Kva synest ungdomsorganisasjonane om det nye statsbudsjettet? Dette er svara Framtida fekk då vi spurde dei:

Åshild Slåen, Eirik Dyrøy Lotsberg og Andrea Nøttveit
Publisert

Norsk studentorganisasjon (NSO)

Leiar Kaja Ingdal Hovdenak

Terningkast: 1

Største opptur:

– For å vere heilt ærleg så såg eg veldig nøye etter, men eg må dessverre seie at det er ingen oppturar for studentar i dette budsjettet. Dette er eit trist budsjett for studentar.

Største nedtur:

– Nedturen her er todelt. Vi har ein reell nedgang i studiestøtta. Regjeringa prisjusterer på 2,9 prosent, men prisveksten er spådd til 3,2. Studentar kjem til å få svekt kjøpekraft, og det bekymrar meg utruleg mykje. Dei opnar også for å ta eksamensavgift av studentar som vil betre karakterar. Det er brot på gratisprinsippet. Dette er ei opning til skulepengar i høgare utdanning, og det vi var bekymra for då dei innførte skulepengar for utanlandske studentar.

Foto: NSO
Foto: Norsk Målungdom

Norsk Målungdom

Sebastian Vinsent Natvik, leiar

Terningkast 4

Største opptur:

– Den største oppturen er auka løyvingar til nynorsk teater, og 40 millionar til styrking av norsk og samisk språk i KI. Støtta til Nasjonalbiblioteket er avgjerande for å syte for å gjere språkmodellar tilgjengelege som andre kan bruke til KI-baserte verktøy, som mellom anna ei meir inkluderande taleattkjenning.

Største nedtur:

– Den største nedturen er det jamt over låge nynorskløftet. Leselyststrategien til regjeringa er god, men kjem med få lovnader til korleis born og unge skal få tilgang til meir nynorsk litteratur. SV har mykje dei skal ordne opp i statsbudsjettet, der vi mellom anna treng auka løyvingar til læremiddel.

Press – Redd Barna Ungdom

Leiar Marius Sjølyst

Terningkast: 3

Største opptur:

– Den største oppturen for oss, i eit elles dårleg statsbudsjett, er auken i statleg barnevern.

Største nedtur:

– Den absolutt største nedturen for oss er nedgangen i kvoteflyktningar. Det er ein hån mot alle verdas flyktningar. Dette gjer at barn og unge blir pressa ut på livsfarlege fluktruter gjennom Europa der dei blir utsette for grov vald og overgrep. Dette budsjettet er ingen siger for barn og unge. Barne- og ungdomsorganisasjonar får så vidt noko meir, kvoteflyktningar blir senka til skammelege 200 og det blir ikkje gjeve pengar til omsorgsoverføring av einsleg asylsøkjande barn.

Foto: Press - Redd Barna Ungdom
Foto: Natur og Ungdom

Natur og Ungdom

Leiar Gytis Blaževičius

Terningkast: 1

Største opptur

– Natur og Ungdom finn ingen oppturar i budsjettet og er utruleg misfornøgde.

Største nedtur

– Regjeringa har sett av 100 millionar kroner til oppfølging av naturavtalen. Likevel set dei også av 150 millionar kroner til det som vil bli Noregs største naturinngrep i historia, nemleg gruvedrift på havbotnen. Denne løyvinga er eit skalkeskjul for å finansiere mineralutvinning.

Skeiv Ungdom

Leiar Jane-Victorius Bonsaksen

Terningkast: svak 4-ar

Største opptur:

– Støttegruppa 25. juni har fått øyremerkt eigne middel, noko vi tenker er svært positivt. Det er òg positivt at barnevernet får fleire middel, og vi håpar at ein del av dette vil føre til at skeive born og ungdommar vert betre varetekne i systemet.

Største nedtur:

– Vi saknar middel til skeive born og unge, og tiltak for å betre levevilkåra deira. Det er til dømes ingen middel øyremerkt skeive born og ungdommar, eller transpersonar, i budsjettforslaget til helse- og omsorgsdepartementet. Både psykisk helse- og transhelsefelta brenn. Vi ser det likevel som positivt at det vert innvilga fleire middel, og vi håpar at tiltak kan konkretiserast i budsjettforhandlingane.

Foto: Ingvild Eide Leirfall
Foto: Elevorganisasjonen

Elevorganisasjonen

Leiar Madelen Kloster

Terningkast: 3

Største opptur:

– Den største oppturen er at regjeringa følgjer opp stortingsmeldinga «En mer praktisk skole» med 210 millionar kroner, for å gjere ungdomstrinnet meir praktisk og variert. Dette er på høg tid, då det vil auke motivasjonen og trivnaden til elevane i landet. Når mange tek til orde for fleire skuletimar i dei teoretiske faga som norsk og matte, er det positivt å sjå at regjeringa forstår at praktisk og variert undervising heller er den rette medisinen for umotiverte elevar.

Største nedtur:

– Den største nedturen er at regjeringa ikkje har valt å fullfinansiere utstyrsstipendet. Det mangla berre 24 millionar kroner for å sikre at utstyret for alle elevane i landet ville bli gratis. Det er tragikomisk at den same gjengen som peika på utdanning som nøkkelen til å jamne ut sosiale skilnader, no sit på Løvebakken og ikkje gjer enkle grep for å sikre alle lik rett til utdanning.

