Håvard (19) er tidenes yngste ordførar: – Ikkje mange fordelar med å vere ung i rolla

Noregs yngste ordførar enda med å ta kjeda frå ordføraren han møtte i sitt første ungdomsrådsmøte. No vil Håvard Handeland inkludere ungdomsrådet meir i kommunestyret.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 20.09.2023 08:09

– Verda blei jo snudd opp ned då dette blei offentleg. Eg sov ikkje mykje den natta kan du seie.

Arbeidarpartipolitikar Håvard Handeland er blitt historisk. 19-åringen blir ny ordførar i Sauda kommune i Rogaland, og er med det tidenes yngste ordførar i landet vårt.

– Det er heilt surrealistisk! Eg blei sjokkert då eg såg kor forhandlingane gjekk og skjønte at no kan eg faktisk bli ordførar, fortel han på telefon til Framtida.no.

Frå ordførarmøte til ordførarjobb

Då valresultatet vart klart førre veke, var det rett i forhandlingar for Handeland. Senterpartiet blei største parti i kommunen med 28,7 prosent, men like bak kom Arbeidarpartiet med 26,2 prosent.

– Tanken slo meg: «Vi forhandlar med Senterpartiet som har ordføraren no. Han møtte eg for første gong for seks år sidan på denne tida i mitt første ungdomsrådsmøte. Då var eg i cloud nine fordi eg hadde møtt ordføraren, og no sit eg og forhandlar om verv med den same ordføraren», fortel Handeland.

Arbeidarpartiet gjekk inn eit samarbeid med Høgre, og slik enda Handeland opp som Sauda-ordførar.

– Eg kjenner meg utruleg privilegert.

Ingen fordel å vere ung

Handeland vil no vie all si tid til tillitsvervet.

– Ein ting eg har tenkt sjølv, er at eg ikkje har hus og ungar i barnehage. Lage middag må eg gjerne gjere, men eg har ikkje andre ting som godt vaksne og etablerte kanskje har, seier Handeland.

Ved førre lokalval vart Sokndal-politikar Jonas Andersen Sayed, då 21 år, noregshistorias yngste ordførar. Men no er det Håvard Handeland i Sauda som har rekorden som den yngste ordføraren.

Ung mann sit på huk.
Håvard Handeland trur det blir ei bratt læringskurve i den nye jobben. | Foto: Sauda Arbeidarparti

– Eg skal vere ærleg og seie at det faktisk ikkje er så mange fordelar med å vere ung i denne rolla. Demokratiet er for alle berre på papiret, seier 19-åringen.

Trass ung alder, har Handeland lang erfaring med å engasjere seg i samfunnet. Han starta i ungdomsrådet i kommunen, og vart seinare valt inn i ungdommens fylkesråd i Rogaland. Der var han òg varaordførar. Rundt 2019 gjekk han inn i partipolitikken.

– Ungdomsråd er på ein måte nøytralt. Det er ikkje der vedtaka skjer, men blant politikarane, forklarar han om kvifor han tok steget inn i politikken.

Blanda tilbakemeldingar

19-åringen går «all in» i ordførarrolla, og tar det på alvor, men føler han har ekstra mykje han må bevise.

– Kva tilbakemeldingar har du fått etter at det blei klart at du blir ordførar?

– Det er ein kombinasjon, men er mest positivt.

Handeland forventa at det ville kome nokre negative reaksjonar på alderen hans, og det har det også kome.

– Men eg har inntrykk av at lokalsamfunnet synest det er spanande, at dei gir meg moglegheita til å vise at det er mogleg. Prinsippet om uskuldig til det motsette er bevist, skulle eg ønske gjaldt i politikken også. Kva tilseier at det skal gå gale fordi eg er 19 år?

Han peikar på at Sayed i Sokndal er blant dei mest populære ordførarane i Noreg – så det er mogleg sjølv om ein er ung.

Den komande ordføraren er likevel førebudd på at det blir utfordrande.

– Det blir ei bratt læringskurve, på 90 grader! Eg håpar på litt progresjon. Det er mykje å setje seg inn i av lovar og reglar, leie kommunestyremøte, kommuneplanar, arealplanar – eg skal bruke tid på å setje meg inn i det.

Sauda Smelteverk. Foto: Vidar Solheim – Eige verk, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons | Foto: Vidar Solheim – Eige verk, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons

Vil motbevise kritikarane

Sjølv om han har fått ny jobb som ordførar, kvilar ikkje Håvard Handeland på laurbæra. Når Framtida.no snakkar med han på telefonen, skal han vidare på nattevakt. Han jobbar i eining for tilrettelagde tenester i kommunen.

– Eg fekk tips frå ein brukar i institusjonen om at «du må ikkje gløyme oss, da». Det er eit poeng. Eg må hugse kor eg kjem frå.

Viss han får moglegheit med den nye timeplanen som ordførar, tar han gjerne på seg nokre vakter framover også. Men no gler han seg til å kome i gang med ordførarjobben, til å reise rundt og treffe tilsette og besøke verksemder.

– Og prove them wrong, dei som tenker dette er galskap.

Oppdatering: Fjernar setning om at Sayed får enda ein periode som ordførar i Sokndal. Partiet hans KrF fekk nesten 30 prosent av stemmene, og det var venta at han ville halde fram, men no er det klart at Bjørn-Inge Mydland frå Senterpartiet blir ordførar etter at Senterpartiet, Venstre, Høgre og Arbeidarpartiet har blitt samde om samarbeid, med støtte frå Raudt.