«Kva sju år som kronisk sjuk har lært meg»

Du skuldar absolutt ingen ei unnskyldning for korleis du vel å leve livet ditt, skriv Marie Murby.

Marie Murby (21)
Designar og påverkar
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 19:09

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart først publisert på Instagrammen til Marie Murby og er omsett til nynorsk og gjeve att med løyve. 

Eg har vore kronisk sjuk i sju år, og så mykje som eg har vakse og lært!

Difor tenkte eg å dele kva mine sju år som sjuk har lært meg.

1. Fokuser på det du kan kontrollere

Som kronisk sjuk er det ufatteleg mykje ein ikkje kan kontrollere. Ein kan ikkje kontrollere forma, sjukdommen, korleis andre reagerer eller kva andre rundt deg gjer. Difor bør du fokusere på kva du kan kontrollere og kva du kan gjere for deg sjølv, som er godt. Kva andre tenker om deg og din sjukdom er ikkje noko du kan kontrollere eller gjere noko med.

2. Lytt til kroppen og ta pausar

Så enkle ord, men likevel så vanskeleg å praktisere i verkelegheita. Ein vil så mykje, men kan så lite. Sjølv om ein vil leve eit normalt liv som alle andre, så er ikkje det realiteten for kronisk sjuke. Ikkje prøv å pushe grensene og leve som eit friskt menneske. Det gjer meir vondt enn godt. Utfallet vil bli verre jo meir du pushar deg. Du vil ha det betre med deg sjølv og sjukdommen om du lærer å lytte til kroppen.

Marie Murby har ME, og mange dagar er tunge. Ho har lært at det ikkje endar bra om ho pushar grensene sine. Foto: Privat

3. Du skuldar absolutt ingen ei unnskyldning

Mange kan ha lett for å dømme og ha sterke meiningar om korleis ein som kronisk sjuk lever livet sitt. Du skuldar absolutt ingen ei unnskyldning for korleis du vel å leve livet ditt. Ingen veit kva som ligg bak kvar handling og ikkje alle har rett til å vite det heller. Det er ditt liv og du bestemmer.

4. Du er mykje sterkare enn du trur

Fleire gonger har eg blitt spurd «Korleis kjem du deg gjennom dette?», «Eg kan ikkje sjå for meg korleis du klarar dette». Eg veit ikkje anna, eg hugsar ikkje tida før eg blei sjuk. Eg gjer det beste ut av det eg har. Som kronisk sjuk i ein alder av 14 år blir ein tvinga til å vekse opp fortare og ta mange usynlege kampar. Tapet over alt ein går glipp av er vondt, men ein lærer seg samstundes å bli takknemleg for dei små tinga.

– Du bør fokusere på kva du kan kontrollere og kva du kan gjere for deg sjølv, som er godt, rår Marie Murby. Foto: Privat

5. Sett deg sjølv først

Alltid sett deg sjølv først. Ikkje tenkt på andre folk sine behov for å please andre, eller at du skal pushe deg sjølv for andre. Dei riktige menneska vil forstå. Det viktigaste er korleis du har det. Som kronisk sjuk har ein lite nok energi frå før av, og ein brenner seg berre ut om ein skal setje andre før seg sjølv.

6. Det er heilt greitt å sørgje over livet du aldri fekk

Det å sørgje over livet du aldri fekk, er ein normal prosess ein eigentleg aldri blir heilt ferdig med. Det er heilt greitt å sørgje over livet du aldri fekk. Det kan vere vondt å føle seg aleine og etterlaten, medan andre held fram med livet som vanleg. Livet er urettferdig, og dessverre meir for andre. Sjølv om ting kanskje ikkje blei heilt som planlagt, så ordnar det seg alltid. Jobb deg ut ifrå korta som du har fått utdelt.

7. Folk vil kome og gå stadig vekk

For mange kan kronisk sjukdom vere vanskeleg å forstå. Mange vil ikkje forstå og andre orkar ikkje å forstå. Difor vil folk kome og gå stadig vekk. Dette kan vere vondt å føle på, men dei folka som går, vil du ikkje ha i livet ditt uansett. Dei fine menneska kjem over tid, og dei er gull verdt.

Marie Murby deler ærleg om korleis det er å leve med ME. Foto: Privat