Mental Helse Ungdom

Generalsekretær Adrian Lorentsson

Terningkast: 3

Største opptur:

– Det er gledeleg at innsatsen i opptrappingsplanen ser ut til å fokusere på barn og unge, i tillegg til alvorleg psykisk sjuke menneske. Dette er grupper som har eit stort behov for hjelp. Det er bra at regjeringa vil redusere ventetida til psykisk helsevern for barn og unge til 35 dagar. Men, det er berre ein reduksjon på 20 dagar, og Mental Helse Ungdom krev at barn og unge ikkje skal vente meir enn to veker.

Største nedtur:

– Den største nedturen er at psykisk helsefeltet har mykje, mykje større behov i åra framover, og dette budsjettet gjer lite for å endre på det.

Foto: Mental Helse Ungdom
Foto: SNU

Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom (SNU)

Leiar Christiane Eveleine Teigstad

Terningkast: 4

Største opptur:

– Regjeringa og likestillingsdepartementet har det som eit uttalt mål å kjempe for «eit likestilt samfunn for alle uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet». Spesielt bra er det at organisasjonar som jobbar for kjønns- og seksualitetsmangfald fortset å få støtte. Det er eit viktig område, og marginaliserte grupper vil tene på at ein held fram å jobbe med dette.

Største nedtur:

– Vi tenkjer det er ein nedtur at statsbudsjettet ikkje nemner seksualitetsundervising på nokon område. I SNU meiner vi at heilskapleg seksualitetsundervising er eit viktig verkemiddel for mellom anna å nedkjempe seksuell vald. Vi opplever at ungdom vi snakkar med i dag veit veldig godt at samtykke er viktig, men har ikkje fått tilstrekkeleg kompetanse på korleis eit samtykke fungerer i praksis, noko som set dei i fare for å trakke over andre sine grenser.

Changemaker

Leiar Marte Hansen Haugan

Terningkast: 2

Største opptur:

– Den auka støtta til Palestina er ekstremt viktig og noko vi vil trekke fram som ein opptur i dette budsjettet. Den pågåande humanitære katastrofen er enorm, og det vil koste ekstremt mykje å bygge Gaza opp igjen. Dermed kjem dei 130 nye millionane svært godt med.

Største nedtur:

– I statsbudsjettet for 2025 kuttar regjeringa støtta til fred, tryggleik og globalt samarbeid med 6,4 prosent. Dette skjer i ei tid der verda i aukande grad er prega av krig, konflikt og humanitære kriser. Det reagerer vi sterkt på.

Foto: Changemaker
Foto: Sunniva Vik

Kvääninuoret – Kvenungdommen

Nestleiar Henrik Madsen

Terningkast: 1

Største opptur:

– Det er for så vidt positivt at det er ein samanlagd auke i støtte til kvenske formål. Men i det store og heile er det for lite og for treigt. Nok ein gong blir det lagt opp til at det kvenske miljøet må jobbe mykje på dugnad.

Største nedtur

– At det blir lagt opp til kutt i kvensk- og finskopplæringa. Det er spesielt alvorleg at ein ser kutt i språkopplæringa så kort tid etter at Sannings- og forsoningskommisjonen slo fast at det hasta med tiltak og pengar på bordet for å verne om språket.

Spire

Elise Åsnes, leiar

Terningkast: 2

Største opptur:

– Vi er svært skuffa, og måtte leite lenge etter oppturar i dette budsjettforslaget. Vi var veldig bekymra for at det skulle bli kutta ytterlegare i mattryggleik. No løyvde regjeringa heldigvis 230 millionar meir enn førre vedtekne budsjett. Småskala-bønder står i frontlina mot klimaendringane. Vi treng at satsinga til regjeringa på mattryggleik ikkje berre skjer på talarstolen.

Største nedtur:

– Budsjettet er skremmande usolidarisk og grått. Bistandsprosenten vert ikkje nådd, kutta råkar sivilsamfunnet internasjonalt og vi er milevis unna å ta det historiske ansvaret vårt for klimakrisa. Samstundes som regjeringa påstår at dette er eit grønt budsjett, planlegg dei å rasere havbotnen. Dei fråskriv seg òg ansvar for klimakutt heime gjennom kjøp av klimakvotar for alle pengane.

Foto: Spire
Foto: NHFU

Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU)

Ingrid Rakkestad, rådgjevar i politikk og kommunikasjon

Terningkast: 2

Største opptur:

– Det vi ser på som den største oppturen med statsbudsjettet er dei nye 690 millionar kronene som er sett av til å styrke tiltaka for å få folk i jobb. Vi håpar at dette kan bli ein ressurs som bidrar til inkludering i arbeidslivet, og som legg til rette for at personar med funksjonsnedsetjingar skal få delta på lik line som alle andre.

Største nedtur:

– Den største nedturen ved statsbudsjettet er den generelle mangelen på satsing på likestillingsområdet – då spesielt for funksjonshemma. Vi ser ingen reelle tiltak som skal bidra til å skape eit likestilt samfunn uavhengig av funksjonsnedsetjing.

Noereh

2. nestleiar Håvard Valstad

Terningkast: 4

Største opptur:

– Den største oppturen er auke i støtta til samiske formål med 56 millionar! Det er likevel mindre enn vi hadde håpa på, men det kjem godt med. Og at det er føreslått 40 millionar til opptrening og tilgjengeleggjering av norske og samiske språkmodellar.

Største nedtur:

– Den aller største nedturen for det nye statsbudsjettet er kuttet i tilskot til samisk i grunnskuleopplæring på 11 millionar kroner, og ein marginal auke til Sametinget på 3 millionar!