeldingar og ein leiar som vart pressa av Raudt til å gå av. Korleis enda Raud Ungdom her?

Ingvild Leirfall, Åshild Slåen
Publisert

På berre to veker gjekk Raud Ungdom frå å vere med på å feire Raudt sitt beste stortingsval nokosinne, til å motta massiv kritikk både internt og eksternt etter eit kontroversielt utspel og miste både leiaren og nestleiaren.

Men dette er berre toppen av isfjellet etter fleire år med uro og konflikt, med kontroversielle utsegn, eit splitta ungdomsparti, mistillit, kupp-skuldingar og suspensjonar.

– Konflikt over lengre tid

– Viss eg skal prøve å sjå på utviklinga litt objektivt vil eg seie det var veldig mykje konflikt over lengre tid i ein organisasjon som ikkje klarte å samle seg, seier Halvor Bergkvist (22) som no er fungerande leiar i ungdomspartiet.

Framtida.no møter han i Raud Ungdom sine lokale i Oslo.

Han har vore medlem sidan 2017. I 2022 vart han vald inn i sentralstyret og i 2023 vart han nestleiar. Han har dimed jobba i styret saman med dei tre siste leiarane i partiet: Alberte Bekkhus, Liv Müller Smith-Sivertsen og, inntil nyleg: Amrit Kaur.

Fungerande leiar i Raud Ungdom, Halvor Bergkvist. | Foto: Åshild Slåen

Skakkøyrt etter koronakrisa

– Etter koronakrisa var organisasjonen litt skakkøyrt og sjølv om motivasjonen var stor for å fikse han, så var det veldig ulike idear om kva som måtte til for å få Raud Ungdom til å fungere bra og bygge opp att organisasjonen, seier Bergkvist.

Han meiner konflikten i partiet etter kvart vart meir personleg enn politisk, noko som toppa seg ved landsmøtet i 2024.

Amrit Kaur hadde nemleg ikkje berre ein dramatisk avgang som leiar, også oppstarten av hennar leiarperiode var prega av mediestorm og konflikt.

Splitting og ulike historier

– Me har to organisasjonar i éin organisasjon, sa dåverande leiar Liv Müller Smith-Sivertsen i Klassekampen før landsmøtet i 2024.

I ungdomspartiet er det to historier om kva som eigentleg skjedde denne våren.

Framtida.no har prata på telefon med avgått leiar Amrit Kaur og Julian Archer De Muer (20) i Follo Raud Ungdom, og med fungerande leiar Halvor Bergkvist i lokala til organisasjonen i Oslo.

Tidlegare Raud Ungdom-leiar, Liv Müller Smith-Sivertsen. | Foto: RU

Me har også prata med Shadia Marie Nordberg (18), som var ein av dei som var innstilt av valkomiteen som fast landsstyrerepresentant før landsmøtet i 2024, men som gjekk ut av landsmøtet i protest då Kaur sitt styre vann, og meldte seg ut. I dag er ho medlem av AUF.

Tidlegare leiar Smith-Sivertsen ynskte ikkje å bli intervjua, men har fått lagt fram artikkelen og svara dette på e-post til framtida.no:

– Eg kjenner meg ikkje igjen i verkelegheitsskildringa og desse utsegna. Då eg fekk mistanke om at RU vart infiltrert av ein hemmeleg organisasjon og vart gjort merksam på ein tone i interne forum som ikkje heldt mål, meinte eg det var mitt ansvar som leiar å ettergå det. Om eg ikkje hadde tatt mistanken på alvor, hadde eg ikkje følt at eg hadde gjort jobben min som leiar av RU.

Klikk på pila for å lese heile svaret under:

Heile tilsvaret til Smith-Sivertsen:

Eg kjenner meg ikkje igjen i verkelegheitsskildringa og desse utsegna. Då eg fekk mistanke om at RU vart infiltrert av ein hemmeleg organisasjon og vart gjort merksam på ein tone i interne forum som ikkje heldt mål, meinte eg det var mitt ansvar som leiar å ettergå det. Om eg ikkje hadde tatt mistanken på alvor, hadde eg ikkje følt at eg hadde gjort jobben min som leiar av RU. Landsmøtet var samde i bekymringa mi, og vedtok fleire punkt om å undersøke denne hemmelege grupperinga ytterlegare. Ettersom eg ikkje er aktiv i RU lenger veit eg ikkje om det har blitt følgt opp.

