Raud Ungdom-leiaren beklagar «terrorist»-utspel

Amrit Kaur går tilbake på «terrorist»-utspel og beklagar personleg til AUF-leiar Astrid Hoem. Tidlegare leiar i Raud Ungdom Alberte Bekkhus melder seg ut av ungdomspartiet.

Kristin Molvær
Publisert

Leiar i Raud Ungdom Amrit Kaur og leiar i AUF Astrid Hoem møttest måndag morgon i Politisk kvarter, etter fredagens «terrorist»-utsegn frå Kaur.

Der beklaga Kaur seg personleg til Hoem, og viste til at AUF har opplevd eit terroråtak, ifølge NRK.

– Det eg har lyst til å beklage no er fyrst og fremst det at eg brukte ordet terrorist då eg omtala Støre, Stoltenberg og Tangen. Det var ikkje berre dumt, det er feil. Det stemmer ikkje, sa Kaur i Politisk kvarter-sendinga.

Reaksjonar

Fredag posta Raud Ungdom-leiaren ein video på TikTok der ho kalla Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre og Nicolai Tangen for terroristar.

Laurdag beklaga ho utsegna i eit innlegg på Facebook.

– Eg var sint og frustrert då eg la ut videoen. Eg vart så sur at eg valte feil ord, seier Kaur til NRK.

Utsegna til Kaur vekte sterke reaksjonar i AUF.

Leiar Astrid Hoem fortel at det går inn på dei at Støre blir plassert i same kategori som terroristen bak 22. juli-åtaket.

Å samanlikne Støre med ein terrorist, meiner Hoem er farleg.

– Det er for meg heilt forkasteleg, seier ho til NRK.

Astrid Willa Hoem er leiar i AUF. Foto: Pressefoto

Tidlegare leiar i Raud Ungdom Alberte Tennøe Bekkhus. Foto: Ihne Pedersen

Utmeldingar

– I dag melde eg meg med tungt hjarte ut av organisasjonen eg voks opp i, melde tidlegare leiar for ungdomspartiet, Alberte Bekkhus, på Facebook fredag.

Bekkhus var inntil 10. mai i fjor leiar for Raudts ungdomsorganisasjon. Ho er framleis medlem av Raudt, sjølv om ho ikkje lenger vil vere ein del av ungdomspartiet.

Den tidlegare RU-leiaren Liv Müller Smith-Sivertsen, som vart vraka under landsmøtet i april, har òg bestemt seg for å melde seg ut av Raud Ungdom.

Dei to tidlegare leiarane er slett ikkje ålene, ifølge Smith-Sivertsen.

– Sidan landsmøtet er eg blitt kontakta av medlemmar i Raud Ungdom som ønsker å melde seg ut. Men dei ønskjer å vere aktive i Raudt, fordi dei har tru på prosjektet. Raudt må vere klare til å ta imot desse ungdommane, seier ho.

No ber ho Raudt vurdere å opprette nye ungdomslag i partiet, melder NRK.

Raud Ungdom har hatt pågåande konfliktar ei stund og det tilspissa seg under landsmøtet i april, då valkomiteens innstilling til ny leiing vart kasta heilt om på.

Får støtte av generalsekretæren

Raud Ungdoms generalsekretær, Syver Kleve Kolstad, meiner AUF brukar 22. juli for å stoppe kritikk mot eigen partileiar.

Laurdag gjekk han først ut og sa følgande til NRK:

– Jonas Gahr Støre støttar opp om terror ved at han let norske pengar bli investerte i Israel. Dermed støttar han også opp om Israels terror mot palestinarane.

Noko han seinare på dagen, formulerte om til VG.

– Raud Ungdom meiner ikkje at Støre er ein terrorist. Raud Ungdom meiner at det Israel gjer mot palestinarane er terrorisme. Og at Noreg gjennom Oljefondets investeringar, støttar opp under denne terrorismen. Det er Raud Ungdom sitt bodskap, svarte Kolstad, og la til:

– Vi skal ikkje bruke slik retorikk. Sjølv om eg sa at Støre har gjort terroristiske ting, ser eg no at eg skulle nok ikkje brukt det ordet i det heile teke.