Medisin ved UiO har høgast poenggrense i år

Men poenggrensa har gått ned frå tidlegare år.

Åshild Slåen
Publisert

Torsdag kom Samordna opptak med dei oppdaterte søkjartala til høgare utdanning for i år. Medisin i Oslo og Kristiansand er studiet med flest søkjarar per studieplass.

Totalt er det 140 957 søkarar. 109 498 av desse har fått tilbod om studieplass, og 66 923 kome inn på førstevalet sitt.

– Eg er veldig glad for at rekordmange har kome inn på førstevalet sitt. No er det mange nye studentar som ventar spent på å kunne starte, seier Kaja Ingdal Hovdenak, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO) på telefon til Framtida.

Det er medisinstudia ved UiO (69,7) og NTNU (69,4) som har høgast poenggrense, men denne er lågare enn i 2023, som då var 70,2 (UiO) og 69,6 (NTNU). Medisin dominerer studia med høgast karakterkrav, med sju av dei ti høgaste grensene.

Kaja Hovdenak er leiar i Norsk studentorganisasjon. | Foto: NSO

Nytt av året er endra opptakskrav til lærar- og sjukepleiarutdanninga. Nokre utdanningar har fått dispensasjon frå spesielle karakterkrav.

– Vi synest det er bra at institusjonane legg til rette for det og at dei nyttar seg av moglegheita til å søke fritak frå karakterkrav, seier Hovdenak.

– Og det funkar, det ser vi når fleire har søkt på desse studia.

Lærarstudiet har fått færre søkjarar totalt i år enn i fjor, men det er 700 søkjarar på i lærarutdanningar der karakterkravet er lempa på.

Fleire har også sjukepleiarstudiet som fyrsteval enn tidlegare.

No håpar Hovdenak det nye opptakssystemet som kjem etter kvart, der regjeringa blant anna vil fjerne alderspoeng, vil dempe det ho meiner er ein karakterinflasjon i opptakssystemet.

Topp ti studium etter poenggrense (ordinær kvote)

Poenggrense frå 2023 står i parentes.

  1. Medisin, Oslo, haust UIO, 69,7 (70,2)
  2. Medisin, Trondheim NTNU 69,4 (69,6)
  3. Medisin, Oslo/Kristiansand, haust UIO 68,7
  4. Medisin, Oslo, vår UIO 68,4 (69,2)
  5. Medisin, Oslo/Kristiansand, vår UIO 68,3
  6. Medisin, Trondheim/Ålesund NTNU 68,2 (68,5)
  7. Psykologi, haust UIO 68,1 (68,5)
  8. Industriell økonomi og teknologiledelse NTNU 68 (68,4)
  9. Medisin, Bergen UIB, 67,8 (68,6)
  10. Medisin, Trondheim/Levanger NTNU, 67,5 (68,8)

Kjelde: Samordna opptak

Topp ti studium etter søkjarar per studieplass

  1. Medisin, Oslo/Kristiansand, haust UIO, Oslo. 19,7 søkjarar per studieplass.
  2. Toll, vareførsel og grensekontroll UIS, Stavanger. 18 søkjarar per studieplass.
  3. Ingeniør, flyingeniør NTNU, Trondheim. 17,6 søkjarar per studieplass.
  4. Luftfartsfag UIT, Tromsø. 17,5 søkjarar per studieplass.
  5. Kriminologi, bachelor UIO, Oslo. 17,3 søkjarar per studieplass.
  6. Kriminologi, årsstudium UIO, Oslo. 16,8 søkjarar per studieplass.
  7. Business, economics and data science – siviløkonom NHH, Bergen. 15,5 søkjarar per studieplass.
  8. Psykologi, haust UIO, Oslo 15,4 søkjarar per studieplass.
  9. Arkitekt AHO, Oslo. 12,5 søkjarar per studieplass.
  10. Film- og TV-produksjon UIB, Bergen. 12 søkjarar per studieplass.

Kjelde: Samordna opptak

Med over 140 000 søkjarar er det sjølvsagt ein del som ikkje har kome inn på draumestudiet. Til dei har Hovdenak ei oppmoding.

– Det kjem fleire sjansar. Ofte kan ein også lære av erfaringar og venar ein får på tredje- eller fjerdevalet sitt.

Ho påpeikar også at mange kjem inn på draumestudiet sitt etter å ha prøvd fleire gongar.

Og til dei som ikkje har kome inn på noko studium:

– Det er veldig kjipt å ikkje kome inn på eit studium når det er det du har lyst til. Det er veldig gøy å vere student, og eg vil oppmuntre til å ikkje gi opp.

NSO-leiaren peikar på suppleringsopptaka som kjem no, og at det framleis er ein sjanse å kome inn på noko ein vil studere.