Som leiar av eit ungdomsparti er det naturleg å ha dialog med moderpartiet og andre som har bakgrunn frå organisasjonen, men RU er ein sjølvstendig organisasjon som tek sine eigne val, og det gjeld også for leiaren av RU. No er det snart to år sidan eg gjekk ut av ungdomspolitikken, eg har bevegd meg vidare og håpar at andre også gjer det. Eg har alltid meint at Raud Ungdom må famne breitt, og fange opp ungdommar som ikkje har noko anna til felles enn klassen dei tilhøyrer. I møte med dagens store utfordringar treng ein ei demokratisk og open ungdomsrørsle, som løfter sakene vanlege ungdommar er opptekne av. Eg håpar RU vil gjere den jobben, og ynskjer dei lukke til.

«Dei moderate»

Ifølgje Bergkvist ønskte sentralstyret og Smith-Sivertsen meir tillit frå medlemmene. I staden var opplevinga Smith-Sivertsen og fleire andre hadde at dei var utsette for eit kommunistisk kupp der ei rekke medlem i partiet var med på eit indre opprør for å ta over leiinga og maktposisjonar.

Desse skal ha delt meldingar, skitkasting og strategiar i ein Discord-chat kalla «Marxistisk gruppe» under pseudonym, ifølgje Nordberg og skjermdumpar NRK har fått tilgang til.

Nordberg er ein del av den såkalla moderate fløya, som saman med tidlegare leiar Liv Müller-Smith, var nærare partileiinga i Raudt enn den meir radikale fløya leia av Amrit Kaur. Fleire av desse medlemmene var ifølgje Smith-Sivertsen lojale til Kommunistisk eining og skulle infiltrere organisasjonen innanfrå.

Eit lokallag bad om å suspendere 26 medlemmer og landsstyret suspenderte fem medlemmer i 12 månader, for brot på vedtektene. To av medlemmene som vart suspenderte var Amrit Kaur og Syver Kleve Kolstad, som begge sat i sentralstyret og utfordra leiarposisjonane i partiet.

Til Aftenposten forklara dåverande leiar Smith-Sivertsen at dei suspenderte medlemmene hadde «skada organisasjonen» gjennom å jobbe mot partiet sin politikk og forhindra eit sunt og demokratisk liv i organisasjonen.

Tidlegare RU-medlem: – Hjernevaska

Den moderate Raud Ungdom-fløya meiner at den radikale sida brukte dei lukka gruppene til å få med seg nye og unge medlemmer, skvise ut dei som var usamde med dei, og påverka kven som vart sendt som delegatar til landsmøtet slik at fleire radikale fekk stemmerett, ifølgje Nordberg.

– Me fekk sjå screenshots, og det stod fram som ein heilt tydeleg og strategisk plan om å få ut sentralstyret og dei som var innstilt, i tillegg til mykje dritslenging og spekulerande kommentarar om namngjevne personar i styret. Dei hadde rekruttert dei unge og nye i denne chatten, og det blei ei slags hjernevasking av dei inn i same retorikk.

Det seier Nordberg på telefon til framtida.no.

Shadia Marie Nordberg (18), var ein av dei som var innstilt av valkomiteen som fast landsstyrerepresentant før landsmøtet i 2024, men som gjekk ut av landsmøtet i protest då Kaur sitt styre vann, og meldte seg ut. I dag er ho medlem av AUF. | Foto: Privat

Smith-Sivertsen sa til NRK etter landsmøtet i 2024 at dei var om lag 20 stykk som gjekk ut av landsmøtet.

– Me gjorde eit forsøk på å ta eit oppgjer med ukulturen i Raud Ungdom, men vann ikkje fram. Me vil ikkje vere ein del av dette lenger, men vel å sjå framover og heller halde fram det gode samarbeidet med Raudt, sa ho til kanalen.

«Dei radikale»

Amrit Kaur (i midten) saman med det nye sentralstyret til Raud Ungdom i 2024. Foto: Skjermdump frå Instagram

– Ukulturen i partiet er jaget etter utkastingar. Antydningar og skuldingar om kupp er fjerne for meg, sa den nyvalde leiaren Amrit Kaur til NRK dagen ho vart vald.

På den andre, meir radikale, venstrevridde og ideologiske sida er nemleg forteljinga ei heilt anna.

– Tillit må byggast, ikkje krevjast, og det var noko den tidlegare leiinga ikkje fekk til, seier Bergkvist.

