Gullbarbie-debatten: «Humor er humor heilt til det kjennest utrygt og sårande»
– Det er eit tomt og billig poeng i å be nokon slutte å sjå på innhald dei ikkje liker, skriv Lena Rydland frå Press – Redd Barna Ungdom.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget har blitt omsett frå bokmål av redaksjonen.
Førre veke vart kandidatane for Gullbarbie lanserte for offentlegheita. Gutta Sprut AS, som er ein av dei tre kandidatane, skapte mykje debatt i media, aller mest blant unge. Eg la merke til Mathias Heien Ræmisch sin kommentar, der han skriv «Viss du ikkje likar det, la vere å sjå på det» som tittel. Det er veldig lett å seie – men det er ikkje like lett å styre algoritmane som finst i sosiale medium.
Poenget med kampanjen vår er å ansvarleggjere aktørar som driv med marknadsføring, men det gjeld også influensarar som skaper umoralsk og til dels upassande innhald. Gutta Sprut AS er i utgangspunktet eit aksjeselskap som har som mål å lage innhald til sosiale medium. Press si grunngiving av nominasjonen er at innhaldet i videoane til Gutta held på utdaterte kjønnsroller og skjønnheitsideal, bidreg til drikkepress, ytrar seg på ein kvinnefiendtleg måte og ytrar homohat.
Eg vil poengtere at Gullbarbie-kandidatane er stemde fram av ungdommane sjølve, og det underbyggjer eigentleg Ræmisch si utsegn om at ungdommar ser forskjellen på tull og alvor. Sidan Gutta er stemt fram av unge, er desse ungdommane klare over at Gutta Sprut AS si verksemd ikkje er innanfor grensene og må gjerast noko med.
Finst andre måtar å spøkje på
FpU-nestleiaren i Bergen har også uttalt seg om at folk burde få lov til å lage det innhaldet dei ønskjer, og at enkelte organisasjonar reagerer på humor som ikkje passar deira syn.
Humor er humor heilt til det kjennest utrygt og sårande for visse grupper i samfunnet vårt. Eg meiner at det finst andre måtar å spøkje på, men å rakke ned på allereie sårbare personar blant befolkninga vår er absolutt ikkje ein av dei, og i tillegg er denne måten å tulle på umoden.
Det handlar heller ikkje om å vere politisk korrekt. Det handlar mest om unge menneskes kjensler, velvære og deira tryggleik i samfunnet.
Algoritmar vi ikkje kan styre
Ein til grunn til at Gullbarbie-kampanjen eksisterer er at aktørar ikkje skal få lov til å tene pengar på barn på nokon måtar, anten det er å oppmode til å kjøpe ulike produkt eller å framheve potensielt skadeleg innhald. Ifølgje Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, er 86 prosent av barn og unge mellom 9 og 18 år på sosiale medium, og blant 9-åringar er det halvparten som er på sosiale plattformer.
På sosiale medium finst det algoritmar, som vi dessverre ikkje kan styre så mykje. Gjennom algoritmar tener innhaldsskaparar som Gutta mykje pengar ved å lage fengjande overskrifter. Mange barn og unge får innhaldet opp på einingane sine, sjølv om dei ikkje ser på liknande innhald frå før.
Tida før tenåra er også veldig relevant for korleis eit barn utviklar seg vidare, og derfor kan innhald som Gutta Sprut AS lagar påverke haldningane og verdiane til ein person, som kan resultere i at fleire tar skade av det. Derfor er det eit tomt og billig poeng i å be nokon slutte å sjå på innhald dei ikkje liker. Det kjem dessverre opp gjennom algoritmar uansett.
Eg meiner at både Ræmisch, men også mange tilskodarar av Gutta, har misforstått poenget med Gullbarbie, og derfor vil eg oppmode alle dykk til å lese dykk opp på Gullbarbie si hensikt.
Det er vanskeleg å styre algoritmar, men vi kan bruke ytringsfridomen vår til å seie frå til dei som tener på akkurat dei. Denne fakkelen skal vi bere på for at samfunnet skal bli så bra som mogleg for alle unge på nett.
Les meiningsinnlegget til Mathias Heien Ræmisch: