Kva meiner partia om fråværsgrensa?
Stortingsvalet 8. september nærmar seg, men kva meiner dei ulike partia om fråværsgrensa?

Fram til 2009 hadde fleire skular ei lokal fråværsgrense på 10, 15 eller 20 prosent, men desse vart oppheva av dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).
I 2010 var det rekordhøgt fråvær i Oslo, og på landsbasis var snittet 10 prosent fråvær. Langt over sjukefråværet i arbeidslivet.
I 2016 innførte Solberg-regjeringa med Høgre og Frp fråværsgrensa for alle vidaregåande skular. Målet var å få ned talet på dei som droppa ut frå skulen, og også sikre at elevane var meir på skulen.
Kva er fråværsgrensa?
Elevar som har udokumentert fråvær på meir enn 10 prosent i eit fag, får ikkje karakter i faget. Dersom eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og årsaka gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor bestemme at eleven likevel får halvårsvurdering med karakter eller standpunktkaraktar.
I 2023 vedtok landsmøte til Ap sjølv å vrake fråværsgrensa, men i 2024 innførte Støre-regjeringa med Ap og Sp istadenfor ei endring av fråværsgrensa. Frå hausten 2025 må og kan ein ikkje lengre ha sjukemelding frå lege fram til 10 prosent fråvær, opplæring til førarprøve er kome med på lista over unntak og rektorar har høve til å vise skjønn opptil 15 prosent fråvær. I tillegg vert det avrekna på slutten av skuleåret, i stadenfor kvart halvår.
Fråværet var på veg ned før innføringa i 2016, men har gått ytterlegare ned etterpå. Tilhengarane meiner difor grensa fungerer. Elevorganisasjonen vil derimot fjerne ho, og meiner ordninga bygger på mistillit til elevane og at skulen heller bør vere ein stad med motivasjon og tillit enn trugsmål om stryk.
I Oslo har det borgarlege byrådet med Høgre og Venstre stramma inn reglane lokalt. Skulebyråden Julie Remen Midtgarden (H) sa til NRK at ho håpar det vil motivere elevane til å møte presist til timane.
Desse partia er for og imot fråværsgrensa:
Høgre
Vil ha fråværsgrense i vidaregåande og nasjonal registrering av fråvær frå grunnskulen.
Høgre innførte fråværsgrensa saman med Frp i Solberg-regjeringa i 2016. Henrik Asheim i Høgre sa i 2019 at ordninga fungerte så godt at han ville innføre det på ungdomsskulen også.
- Vil at bekymringsfullt fråvær skal følgast betre opp
- Vil at det blir innført ei nasjonal registrering av fråvær allerede i grunnskulen.
- Vil beholde ei nasjonal fråværsgrense i vidaregåande
Frp
Frp vil bevare fråværsgrensa i vidaregåande og innføre fråværsgrense i ungdomsskulen.
Dette skriver Kai-Morten Terning i Frp på e-post til framtida.no. Frp har ikkje noko spesifikt om fråværsgrensa i partiprogrammet, anna enn dette:
- For å redusere fråfallet vil dei auke praktisk undervising og fleksibilitet i skuledagen, i tillegg til å kunne kombinere arbeid og utdanning.
I 2016 innførte Solberg-regjeringa med Høgre og Frp fråværsgrensa for alle vidaregåande skular. Hausten 2024 hadde Frp oppe to forslag til Stortinget om fråvær som partia på Stortinget stemte ned.
- Forslag 61: Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal fraværsgrense for elever på ungdomstrinnet. Ulovlig fravær skal registreres, og skal ha en direkte påvirkning på elevenes karakter.
- Forslag 62: Stortinget ber regjeringen sørge for at skolene pålegges å innføre et system der de foresatte automatisk varsles på tekstmelding om eleven ikke møter på skolen.
Venstre
Har fjerna at dei ville fjerne fråværsgrensa i partiprogrammet, og har no ingenting om det.
For fire år sidan gjekk Venstre til val på å fjerne fråværsgrensa, men under landsmøtet i år snudde dei. Dette betyr ikkje nødvendigvis at dei ynskjer fråværsgrensa heller, men dei har fjerna det dei hadde om fråværsgrensa i partiprogrammet. Det nærmaste dei har er:
- Iverksette målretta tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåaende opplæring.
Unge Venstre vil fjerne fråværsgrensa.
KrF
Beholde fråværsgrensa, men byte ut 10 prosentgrensa med 15 prosent i 2- og 3-timars fag.
- Vil at skulelevar med annan religiøs tilhøyrsle enn kristendom skal få ei utvida fråværskvote ved markering av religiøse høgtider.
- Fjerne krav om legeattest ved helsemessige årsaker til skulefråvær
- Ei hovudprioritering må framleis vere å redusere fråfallet frå vidaregåande skule.
- Elevar som har hatt fråvær grunna skulevegring på grunnskulen må sikrast god oppfølging og tilrettelegging vidare i utdanningsløpet.
MDG
«Større fleksibilitet og dispensasjon frå fråværsgrensa»
- Vil opne for større fleksibilitet og høve for dispensasjon frå fråværsgrensa
- Vil at alle politiske arrangement skal gi grunnlag for politisk fråvær
Kjelde: MDG sitt partiprogram
Arbeidarpartiet
«For å lære må ein møte opp. Arbeidarpartiet vil ha tydelege krav til skuleoppmøte og rask oppfølging ved fråvær.»
- Nei til fråværsgrense i ungdomsskulen
- Elevar med særskilte utfordringar som risikerer stor fråvær må få tidleg og betre oppfølging.
- Ha tydelege forventingar og reglar for elevar sitt nærver på skulen.
- At fråvær skal takast i raskt, og at tverrfaglege team vert kopla på tidleg ved behov.
- At skulane set inn tiltak mot fråvær frå første stund, med større tiltak dersom ein elev sitt fråvær aukar.
Støre-regjeringa med Ap og Sp har beholdt fråværsgrensa, men har frå august 2025 gjort det mogleg at elevar kan levere eigenmelding for sjukefråværet opp til 10-prosentgrensa, altså at ein ikkje treng sjukemelding frå legen. I 2023 vedtok landsmøte å sjølv vrake fråværsgrensa, men lage eit nytt fråværsreglement. Dette blei sett på som ein siger for ungdomspartiet AUF, som ønskjer å skrote heile fråværsgrensa. Utdanningsdirektoratet tilrådde å gå vidare med dagens fråværsgrense, med noko endring.
Ungdomspartiet til Ap, AUF, er skuffa over dei nye reglane.
Kjelde: Arbeiderpartiet.no, regjeringen.no
Senterpartiet
For fråværsreglementet i videregåande skule, men meiner det må bli praktisert på ein meir fleksibel måte.
Dette skriv Ragnar Kvåle i Senterpartiet i ein e-post til framtida.no. I partiprogrammet står det:
- Sørge for at fråværsreglementet i videregående skule blir praktisert på ein fleksibel måte som tek omsyn til eigenmelding, foreldremelding og gjenoppretter tilliten til foreldre og elevar.
I 2024 innførte Støre-regjeringa med Ap og Sp istadenfor ei endring av fråværsgrensa. Frå hausten 2025 må og kan ein ikkje lengre ha sjukemelding frå lege fram til 10 prosent fråvær, opplæring til førarprøve er kome med på lista over unntak og rektorar har høve til å vise skjønn opptil 15 prosent fråvær. Senterpartiet ønskte fleire av desse endringane, men ønskte å auke grensa til 15 prosent.
Kjelde: Sp sitt partiprogram, regjeringen.no, Senterpartiet.no
SV
«Me meiner framleis at fråværsgrensa er for rigid»
- Vil fjerne dagens fråværsgrense
- Sikre at elevar med høgt fråvær får den oppfølginga og tilrettelegginga dei treng for å fullføre vidaregåande.
- Legge til rette for seinare start på skuledagen for elevar på ungdomsskule og vidaregåande
- Styrke skulehelsetenesta og få fleire sosiallærarar, spesialpedagogar, barne- og ungdomsarbeidarar og miljøterapeutar i skulen.
- Dersom ein skal halde fram å ha ei fråværsgrense i vidaregåande skule vil dei.
- Opne for meir fleksibilitet og skjønn ovanfor elevar som slit.
- Gi skulane større fagleg handlingsrom til å vurdere kva som er best hjelp for elevane som står i fare for å droppe ut, til å fullføre skulegangen.
- Fleire lærarar og andre tilsette, til dømes helsesjukepleiarar og miljøarbeidarar.
Kjelde: sv.no
Raudt
«Nei til fråværsgrense i vidaregåande skule og ungdomsskule»
- Vil at fråværsreglene i vidaregåande skule ikkje skal utformast sånn at utsette elevgrupper vert ramma på grunn av rigide fraværsgrenser.
- Nei til fråværsgrense i vidaregåande skule og ungdomsskule.