På denne fløya opplevde dei ei leiing under Smith-Sivertsen som tok diskusjonar på kammerset, at medlemmene ikkje fekk innsyn i arbeidet til sentralstyret, der Discord-gruppa vart brukt som studiesirkel, og Element-gruppa til aksjonar – men at dette vart brukt som unnskyldning til å suspendere utfordrarar til leiarvervet.

Meiner det var maktkamp

Denne fløya meiner det var maktkamp som førte til suspensjonane, ikkje brot på vedtektene, fordi det skjedde kort tid etter at Kaur og Syver Kleve Kolstad stilte som utfordrarar til den sittande leiaren.

– Trur du suspensjonane hadde noko å gjere med at du hadde sagt du ville bli leiar?

– Ja. Eg trur ikkje det nødvendigvis berre handla om meg, men at dei ikkje ville at leiinga skulle bli byta ut, seier Kaur.

Bergkvist seier at han ikkje veit om det var grunnen, men at det kjendest sånn for både han og andre.

At dei som sa dei ikkje syntest det var bra nok og ønska noko meir, blei kasta ut, og at viss ein kritiserer leiinga så blir ein kasta ut. Det er jo ein kultur som eg meiner er veldig skadeleg, seier Bergkvist, som då var nestleiar og no er fungerande leiar.

Han var kritisk til prosessen og usamd i vedtaket om å suspendere medlemmene, skildra prosessen som «rotete og udemokratisk» og var blant 88 medlemmer som signerte på eit opprop om å omgjere vedtaket om suspensjon på landsmøtet.

Smith-Sivertsen avviste at det handla om maktkamp, men sa til Klassekampen at «organisasjonen som har oppdrege meg som menneske ikkje skal kuppast av ei sekterisk gruppe».

Eit politisk oppgjer

Framtida.no har sladda referatet

Kaur hevdar at då ho tok over som leiar, fekk ho tilgang til leiar-PC-en som mellom anna Smith-Sivertsen hadde hatt, som ho meiner inneheldt bevis for maktkamp.

– Dei hadde ikkje rukke å slette alt, og der var det fleire interessante dokument, seier ho på telefon til Framtida.no.

Ho fortel om mapper på ulike medlem, også utover dei 26 som vart foreslått suspendert, med skjermdumpar av ting dei har posta på sosiale medium. Kaur foreslo sjølv å sende dokumentasjon på dette til Framtida.no, men har etter fleire purringar ikkje levert dette.

– I tillegg var det ein heilt tydeleg plan om korleis dei skulle få oss ut av organisasjonen og sikre at dei vann valet på landsmøtet, fortel Kaur.

Framtida.no har fått tilsendt dokumentet frå Amrit Kaur, men ingen me har snakka med vil stadfeste om det er ekte eller ikkje. Ein av dei som vert omtala i dokumentet stadfestar til Framtida.no at han var med i eit møte i desember 2023, som det vert referert til i dokumentet.

Det er eit møtereferat, datert 21. desember 2023 der dåverande Raud Ungdom-leiar diskuterer korleis dei skal bygge ein sak mot «dei sentrale og aktive medlemmene av fraksjonen» og «forberede eit politisk oppgjer og samle organisasjonen rundt ei omforent retning».

Smith-Sivertsen vil ikkje kommentere utover svaret ho har gitt på e-post, der ho mellom anna skriv:

– Eg kjenner meg ikkje igjen i verkelegheitsskildringa og desse utsegna.

RU-medlem: – Absolutt ikkje eit kupp

Medlem i Follo Raud Ungdom, Julian Archer De Muer (20) seier på telefon til Framtida.no at medlemmene fekk lite informasjon om suspensjonane då dei etterspurde dette frå leiinga, og ikkje fekk sjå skjermdumpar og høyre leiinga si side før landsmøtet skulle starte. Då vart diskusjonskanalane i partiet stengt, og hen meiner at det vart gjort med overlegg slik at medlemmene ikkje fekk høve til å diskutere saka seg i mellom.

Julian Archer De Muer (20) i Follo Raud Ungdom | Foto: Privat

– Det var absolutt ikkje eit kupp som skjedde på landsmøtet. Om dei meiner at resultatet på landsmøtet har noko med hjernevasking å gjere, kan eg ikkje seie at eg har sett det, seier hen.

Hen meiner at mange i organisasjonen hadde ein veksande mistillit mot den førre leiinga under Smith-Sivertsen og at mistilliten i stor grad vart forsterka av korleis suspensjonane vart behandla, utan at det var noko Kaur pressa på dei.

– Eg opplevde det som at me var mange som hadde mista tillit til leiinga over lang tid, og at Kaur og det nye styret hadde stor støtte i partiet.

Hen er kritisk og skildrar det som at dei fekk veldig lite informasjon då dei fekk beskjed om at nokre hadde blitt suspendert grunna brot på vedtektene.

– Nokre, ikkje frå leiinga, sende medlemmene sakspapira frå saka, som hadde veldig tynt grunnlag og det stod fram som mistenksamt saman med det me fekk høyre frå dei som var suspenderte.

RU-leiar: – Det var lite tillit

Bergkvist fortel at han og resten av Kaur si sentralstyreliste gjekk til val på ein meir open partikultur, og meiner det var det dei vann på.

– Var det eit kupp?

– Altså viss eg hadde sete her og sagt det var eit kupp så hadde jo det gjort min posisjon ganske lite legitim, men eg slit med å sjå kvar og når kuppet skulle vore. Alle hadde høve til å seie sitt og stemme det dei ville. Det gjorde dei og så var dette resultatet ein fekk, seier Bergkvist.

Han forsikrar om at det var opne og frie delegatval i forkant av landsmøtet, at alle lokallaga hadde høve til å velje kven dei ville sende sjølv, og at dei hadde to stemmeteljarar, ein frå kvar sentralstyreliste, for at alle skulle stole på resultata på landsmøtet.

– Det var lite tillit der, så det var noko me gjorde bevisst. Hadde me klart å stole 100 prosent på kvarandre og at det ikkje ville bli juks, hadde me kanskje ikkje trengt det.

– Det var heilt kaos

– Det var eit demokratisk val. Eg vann med 66 prosent av stemmene. Det var ikkje eit kupp. Du kan spørje kven som helst av dei aktive medlemmene. Det handla om at dei likte oss meir, seier Kaur på telefon til Framtida.no.

Ho meiner at skjermdumpane viste to personar som skreiv i ein chat at «desse personane må benkast» og nokon som svarer «einig».

– Og det var på ein måte det einaste som impliserte noko konspiratorisk.

Ifølgje Kaur var Discord-chatten Marxistisk plattform ei open gruppe for medlemmene, og som også fleire som gjekk ut av landsmøtet var i. I etterkant av møtet skal fleire av det gamle styret som var administratorar i RU si Facebook-gruppe ha posta at det hadde skjedd eit kupp i Raud Ungdom.

– Og alt anna som blei posta blei sletta. Det var heilt kaos, og Some-krig, seier Kaur.

Landsmøtet 2024

Uansett om du trur på forteljinga til den moderate eller den radikale fløya er det éin ting dei er samde om: det var splitting og mistillit.

På landsmøtet i april 2024 vart det fleirtal for å omgjere vedtaket om å suspendere dei fem medlemmene, inkludert leiarkandidat Amrit Kaur og nestleiarkandidat Syver Kleve Kolstad.

Valkomiteen si innstilling til styre vart vraka, og styreinnstillinga med Amrit Kaur og ti andre medlemmer fekk fleirtal med 41 mot 20 stemmer.

Berre to av dei som eigentleg var føreslått frå valkomiteen var med vidare, og om lag 20 personar gjekk ut i protest saman med den vraka leiaren Liv Müller Smith-Sivertsen.

Spliden heldt fram

Men dramaet i ungdomspartiet stoppar ikkje der.

Kaur vart leiar i eit parti som var splitta, prega av mistillit, der ho ikkje kunne få opplæring av det førre styret, og det var ifølgje henne, lite kontakt med moderpartiet.

– Ein måtte ha ein leiar som var meir open, og som ønska ein meir open organisasjonskultur, og då vart Amrit peika på som den ein ønskte, men ho hadde ikkje fått veldig mykje opplæring i forkant, fekk lite overlapp frå førre leiing og vart litt kasta ut i det, seier Bergkvist.

Skjermdump av kritisk kommentar frå Finnmark Raud Ungdom. Regionslaget fortel at dei fleire gongar la ut kommentaren, men at den blei borte.

I dagane etter valet opplevde dei at den interne spliden heldt fram i offentlege kommentarfelt på Raud Ungdom sin Instagram-profil der fleire lokallag kommenterte #ikkevåresorganisasjon og det kom påstandar om både hacking og sensur. 

Terrorist-utspel og utmeldingar

3. mai smalt det igjen for ungdomspartiet, då Kaur la ut ein TikTok-video der ho kalla statsminister Støre og Stoltenberg for terroristar. TikTok-videoen var ein kritikk av oljefondets investeringar i våpenselskap med avtalar med Israel.

AUF reagerte sterkt på at ho «plasserte Støre inn i same kategori som terroristen som sto bak åtaket på Utøya 22. juli 2011». Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen tok avstand og bad Raud Ungdom beklage.

Fleire melde seg ut av partiet etter både kuppskuldingar og kritikk til den nye leiinga og terrorist-utsegna, inkludert dei tidlegare leiarane Alberte Bekkhus og Smith-Sivertsen.

Smith-Sivertsen lufta idéen om å skipe eit nytt ungdomsparti for Raudt, og ein landsstyremedlem i Raudt tok til orde for å kutte pengestøtta til ungdomspartiet.

Kaur trekte utspelet tilbake og orsaka at ho hadde brukt ordet terrorist då ho omtala Støre, Stoltenberg og Tangen.

– Det var ikkje berre dumt, det er feil. Det stemmer ikkje, sa Kaur i Politisk kvarter-sendinga der ho møtte Astrid Hoem, dåverande leiar i AUF.

I si offentlege orsaking skreiv ho at: «Likevel meiner eg det er nødvendig å kritisere regjeringa med Støre i spissen når dei forheld seg passive til eit pågåande folkemord. (..) I namnet av å kjempe mot terror, har Noreg blitt ein av verdas største krigsprofitørar, og det er på tide at vi snakkar om det».

Nestleiar trekte seg i protest

Eitt år og fire månadar etter terrorist-utspelet, like etter Raudt sitt brakval, gjekk Raudt-leiinga nok ein gong ut i media for å ta avstand frå Kaur sine utsegn.

Denne gongen vart det om mogleg endå sterkare reaksjonar. Kaur hadde lagt ut ein TikTok-video der ho vitsa om drapet på den amerikanske MAGA-kjendisen Charlie Kirk:

«Å folkens! Charlie Kirk døydde, folkens! Eg synest det er så kjipt. Kva skjedde med demokratiet? Å nei», sa ho i ein sarkastisk tone.

Høgreaktivist Charlie Kirk vart skoten og drepen under eit arrangement i Utah same kveld.

Nestleiar Ahmed Al-Saedi trekte seg i protest allereie same natt.

Klokka 12.47 gjekk partileiar Marie Sneve Martinussen i Raudt offentleg ut og bad Kaur trekke seg. 12.51 la Raud ungdom ut på Facebook at dei ikkje stod bak utsegna.

15.02 gjekk Kaur av som leiar.

Kaur: – Ho som er gærn på TikTok

– Det var allereie på framsida av ulike aviser då eg la meg, men eg tenkte ikkje at det skulle bli så stort, seier Amrit Kaur på telefon til Framtida.no.

Kaur fortel at ho vakna rundt klokka 10 til ei rekke ubesvarte anrop. Berre få timar seinare følte ho seg pressa til å gå av for å ikkje øydelegge for ungdomspartiet.

– Eg hadde ikkje eigentleg lyst til å trekke meg og følte meg ikkje ferdig. No sit eg igjen og er ho der som er gærn på TikTok.

Den tidlegare ungdomspartileiaren peikar på at ho har jobba seg opp i organisasjonen frå lokallagsleiar og fylkesleiar og ei rekke verv, fram til ho vart vald som leiar.

Ho hevdar ho jobba 60 timars arbeidsveker utan overtidsbetaling, og at ho enda opp med å droppe ut av studia for å kunne følge opp leiarvervet som ho ville. Ifølgje Kaur har ho brukt sin designbakgrunn til å lage nettsida, alt valkampmateriale i år og den nye grafiske profilen, og i tillegg halde bøllekurs og bølleleiarkurs.

– Eg har gjort så jævlig mykje for den organisasjonen og gitt mitt alt. Det syg skikkeleg at fordi at eg posta den videoen så forsvinn alt saman, seier Kaur.

Ho vil framleis jobbe med politikk og sakene ho brenn for, men ikkje i partipolitikken.

– Synest Kaur var ein veldig god leiar

Dagen etter Kaur trekte seg vart det ekstraordinært landsstyremøte for Raud Ungdom der hovudsaka var utspela i media.

Julian Archer De Muer i Follo Raud Ungdom vil ikkje kritisere Kaur.

– Eg trur det kunne skjedd kven som helst av oss. Ein ung leiar for eit radikalt parti. Me som parti kunne også ha tatt meir ansvar, og ein av hovudutfordringane trur eg har vore at me ikkje har hatt ein tydeleg medieplan. Eg tenker det blir viktig at me alle blir meir medvitne på at det me legg ut på sosiale medium eller ytrar i media faktisk blir teke som representasjon av partiet, og at me oftare bør sende det til nokon me er trygge på i organisasjonen og berre dobbelsjekke at dette er innafor før me publiserer, fortel De Muer på telefon med Framtida.no.

Kaur si tid som leiar har vore prega av kritikk, mediestormar, utmeldingar og avstand frå moderpartiet.

– Det blei ein del kontrovers og moderpartiet var tydelege på at dei ikkje likte det. Eg syntest Kaur var ein veldig god leiar og synest det er synd at det måtte bli sånn, sjølv om eg meiner det var rett av ho å gå av no og ta ansvar, seier De Muer.

– Få kvinner og minoritetar i politikken

Fungerande leiar Halvor Bergkvist har stilt seg disponibel til valkomiteen til å kunne sitje som leiar fram til landsmøtet neste vår, og vidare dersom det blir aktuelt. Han meiner at organisasjonen ikkje klarte å vere det støtteapparatet Kaur trengde.

Demonstrasjonstog med ei fan med teksten "Ingen fred uten frihet, ingen frihet uten kamp"
Amrit Kaur og Raud Ungdom demonstrerer. | Foto: Privat

– Som er synd, for utanfor Raud Ungdom blir ho sett på som ho som sa noko rart. Det veldig mange ikkje ser, som eg og Raud Ungdom har sett, er at ho har gjort enormt mykje for å styrke organisasjonen internt. Ho har vore ein veldig raus leiar som alltid hadde tid til medlemmene, som bygde ein god kultur der alle fekk plass på arrangement, på møte og bygd organisasjonen. Men det krev mykje, og når Raud Ungdom over tid ikkje har hatt gode system og rutinar for det, så trur eg ho har synest det har vore veldig slitsamt.

Han meiner også Kaur har møtt på ekstra motstand og kritikk, grunna rasisme.

– Enkelte av utsegna hennar er negative og eg er usamd med dei, men eg trur at veldig mykje av den negative responsen ho vart møtt med i samfunnet handlar om at ho er brun og at ho er kvinne. Og det kan jo vere vanskeleg for andre å setje seg inn i korleis det vert opplevd.

Eg likar ikkje å ta ei offerrolle, men eg vil skrive under på det, seier Kaur då ho får høyre kva Bergkvist har sagt.

Ho trur at ikkje at sakene hadde blitt like store om ho var ein kvit mann, og fortel også om det å måtte kjempe om ordet, å jamleg oppleve seksuell trakassering på nett og på fysiske arrangement, eit press om at det ein seier blir teke som representativt for alle kvinner og alle med innvandrarbakgrunn og at det har vore litt slitsamt å vere ein del av offentlegheita i det heile tatt.

– Det har vore mange dumme ting dei andre ungdomspartia har sagt eller gjort, som aldri har blitt ei så stor sak. No har eg vore i ein usedvanleg rar situasjon heile mi tid i Raud Ungdom, men eg trur kanskje at dette er ei sak ein kan vise til om ein vil spørje seg sjølv kvifor det er så få kvinner og minoritetar i politikken. 

Veit ikkje kva Raud Ungdom er

No er det Bergkvist som skal styre skuta vidare, i førsteomgang som fungerande leiar.

Kaur trur han blir ein god leiar og meiner han er meir diplomatisk som type enn henne. 

– Eg fokuserte mykje på RU sine politiske saker og organisasjonane som jobbar for dei sakene, men eg trur han kan vere flink til å ha meir kontakt med andre organisasjonar også. Og så har han allereie vist at han er god i debattar.

Sjølv meiner han den viktigaste jobben framover blir å vise tydeleg kva Raud Ungdom står for.

– Eg trur mange ikkje eigentleg veit heilt kva Raud Ungdom er. Mykje av det er at me prøver å presentere eit alternativ til dagens samfunn. Å seie at når dagens samfunn er eit klassesamfunn med store skilje der milliardærane har veldig mykje makt over vanlege folk, når Israel har veldig mykje makt over palestinarane sine liv, og USA held på å bli eit fascistisk regime – at det finst eit alternativ til det. At det går an å ha meir demokrati, meir fridom, meir rettferd, avsluttar den fungerande leiaren.