Raud Ungdom sletta kritiske kommentarar etter maktskifte

Finnmark RU sin kritiske kommentar om det nye styret vart fjerna. Samstundes mistenker Vestland RU nokon frå det gamle styret for å ha kapra Instagram-kontoen deira.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Måndag skreiv Framtida.no at Haugalandet Raud Ungdom, Troms Raud Ungdom og Østfold Raud Ungdom hadde kommentert #ikkevåresorganisasjon under Instagram-posten der det nye sentralstyret i Raud Ungdom blir presentert.

Under ungdomspartiets landsmøte i helga, vart leiar Liv Müller Smith-Sivertsen vraka, og Amrit Kaur, som tidlegare var suspendert frå partiet, valt i staden. Då valde eit tjuetals medlemmar, inkludert tidlegare leiar Smith-Sivertsen, å gå frå møtet i protest.

I etterkant av saka har Framtida.no fått tips om at andre regionale lag har kommentert #ikkevåresorganisasjon under innlegget, men at kommentarane har forsvunne.

Skjermdump frå tipsar av kritisk kommentar frå Finnmark Raud Ungdom. Regionslaget fortel at dei fleire gongar la ut kommentaren, men at den blei borte.

– Kommentarane blei fjerna

– Eg kan stadfeste at dette stemmer. Vi kommenterte dette fleire gonger, men kommentarane blei fjerna i kommentarfeltet kvar gong vi posta dette!

Det skriv leiar av Finnmark Raud Ungdom Thea Fremstad i ein sms til Framtida.no.

Leiar i Finnmark Raud Ungdom Thea Fremstad. Foto Privat

Ho forklarar at dei ville leggje ut kommentaren fordi dei ikkje lenger har tiltru til at dei sentrale organa i Raud Ungdom skal følgje opp landsmøtevedtak.

– Raud Ungdom Finnmark stiller seg kritisk til den nye leiinga og dei metodane dei har brukt for å kome til makta. Fylkeslaget meiner på bakgrunn av hendingane i Raud Ungdom at dette ikkje lenger er vår organisasjon.

Ein privat brukar har kommentert «Udemokratisk å slette kommentarer. Det er sensur», og denne ligg framleis ute.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Rød Ungdom (@rod_ungdom)

Fremstad i Finnmark RU trur dei var først til å legge ut kommentar om at det ikkje er deira organisasjon, og i alle fall blant dei første. Kommentarane frå Troms, Østfold og Haugalandet RU står framleis.

Nestleiar: – Vi har sletta

Nestleiar i det nye styret Halvor Bergkvist skriv i ein sms at det er synd å høyre at somme lokallag er misfornøgde med korleis helgas landsmøte enda.

– Vi ønsker ein brei organisasjon med raus og open kultur, og alle er sjølvsagt velkomne i Raud Ungdom, skriv Bergkvist, og understrekar at den nye leiinga blei valt med breitt fleirtal.

Framtida.no spurde korleis han stiller seg til skuldingar om sensur og at kritiske kommentarar med #ikkevåresorganisasjon er fjerna.

– Har styret sletta kommentarar?

– Vi har sletta det som ber preg av organisert kampanje, men ikkje meiningsytringar. Det strir med vedtektene å motarbeide Raud Ungdom i lukka forum og vi meiner at tagginga står i samanheng med dette. Vi ønsker sjølvsagt meiningsmangfald og open diskusjon, men noko av dette høyrer heime i interne forum. Dei må gjerne ta kontakt med meg om det er noko dei ønsker å ta opp, svarar Bergkvist.

Meiner kontoen er kapra

Framtida.no fekk òg tips om at ein lik kommentar frå Vestland Raud Ungdom har forsvunne. Leiar for fylkeslaget Vulfila Fodnes Hamre kan derimot avsløre at for dei er situasjonen annleis.

– Kontoen vår har blitt kapra av nokon frå det tidlegare styret, og vi har enno ikkje lukkast med å få attende tilgang, so eg kan ikkje seie sikkert kven som har sletta kommentaren, skriv Hamre til Framtida.no. 

