Regjeringa foreslår ny abortlov – første gong på nesten 50 år

Regjeringa foreslår å utvide retten til sjølvbestemd abort i Noreg frå veke 12 til veke 18. Det er første gong lova blir foreslått endra sidan 1978.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Abortlova regjeringa no skal leggje framfor Stortinget, inneber fleire endringar, blant dei at retten til sjølvbestemd abort blir utvida med seks veker, til 18 veker ut i svangerskapet.

– Dagens abortlov har spelt ei viktig rolle for kvinner over heile landet i mange tiår, og målet mitt er at også den nye abortlova skal stå seg i lang tid framover, seier helseminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding.

– Kvinners rett til sjølvbestemd abort er ein grunnleggjande verdi i Noreg. Det er oppgåva til fellesskapen å sikre gravide kvinner likeverdig rett til abort og tilgang til trygge abortar, seier han.

Stor belastning

Lovverket i Noreg har til no betydd at ei gravid kvinne må søkje om å få avbrote svangerskapet frå og med veke 13 til og med veke 22, noko som blir behandla av ei nemnd.

Fleire kvinner har uttrykt at det er belastande å la andre avgjere om ho kan få avslutte svangerskapet eller ikkje. Det er hovudgrunnen til at helsedepartementet no fremjar forslag om ei endring.

– Mange kvinner opplever det som ei belastning at det er andre som skal ta denne avgjerda på hennar vegner. Det er grunnen til at vi meiner det er rett å utvide retten til sjølvbestemd abort, seier helseminister Jan Christian Vestre (Ap) på ein pressekonferanse i Marmorhallen.

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre på pressekonferanse i Marmorhallen, der regjeringens forslag til ny abortlov presenteres. Foto: Thomas Fure / NTB

Siste i Skandinavia

Noregs abortlov har ikkje vore endra sidan 1978 då retten til sjølvbestemd abort vart lovfesta. Noreg er det siste landet i Skandinavia som utvidar abortgrensa til 18 veker.

Danmark har vedteke at abortlova deira blir utvida til 18 veker neste sommar. Sverige har tillate det sidan 1974.

– Dette har vore praksis i Sverige i mange tiår allereie, seier Vestre.

I Storbritannia og Nederland er lova endå meir liberal og tillèt sjølvbestemd abort til veke 24 av svangerskapet.

I regjeringsforslaget til ny abortlov blir det også foreslått at fosterreduksjon blir definert som abort, og at gravide kvinner dermed sjølv kan ta stilling til det fram til veke 18 utan innblanding frå nemnd.

Fosterreduksjon vil seie eit inngrep som avbryt svangerskapet for eitt eller fleire foster i eit fleirlingsvangerskap, medan svangerskapet held fram for eitt eller fleire av dei andre fostera.

Sp med dissens

Hurdalsplattforma, som er Sp og Aps regjeringserklæring frå 2021, slår fast at regjeringspartia står fritt til å søkje fleirtal i Stortinget for standpunkta sine om abortlova.

Senterpartiets statsrådar har likevel teke dissens på to punkt i forslaget til ny abortlov. Dei støttar ikkje å utvide retten til sjølvbestemd abort til veke 18, eller forslaget om å sidestille fosterreduksjonar.

– Senterpartiet står bak forslaga til ny nemndordning og andre lovforbetringar, men har etter ei samla vurdering komme til at vi vil behalde dagens 12 vekers grense for rett til sjølvbestemd abort, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Sp støttar dermed regjeringsforslaget om å reformere dagens ordning med abortnemnder, og dessutan å lovfeste kvinners rett til rettleiing og informasjon uavhengig om dei vel å ta abort eller ikkje.

Kjersti Toppe, Senterpartiet, Hordaland | Foto: Stortinget