Alle kommunar er forplikta til å lytte til meiningane til ungdommane i saker som råkar dei. Men korleis fungerer eigentleg ungdomsråd?

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

Kvar månad samlast ein gjeng med politikarar på det lokale rådhuset for å diskutere ulike saker. Dei tek avgjerder om å legge ned skular og bygge idrettshallar, og ikkje minst korleis pengane til kommunen skal fordelast på helse, fritidstilbod, eldreomsorg og arbeidsplassar.

Ordførarane og resten av representantane i kommunestyra i heile Noreg er ofte godt vaksne (med nokre unntak), og mange har lagt ungdomsåra bak seg i førre tusenår.

Innbyggarane som har røysta fram kommunestyret er også alle over 18 år.

Så korleis kan ein passe på at også meiningane til dei unge vert høyrde når ein tar avgjerder for heile kommunen?

Talerøyret til ungdommen

Alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg er pålagde å ha eigne ungdomsråd. Ungdomsråda skal bestå av lokale ungdommar. Rådet møtest jamleg for å diskutere saker som gjeld ungdom i kommunen eller fylke.

Det kan vere ulike saker, til dømes:

Ikkje berre symbolsk

Ungdomsrådet er eit såkalla medverknadsorgan. Kommunen skal også ha andre råd som skal ha medverknad i lokalpolitikken. Menneske med nedsett funksjonsevne og eldre har også rett på eigne råd som representerer dei.

Det er viktig at ungdomsrådet får sakene på bordet tidleg nok til at dei faktisk har moglegheit til å påverke utfallet i saka.

Det skal altså ikkje berre vere ei symbolsk rolle.

Det er dessutan viktig at representantane i ungdomsrådet har god kontakt med ulike grupper av ungdommar, og at ein har møteplassar der ein kan treffe og få innspel frå ungdommane ein skal representere. Det kan til dømes vere gjennom elevråd, ungdomsklubbar eller i gangane på skulen.

Talar direkte til politikarane

Dei rådande politikarane i kommunen kan gi ungdomsrådet såkalla møte- og talerett i kommunestyremøta.

Då får ungdommane høve til å stå på talarstolen framfor politikarane og legge fram si sak og sine argument.

Taleretten kan gjere det lettare å nå fram til dei vaksne, og bli teken på alvor:

Framtida.no har gjort ei undersøking blant ungdomsråda i landet. Undersøkinga viser at 75 prosent av ungdomsråda har møterett, medan 70 prosent har talerett i kommunestyre og fylkesting.

Om undersøkinga

Framtida gjennomførte i desember ei spørjeundersøking blant ungdomsråd i alle landets kommunar og fylkeskommunar og fått inn 192 svar.

Kven kan sitte i ungdomsrådet?

Dei fleste kommunar har representantar som går på ungdomsskule og vidaregåande skule. Nokre har også med elevar frå barneskulen. Medlemmer kan bli rekrutterte til dømes via skulen, elevråd eller andre organisasjonar.

I undersøkinga til Framtida.no svarar 10 prosent at dei har representantar frå barneskulen. 20 prosent har lærlingar representerte i rådet.

Representantar vert valde inn for to år om gongen. Lova seier at ein ikkje kan vere fylt 19 år den dagen ein blir valt inn.

Kor stor makt har ungdomsrådet?

At ungdommane blir høyrde, betyr ikkje nødvendigvis at dei får gjennomslag.

Til sjuande og sist er det dei vaksne politikarane som bestemmer. I kva grad dei vel å lytte til innspel frå ungdomsrådet, kan variere stort. Det kan vere påverka av korleis argumenta vert lagt fram, kva motargument som finst, budsjett, partiprogram og andre interesser.

I undersøkinga har Framtida.no difor spurt om ungdomsråda opplever å få gjennomslag. Svara viser at mange er ganske eller svært einig i at ungdomsrådet har reell medverknad på politikken.

3 av 5 ungdomsråd oppgir dessutan å få tildelt eigne midlar som dei sjølve kan fordele på tiltak for ungdom.

Her ser du nokre av sakene ungdomsråda som har svara på undersøkinga har fått gjennomslag for:

Ungdom fortel sjølve

Abigael Windingland Askerød og Thobias Ek er leiar og nestleiar i ungdomsrådet i Råde.

Dei understrekar kvifor det er viktig at ungdom får vere med og påverke politikken i kommunen:

– Dei vaksne veit ikkje korleis det er å vere ungdom i dag. Det er best om ungdommar sjølve får fortelje korleis dei har det, korleis dei opplever verda og korleis dei meiner ting kan bli betre, seier Ek.

Han meiner at det politiske livet i Noreg dermed vert meir inkluderande.

– Vi kjem med råd som fortel politikarane om ei verd dei ikkje er van med å sjå, seier han.

Dei to trekker fram at dagens ungdom er den første generasjonen som veks opp med sosiale medium, og at unge perspektiv difor kan hjelpe foreldre og politikarar med å takle den nye situasjonen.

– Sosiale medium kjem med sine gode, men også utfordringar, seier Ek.

De kan lese meir om erfaringane til Askerød og Ek her.