– Det stemmer at kontoen kommenterte dette, men den som publiserte kommentaren representerer ikkje Vestland RU, understrekar Hamre.

Regionsleiaren vil ikkje uttale seg for alle medlemmene, men styret anerkjenner resultatet av landsmøtet og har tillit til det nye sentralstyret.

Vulfila Fodnes Hamre forklarar at det som truleg har skjedd, er at nokon som tidlegare har sete i Vestland RU sitt styre og framleis har tilgang til Google-kontoen deira har kommentert på eige initiativ.

– Akkurat kven det er veit me enno ikkje, men me jobbar med å finne ut av korleis me kan få attende tilgangen på kontoane.

Vulfila Fodnes Hamre er leiar av Vestland RU, og fortel om aktivitet på Instagram-kontoen deira som dei ikkje står bak. Foto: Privat

Framtida.no sende melding til @vestlandru på Instagram for å høyre om det stemmer at ein kommentar frå den har blitt sletta, men har ikkje fått svar på førespurnaden. På det tidspunktet låg det òg lenkje i profilen til den politiske plattforma Kommunistisk Enhet, som har blitt skulda for å infiltrere organisasjonen av den førre leiaren. Profilbiletet var òg endra til Kommunistisk Enhet sin logo.

Hamre fortel at det opphaveleg var seks innlegg på profilen med presentasjon av Vestland sitt styre frå då dei vart skipa i 2022.

– Etter kontoen vart teken over vart fire av desse fjerna, og bileta av meg og eit tidlegare styremedlem som støttar den nye leiinga vart ståande. Kort tid seinare vart desse fjerna òg.

Skjermdump frå kontoen til Vestland Raud Ungdom.

Hamre fortel at dei framleis ikkje har fått attende tilgangen til kontoen, sjølv om biletet og bioen er endra tilbake no.

– Eg reknar med at dei som kapra den har skjønt at det dei har gjort berre ser dumt ut for dei.

Framtida.no har sendt melding til @vestlandru og spurt kven som har teke over kontoen, men ikkje fått svar.

Fleire «kapringar»

Også kontoen til Bergen Raud Ungdom på X/Twitter skal ha blitt teke over. Framtida.no har fått tilsendt ein skjermdump av at ei lenkje til Kommunistisk Enhet er lagt inn i bioen i profilen, og dessutan ei oppmoding om å bli med der.

Skjermdump frå tipsar. Lenkje til Kommunistisk Enhet er lagt inn i bioen til X-kontoen.

Leiar for Bergen RU, Simon Rørheim Bru, skriv i ei X-melding at nokre av dei som var misnøgde med utfallet av landsstyret har nytta tilgang til kontoen frå tidlegare verv til å støtte skuldingar om at Raud Ungdom har vore utsett for eit kupp.

Kjenner ikkje til det

– Det veit eg ikkje noko om, seier tidlegare leiar Liv Müller Smith-Sivertsen på spørsmål om ho kjenner til at nokon frå det tidlegare styret står bak kommentaren frå Vestland RU sin konto. Ho har ikkje sjølv tatt del i kommentarfeltet.

Liv Müller Smith-Sivertsen var innstilt for å halde fram som leiar i Raud Ungdom, men slik vart det ikkje. Foto: Ole Berg-Rusten / NPK

– Kva tenker du om at fleire lokal- og regionslag kommenterer #ikkevåresorganisasjon? 

– Eg synest det er leit at folk no føler seg framandgjorde frå Raud Ungdom og veit at mange framleis ønsker å engasjere seg og legge kreftene sine inn i Raudt. Det synest eg er bra, at folk vil jobbe for eit meir rettferdig samfunn.

Smith-Sivertsen kjenner heller ikkje til at nokon frå det tidlegare styret skal ha tatt over Bergen RU sin X-konto.

– Men eg håpar alle partar kan halde seg saklege.