Meiner det er enklare med studiejobb i Danmark: – Kultur for å tilsette folk utan erfaring

Danmark har ei eiga ordning for dei som vil ha relevant jobb ved sidan av studiet. Sofia Gran (21) håpar det kan hjelpe ho å få ein jobb for Google i framtida.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Eg lærte meir på eit halvt år i jobb enn eg gjorde på to år på studiet.

Det seier Sofia Gran når Framtida møter henne ved Botanisk hage i København for å prate om studiejobben hennar. Gran er 21 år, frå Bergen, og ho er straks med ferdig med ein bachelor som programvareingeniør.

Då ho starta som student i København i 2021 arbeidde ho som servitør for å få økonomien til å gå rundt.

No har ho ein jobb i eit konsulentfirma der ho er med på å programmere IT-systemet til den danske domstolen.

– Eg gjekk frå å jobbe opp til 30 timar i veka ved sidan av studiet, som er ganske mykje, til å gå ned til 16 timar, og tene nesten det same. Det er veldig deilig.

Eiga dansk jobbordning for studentar

Gran er ein studentermedhjælper, ei ordning der studentar i Danmark jobbar rundt to arbeidsdagar i veka i ein studierelevant jobb. Ordninga har ikkje noko eigen støtte frå staten, men er ein del av kulturen til danske verksemder.

Ein student kan gjere dei same arbeidsoppgåvene som andre tilsette, med rom for færre timar i eksamenstida og fleire i sommarferien.

Lønna er lågare enn for ferdig utdanna, men ein får sjå korleis studia fungerer i praksis, og får opplæring av kollegaar i oppgåver ein ikkje allereie kan. Mange studium legg også til rette for ein dag i veka utan førelesingar eller seminar, slik at studentane kan jobbe på dagtid utan å miste for mykje undervisning.

– Eg trur det er veldig givande for både studerande og bedrifter å ha folk som jobbar ved sidan av studiet med noko dei faktisk studerer, seier Gran.

Ho fortel at relevante studiejobbar er spesielt ettertrakta i IT-bransjen, og at ho kjenner fleire i Noreg som slit med å oppfylle krava til verksemder.

– Mange søker tre til fem år med jobberfaring, samstundes som du også skal vere nyutdanna. Det er svært vanskeleg å få den jobberfaringa når dei ikkje tilset folk utan erfaring.

Dei fleste studentar må jobbe

I fjor slo Lånekassen fast at 86 prosent av norske heiltidsstudentar som får både støtte og lån også har ein jobb ved sidan av studiet.

Det er vanskeleg å seie kor mange av jobbane som var relevante for studiet, men det er meir utbreidd å ha sommarjobb enn jobb i løpet av studieåret. 70 prosent av studentane jobbar i sommarmånadane, mot rundt 50 prosent i april.

I Danmark er det også svært vanleg for studentar å jobbe. I ei undersøking frå 2022 som den akademiske fagforeininga DM sende ut til studentmedlemane sine, seier rundt 75 prosent at dei har eit eller anna lønna arbeid.

44 prosent seier dei er i ein relevant studiejobb. Med andre ord får fleirtalet av dei i jobb relevant erfaring medan dei studerer.

Mindre press på sommarjobbar

Bjørnar Jåtten (24) er ein annan norsk student som har funne seg ein relevant jobb i København. Han trur det store presset på sommarjobbar i Noreg gjer det vanskelegare for studentar å få relevant arbeidserfaring.

– Eg har veldig mange venar som studerer på NTNU, og det er jo eit kjempesirkus å få ein sommarjobb eller eit internship ein plass du gjerne vil vere.

Det seier han når Framtida møter han i parken ved Rosenborg i den danske hovudstaden.

Han er nettopp ferdig med ein mastergrad i Computer Science. Då han først kom til København jobba han litt frilans med å omsetje danske reklamar til norsk.

Sidan då har han hatt tre jobbar som studentermedhjælper medan han har studert. Ein innan politikk, sidan han har bakgrunn som leiar i Stavanger AUF, og to for IT-konsulentfirma. Den siste jobben har vore for eit firma som utviklar programvare for forsikringsbransjen.

– Du får kanskje ikkje dei beste studiejobbane, men du får studiejobb ein eller annan stad viss du vil.

Jåtten presiserer at det er veldig stort behov for IT-kunnskap, men at den gode jobbsituasjonen for studentar i Danmark ikkje er avgrensa til dei som kan programmere. Han kjenner fleire som studerer statsvitskap i byen.

– Dei har alle saman ein studiejobb i eit ministeri, departement, eller liknande.

NSO er skeptisk

– At fleire studentar må jobbe ved sidan av studia er eit symptom på ei altfor låg studiestøtte.

Det skriv Kaja Ingdal Hovdenak, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), på e-post til Framtida.

Ho er skeptisk til å innføre noko liknande her i landet.

Kaja Hovdenak er leiar i Norsk studentorganisasjon. | Foto: NSO

– Vi er bekymra for at ei tilsvarande ordning i Noreg kan føre til at vi studentar får mindre tryggleik i arbeidslivet, og sørge for at det blir lagt eit endå større press på at studentane skal jobbe meir som ein naturleg del av studietilværet.

Hovdenak er likevel med på at det burde vere betre koplingar mellom arbeidsliv og studium, så lenge det ikkje set studentar i ein dårleg situasjon. Ho viser til at norske studentar generelt er lite nøgde med kor relevant studia er for arbeidslivet.

– Det er viktig at institusjonane legg til rette for at vi kan tileigne oss den relevante erfaringa, om det er med deltidsjobbar, betre kontakt med arbeidslivet eller gjennom faga.

Men ho vil ikkje ha jobbprogram som løysinga til studentøkonomien, der meiner ho det er studiestøtta som må endrast.

Nøkkelen til arbeidslivet

Både Jåtten og Gran meiner det burde eksistere ei liknande ordning i Noreg.

Eg trur det å få ein kultur for å tilsette folk utan erfaring er så sjukt viktig, seier Gran.

I august jobbar ho fulltid i jobben sin, før ho startar på mastergraden. Ho meiner erfaringa kjem til å vere veldig verdifull når ho er ferdig med å studere, og har store draumar vidare.

– Eg er veldig ambisiøs av meg, og har lyst til å søke jobb hjå Google eller eitt av dei store tech-selskapa.

For Bjørnar Jåtten var studiejobben nøkkelen vidare etter mastergraden.

Han erfarte at fleire har spurt om jobbane han har hatt enn karakterane, og hadde jobbtilbodet klart allereie i juni.

– No har eg faktisk signert med studiejobben min. Eg intervjua rundt, men det var dei som kom med det beste tilbodet.


Les meir frå prosjektet «Framtidas arbeidsliv»: