Engasjementet til Eusebiu Amanalachioai (21) vart tent då han oppdaga at lokalpolitikarane brydde seg om kva han hadde å seie. No skal han sjølv tale dei unge si sak i kommunestyret i Kvam.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Det var ei god tilfelle at eg hamna i ungdomsrådet, seier Eusebiu Amanalachioai (21) på telefon til Framtida.no.

Amanalachioai vart lokka med i ungdomsrådet med lovnader om skulefri, pizza og møtegodtgjersle på 200 kroner då han gjekk i 9. klasse. Han visste ikkje så mykje om kva han gjekk til, og kunne knapt namnet på nokre politiske parti.

I haust vart han valt inn i kommunestyret (eller heradsstyret, som det heiter lokalt) i Kvam herad, som periodens yngste kandidat.

Han fortel at det var ungdomsrådet som gav han den politiske oppvakninga. Han gjekk frå å forstå lite og følge leiaren i frykt for å tråkke på tær, til å gjere seg opp eigne tankar, forstå dei lokaldemokratiske prosessane og snakke høgt om si eiga meining.

Kvam herad vart nyleg kåra til årets ungdomskommune av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Grunngjevinga peika mellom anna på eit sterkt og velfungerande ungdomsråd.

Meinte alvor

Amanalachioai fortel at opplevinga i ungdomsrådet var veldig god. Medlemene vart trygge nok på kvarandre til å snakke høgt om det dei var ueinige i, og administrasjonen i heradet hjelpte dei godt med å forstå sakene dei skulle behandle.

Etter nokre år skjedde det ei endring: Ungdomsrådet fekk rett til å komme og tale i kommunestyremøta. I staden for at ein vaksenrepresentant skulle summere opp meininga til ungdomsrådet i møta, kunne ungdommane møte opp sjølve og snakke direkte til dei vaksne.

Amanalachioai fortel om eit tilfelle då han opplevde at mange politikarar såg opp frå det dei heldt på med på datamaskinene og telefonane sine, då ungdomsrådet tok talarstolen.

– Det var då politikarane verkeleg forstod at vi ikkje berre var ein gjeng ungdommar som samlast for å ete pizza, men at me var engasjerte. Eg la merke til at dei tok oss meir seriøst, seier han.

– Stort

Eusebiu Amanalachioai (t.v.) starta opp eit lokalt AUF i lag med kompisen Håvard Botnen. Foto: Privat

I tillegg til innflytelse, fekk Amanalachioai seg ein god ven i ungdomsrådet. Etter kvart som åra gjekk, fann dei to ut at dei ikkje kunne gi seg med politikken. Etter å ha lese gjennom alle partiprogramma, gjekk dei saman for å danne eit lokalt AUF. Slik fann Amanalachioai vegen inn i partipolitikken.

Nokre år seinare hamna Amanalachioai på sjuande plass på vallista til Kvam Ap. Han fekk nok personrøyster og «slengarar» til å klatre ein posisjon, og fekk dermed fast plass i heradsstyret. No vert altså støttehjula fjerna, og Amanalachioai skal få prøve seg ved vaksenbordet.

– Det har ikkje heilt gått inn på meg enno. Men eg veit at det er stort. Det kjennest veldig godt at så mange kvemmingar, både unge og eldre, har tillit til meg, seier han.

Han fortel at han, heilt sidan den politiske interessa tok av, har hatt lyst til å bli med i heradsstyret. Han ønsker å fronte sakene til dei unge på eit høgare nivå.

– Eg kjem til bordet med litt yngre idéar og tankar. Ungdommen kan fort bli gløymde i det heile, seier han.

Viktig med unge røyster

Eusebiu Amanalachioai på talarstolen til landsmøtet i AUF. Foto: Privat

Amanalachioai brenn særleg for at Kvam herad skal vere ein så god stad å bu at unge som reiser bort for å studere, har lyst til å flytte heim att; at det finst moglegheiter for arbeid, for å stifte familie og få barnehageplassar. Han vil også at born og unge skal ha høve til å drive med fritidsaktivitetar uavhengig av økonomi.

– Eg føler det er mitt ansvar å fronte ungdommane sine saker endå meir, no som dei har vore med på å få meg inn i heradsstyret, seier han.

Han meiner det er viktig med unge røyster i styre og stell, som kan ta andre perspektiv inn i drøftingane.

– Vi har ikkje same livserfaring som veteranane, men det er viktig for oss å få erfaring med politisk arbeid, synest han.

– Det er vi unge som skal bli dei nye ordførarane, som skal drive dei lokale bedriftene og skal vidareutvikle kommunen når dei eldre er gått av trona. Det er viktig at vi får bli med før det er for seint. Om eg ikkje kom inn no, kunne det hende at eg hadde mista den politiske interessa til neste lokalval. Det er viktig at vi får tillit og høve til å vise kva vi kan få til.


Håvard (19) meiner politisk språk er så komplisert at det nesten er komisk