Statsbudsjettet 2025

Vil ha fleire klimakvotar: – Ansvarsfråskriving

Regjeringa meiner det blir vanskeleg å nå utsleppsmåla innan 2030. Klimaorganisasjonane er ikkje imponerte over at dei vil auke klimakvotane til Noreg.

Åshild Slåen
Publisert

– Regjeringa lempar heile ansvaret for klimakrisa over på det globale sør, og snublar heilt på heimebane.

Det seier Elise Åsnes, leiar i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire i ei pressemelding.

Ho meiner klima er nedprioritert i det nye forslaget til statsbudsjett for 2025. Der seier regjeringa at det blir krevjande å nå klimamåla med berre nasjonale kutt, og at ein berre kjem halvvegs til klimamåla innan 2030. Difor planlegg dei å bruke klimakvotar.

Elise Åsnes er leiar i Spire. | Foto: Spire

Kva er ein klimakvote?

Éin klimakvote gjev løyve til å sleppe ut ei viss mengd klimagassar, nemleg eitt tonn CO₂-ekvivalentar. Det er styresmakter som gjev ut klimakvotar, til dømes innanfor EU sitt kvotesystem (EU ETS), der klimakvotane er såkalla EU Allowances (EUA).

Noreg har vore del av det europeiske kvotesystemet sidan 2008, gjennom EØS-avtala. Talet tilgjengelege klimakvotar i det europeiske systemet blir reduserte for kvart år.

Du finn fleire forklaringar på klimaomgrep i denne saka.

Åsnes meiner Noreg ikkje kan gå med hovudet høgt på dei internasjonale møta som kjem i haust med det nye forslaget.

– Dette er ei massiv ansvarsfråskriving, og direkte pinleg.

Gytis Blaževičius er leiar i Natur og Ungdom. | Foto: Ruby Griffin Solheim / Natur og Ungdom

Eit skalkeskjul for mineralutvinning

Natur og Ungdom er også misnøgde med miljøpolitikken til regjeringa, og viser spesielt til at det er sett av 150 millionar kroner til gruvedrift på havbotnen.

– Denne løyvinga er eit skalkeskjul for å finansiere mineralutvinning, ikkje pengar som vil gå til kartlegging av biologisk mangfald og naturen i djuphavet, skriv Gytis Blaževičius, leiar i Natur og Ungdom, i ein e-post til Framtida.

Han saknar pengar til naturvern, i staden for å kjøpe fleire klimakvotar.

– Det einaste vi kan håpe på no, er at SV stansar gruvedrift på havbotnen i forhandlingane, skriv han.

Lenger unna klimamåla no

SV er den venta forhandlingspartnaren til regjeringa, sidan dei ikkje kan få budsjettforslaget gjennom Stortinget utan støtte. Partiet er tydelege på at dei er misnøgde med klimapolitikken i det noverande budsjettet.

– Med dette budsjettforslaget er Noreg lenger unna å nå klimamåla, enn for eitt år sidan, seier SV-leiar Kirsti Bergstø til NRK.