Rasisme i arbeidslivet: – Unge er ekstra utsette

– Rasisme er ein helserisiko og skal behandlast som all anna risiko, understrekar jurist.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Unge er ekstra utsette, og for dei som er i sin første sommarjobb kan det vera eit sjokkarta møte med norsk arbeidsliv, seier dagleg leiar og jurist i Egalia, Astrid Kristensen Haldorsen, på telefon til Framtida.no.

I sommar fortalde bioingeniørstudent Nawisa Falahzadeh (20) til Framtida.no at ho hadde vorte utsett for rasisme i sommarjobben, noko som opprørte både arbeidsgjevar, studiestaden og fagforeininga hennar.

Rettleiar mot rasisme

Tidlegare i år lanserte Likestillingssenteret KUN ein rasismerettleiar i samarbeid med Egalia senter mot diskrimineringOrganisasjon mot offentlig diskriminering (OMOD) og Norsk Folkehjelp. Prosjektet er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Rettleiaren forklarar at rasisme kan koma til uttrykk i korleis folk tenkjer, snakkar og behandlar deg, og definerer rasisme som «når folk gjev deg negative karaktertrekk på grunn av din, eller det dei trur om din, etnisitet, hudfarge, kulturelle- eller religiøse opphav.»

Rasisme kan koma til uttrykk ved direkte kommentarar, mobbing, fysisk vald, eller indirekte, ved at ein vert forbigått eller behandla ulikt i profesjonelle eller sosiale samanhengar.

Rasisme kan i mange tilfelle vera vondt og vanskeleg å handtera.

Lite forsking

Haldorsen forklarar at det er vanskeleg å seia kor omfattande problem det er med rasisme i norsk arbeidsliv.

– Me har skuffande lite forsking på det, men der det har vore undersøkt veit me at rasisme er ganske utbreidd.

Juristen skulle i kjølvatnet av #metoo gjerne ha sett at det vart eit større fokus òg på rasisme. Ho forklarar at unge er ekstra utsette for både rasisme og anna ugrei oppførsel på arbeidsplassen.

– Har du ein anna etnisitet, er ung og jente, så er du meir utsett for trakassering.

Ein stor del av rasismen på arbeidsplassen kjem frå kollegaar, ikkje brukarar, pasientar eller gjester.

Gründer, dagleg leiar og jurist i Egalia, Astrid Kristensen Haldorsen. | Foto: Egalia

LOs sommarpatrulje

Sindre Hornnes, ungdomsrådgjevar i LO, understrekar at det er arbeidsgjevar sitt ansvar å sørga for at dei tilsette har det bra på jobb, og ikkje opplever rasisme eller mobbing.

– Vi veit at det skjer, uheldigvis. Då handlar det om korleis ein handterer det når det skjer.

Han understrekar at det er viktig at arbeidsgjevar slår ned på rasistisk oppførsel, anten det kjem frå kundar, kollegaer eller andre leiarar. Dessutan har verneombodet på arbeidsplassen ansvar for både fysisk tryggleik og det psykososiale arbeidsmiljøet.

– Dersom ein opplever noko slikt, og ikkje vil gå til arbeidsgjevar åleine, kan ein gå til den tillitsvalde på arbeidsplassen. Tillitsvald kan bli med i møte med sjefen, eller ta ting opp på vegner av tilsette på eit systemnivå, tilrår han.

– Dersom nokon opplever rasisme på arbeidsplassen, er det rett og slett ikkje triveleg for nokon.

Vern i lova

Vert du utsett for rasisme på arbeidsplassen har du same vern som ved til dømes mobbing eller seksuell trakassering.

– Rasisme er ein helserisiko og skal behandlast som all anna risiko. Arbeidsgjevar pliktar å undersøka kor det er risiko og setja inn tiltak. Det kan vera i forkant, til dømes kan ein vera to personar på ein pasient. Arbeidsplassen skal ha planar og dei skal vera kjende for alle tilsette. Rasisme skal takast på alvor i leiinga, forklarar Haldorsen.

Ho fortel at nokre arbeidsplassar har teke tydeleg grep, men ho har inntrykk av at dette er unntaket heller enn regelen.

«Det skjer ikkje hjå oss»

– Eg har ikkje forsking som seier at sånn er det, men eg har ei antaking om at rasisme kan opplevast som verre i Noreg enn i andre land, fordi me meiner at me er likestilte og at rasisme ikkje skjer her. Vi gjer lite med rasismen, fordi me tenkjer at «det skjer ikkje hjå oss».

Haldorsen forklarar at det kan vera vanskeleg å seia til ein kollega at «det var rasistisk».

– Det gjer at ein gjerne bortforklarar ting. Det kan samanliknast med å oppleva vald, der ein òg ofte bortforklarar. Ein vil ofte ikkje setja seg i ei offerrolle, difor bortforklarar ein, eller ein vil ikkje vera så nærtakande, og tenkjer at dette er noko du berre bør tola, seier Haldorsen.

Ho forklarar at assosiasjonane til ordet rasisme kan gjera det ekstra vanskeleg å kalla noko rasisme.

– Ein vil ikkje bli skulda for å vera ein rasist, seier Haldorsen, som forklarar at mange då vil gå i forsvar, framfor dialog.