Johanna og Sabrina har søkt høgare utdanning: – Tenkt ein del på kva eg har lyst til å bli
I dag går fristen for å søka høgare utdanning gjennom Samordna opptak ut. Sabrina (18), Vilde (18) og Johanna (19) på Otta har allereie bestemt seg for kva dei skal gjere til hausten.

– Eg har tenkt ein del på kva eg har lyst til å bli, og så har eg funne ut at eg har lyst til å jobbe med menneske, seier Johanna Matre Rognerud (19).
Siste dag før påskeferien stakk Framtida.no til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule – avdeling Otta for å høyre kva russen planlegg å gjere til hausten.
Søknadsfrist hjå Samordna opptak
I dag, 15. april, er siste sjanse for å søkje studiar via Samordna opptak. Fram til 1. juli kan du omprioritere rekkjefølgja, og 20. juli får du svar på om du kom inn der du ville.
Elevane på studiespesialisering på Otta er klare for å starte russetida etter påske, og dei fleste har tenkt gjennom kva dei skal gjere etter vidaregåande.
Sabrina Sid-Ahmed Osman (18)
Sabrina planlegg å studere barnevernspedagogikk på Lillehammer til hausten.
– Eg har lyst at barn skal ha det bra i heimane sine, og eg likar å arbeide med barn.
– Var det vanskeleg å bestemme seg?
– Nei, eigentleg ikkje. Eg har lyst til å få bort den fordommen om at barnevernet er dårleg og at dei berre tek barn frå familiar utan grunn.
Johanna Matre Rognerud (19)
Johanna tenker seg til Trondheim til hausten. Der har ho søkt på lektorprogrammet i nordisk, sidan ho har lyst til å jobbe med menneske.
– Eg er også ganske glad i skule, så då fann eg ut at norsklærar, det var det eg ville bli.
Ho landa på valet ein tilfeldig dag på deltidsjobben sin, men studiet er gjennomtenkt.
– Det handlar litt om at eg vil flytte heim, og då må eg ha ein jobb som eg kan jobbe med her oppe i bygda.
Medisin og toll har vore på topp
I fjor var det medisinstudiet i Oslo og Kristiansand som hadde flest søkarar i landet per studieplass, men Toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger var på ein god nummer to.
Fleire kjem også til å gjennomføre fyrstegongsteneste enn før, sidan regjeringa har auka vernepliktige i 2025 med 400 soldatar.
Om du skal i Forsvaret, er det likevel mogleg å søke studieplass hjå Samordna opptak allereie no. Kjem du inn på studiet ditt, kan du då reservere plassen i opp til to år, medan du gjennomfører tenesta di.
Vilde Marie Leirflaten (18)
Vilde er ein av dei mange som skal inn i Forsvaret for å gjennomføre fyrstegongstenesta si etter vidaregåande.
– Eg tenker det er viktig å vere i militæret i dag når det er ei litt usikker verd.
Ho trur det blir ei fin læring der ho får utvikla seg sjølv, og tenkjer det er bra å ha på CV-en.
– Eg bestemte meg eigentleg ikkje sjølv for dette, men det var noko eg ønskte meg.
– Det går fint å ikkje vere heilt sikker
– Eg tenkte heile tida at eg hadde lyst til å vere student, men eg var ekstremt usikker på kva studium det skulle vere.
Det seier Kaja Ingdal Hovdenak, leiar Norsk studentorganisasjon (NSO), på telefon til Framtida.no. Ho gjorde mykje research på førehand då ho skulle søke på høgare utdanning, både på studium og på studieplass.
Ho har tre tips til dei som skal ta valet:
1. Hugs at du ikkje treng ein ferdigspikra plan.
– Ha gjerne ein idé om kva du vil, men ein kan føle på mykje press. Det går fint å ikkje vere heilt sikker.
Det er lurt å legge til dei ti alternativa som du kan legge inn, og omprioritere dei seinare. Studentleiaren fortel at ho sjølv ikkje hadde rekkefølgja klar før 1. juli.
2. Bruk verktøya som er tilgjengeleg.
– Mange utdanningsinstitusjonar har digitale tenester der du kan finne fram til studium ut frå interesser, eller har testar du kan ta for å få ein peikepinn.
Ho tipsar også om Utdanning.no som ein god plass å researche forskjellige yrke og studium.
3. Det er du som skal velje.
– Eit studium er noko ein skal fordjupe seg i, og det er eit privilegium. Ikkje berre ta noko som slekta og familien meiner du skal ta. Vel det du synest er spennande.
I dag har studentleiaren permisjon frå studia for å arbeide for NSO, men til vanleg studerer ho samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Den planen var ikkje klar då ho søkte seg til høgare utdanning i tredjeklasse på vidaregåande.
– Og hugs, du kan ombestemme deg og byte studium undervegs.